Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (113)
- Backcountry skiing (80)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (429)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Rask tur til Rennevassnutan
- Date:
- 24.07.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 6.7km
Hadde tid til ein rask tur før eg møtte ei venninne i Svartdal. Men det tok litt tid frå hovudvegen opp forbi Oppsal-grenda og så langt eg kunne køyre, og dermed måtte eg gå raskt, og eg rakk ikkje bortom Rennevassvarden. Men det blir fint ned ein tur til i dette terrenget, for det var heilt etter min smak!
Gjekk først opp grusveien til Oppsaldamtjønn. Der det var slutt på vegen stod det ei postkasse der ein kunne kjøpe fiskekort. Eg gjekk stigen til venstre over haugen og ned forbi ei hytte og bort til Rennevasstaulen. Derifrå gjekk eg noko stig før eg busha opp til den første toppen. Følgde ryggen av den bort til stigen som gjekk bortunder den midtre og høgaste toppen. Den gjekk eg opp på frå nordsida. Brukte knappe timen opp. Eg var der vel i fem minunuttar, før eg gjekk >>>
Jønneberghøgda
- Date:
- 21.07.2026
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:26h
- Distance:
- 6.7km
Etter å ha køyrd Tom til Bø stasjon og toget, stoppe eg i Øvre Bø for å krysse av ein liten Telemarkstopp. Det var 28 varmegrader og eg var ikkje akkurat kledd for bushing, så eg gjekk vegen opp til Jønneberg, busha opp til toppen og jogga/gjekk nedatt. 6,7 km, 266 hm, 1 time og 25 minutt. Gjekk aleine.
Skorve på langs
- Date:
- 20.07.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 10:30h
- Distance:
- 20.2km
Eg hadde fått med meg nokre hyttenaboar på ein tur over Skorve som dei aldri hadde gått før, og mannen min hadde tilbudt seg å hente oss i Seljord. Så vi starta frå hytta kl 1000, køyrde ned til bommen på Millionvegen ovafor Manarosdammen. Derifrå gjekk vi vegen bort til der vegen til Stav tar av. Den følgde vi opp til Nedre Stav, Kvislin og Øvre Stav. Så var det inn på stig som vi følgde til Damtjønn der vi tok ein liten pause. Vidare opp til Bøkretjønn og Brudgomskardet. Vi gjekk ikkje opp til trigpunktet på Hestenutan, men tok heller av bort til flyvraket der vi åt nistemat. Vi hadde brukt 3,5 time opp hit i svært roleg tempo. (Tempoet var vilkåret for å få meg med desse andre.) Frå flyvraket gjekk vi ned i dalen mellom Hestenutan og Nordnibba, vi kryssa dalen på >>>
Rust i varmen
- Date:
- 16.07.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:17h
- Distance:
- 6.0km
Køyrde til Valedammen og gjekk jamnt men roleg oppover. Varmt i bakkane oppover, men fin lufting då eg kom over tregrensa. Sat bitt på toppen, og gjekk ned same vegen. Stoppa hos Olav på Skor og fekk litt kaldt vatn. Deilig!
6 km, 468 hm, 2 timar og 20 min inkludert pausen på Skor. Brukte 58 minutt opp, det er 14 minutt saktare enn rekorden min. Trur ikkje eg kunne har gått så veldig mykje raskare i varmen. Gjekk aleine.
Med kajakk til Hovden
- Date:
- 15.07.2026
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:26h
- Distance:
- 3.6km
Vi køyrde til Varland, der sette vi ut kajakkane på blikkstille fløyelsvatn og padla over til Hovden. Biltermometeret viste 26 grader. Tom fiska litt vidare, medan eg eg gjekk opp på øytoppen, og så møttes vi på turisthytta til kvar vår solo og bolle. Var innom kyrkja og kyrkjegarden før vi padla tilbake. Då var det litt meir lufting og overflata var ikkje like blank.
Fotturen var på 3,6 km, 112 hm og tok 1 time og 24 minutt inkluder god pause på verandaen til turisthytta.
