Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Morgontur til Kongsfjellet

Date:
31.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:48h
Distance:
3.3km

Tok ferga frå Fitjar til Husvik, fann ut at eg ville rekkje øytoppen på Selbjørn i tillegg til kommunetoppen. Køyrde deretter til Bekkjarvik kyrkje og tog vegen bratt opp til høgre. Der parkerte eg ved Fus Maritime barnehage (!), og gjekk vegen opp til det sherpatrapper starta. Sol med nokre regndrypp innimellom, noko som gav flott lys og regnboge. Første gong eg har sett at sherpaene har signert trinna sine. 3.26 km, 172 hm, gjekk på 49 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Loddo

Date:
31.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:38h
Distance:
8.9km

Skammar meg over forarbeid og manglande