Hesttjennknuten
- Date:
- 07.07.2026
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 5.7km
Aleine på hytta i ok vær, men ikkje varmt badevær. Så tok ein tur til Kil i Sannidal og gjekk turen frå Torsdal til Hestkjennknuten. Grei stig heile vegen, sjølv om knebukser og bare legger kanskje ikkje var heilt ideelt med tanke på flåtten. Gjekk over beina fleire gonger, og har ikkje funne nokre småkryp - enno! Fin topp med utsyn, litt merkeleg byggverk, eit tårn med takterrasse! Tjønna under toppen var nydeleg, nøkkeroser og berg freista litt til bad, men det blei ikkje noko denne gongen. I staden køyrde eg ei lita utflukt til Sannidal kyrkje der eg har forfedre på kyrkjegarden og med anna tilknyting til kyrkja. Fin tur. 5,7 km, 203 hm, 1,5 time på tur. Gjekk aleine.
Vasstrandfjellet
- Date:
- 16.06.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:45h
- Distance:
- 9.2km
Etter ¨ha overnatta i hytta til Hanna på Mørkeset, skilde Anne og eg lag, eg drog vegen inn til Vasstranda, medan ho drog vidare til Vanylven for å gå Blæja som eg hadde tatt unna i fjor. Ho hadde alt vore på Vasstrandfjellet. Det var fint vær, passe varmt å gå, og turen var akkurat passe lang med tanke på at eg hadde ein lang køyretur framfor meg.
Eg gjekk opp den lange grusvegen mot Langevatnet, og tok så stigen til venstre opp mot Hesteskarvatnet der stigen går på høgre sida. Gjekk til varden og dermed over toppunktet som ligg rett framfor. Såg eit par heilo på nært hald. Medan eg åt nista, kom det ein sprek lokal turgåar opp til toppen, og han hadde nok dette som fast treningstur. Hyggjeleg kar.
9,2 km, 578 hm, 2 timar og 45 minutt. Gjekk aleine, og køyrde heim til Oslo >>>
Frostadtinden som aperitiff
- Date:
- 14.06.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:53h
- Distance:
- 8.3km
Køyrde frå Ørsta etter hotellfrukost. Etter ferge og lading og etter å ha proviantert litt på ein bensinstasjon, køyrde eg til Engset og tok Storsætervegen så langt eg kom, 50 kr i bompengar var ei fin investering i høgdemeter. Frå parkeringa nedafor Høgsetra, gjekk det grusveg oppover i ca 1,5-2 km før stigen tok av opp mot fjellet til høgre. Eg har hangla ein månad og var spent på forma. Så eg gjekk litt på for å teste litt, og det var ei stor lette at kroppen fungerte. Kom greitt opp til den store flotte varden, men skjønte straks at toppen låg på neste høgdepunkt. Så då var det berre å følgje eggen bortover. Det var skodde i høgda då eg starta, men den forsvann, så fekk veldig flott utsyn. Eg såg bort på Skjerdingan, og bestemte meg for å prøve meg på den >>>
Blåskjerdingen i skodde
- Date:
- 14.06.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:04h
- Distance:
- 9.0km
Etter å ha gått Frostadtinden om føremiddagen og sett over på Blåskjerdingen, såg det ut som om skylaget på toppen av fjellet forsvann, så eg tok sjansen og køyrde rundt og inn dalen frå Vatne. Fann greitt parkeringa etter Kroksetra, og gjekk merka stig oppover. Det var ettermiddag no, og eg møtte tilsaman seks personar fordelte på fire turfølge på veg nedover. Alle kunne fortelje om skodde på toppen. Eg følgde stig og etter kvart vardar oppgjennom ura, og frå ca 650 meter var det berre ur. Veldig kjekt med vardane! Kom opp til topplatået i tett skodde. Medan eg stod og såg på dei to steinene med hol gjennom, kom det brått to karar på meg bakfrå. Det var ein gut i tenåra som vitja lokalkjent onkel. Vi gjekk saman bort til den store flotte varden. Men onkelen var ikkje >>>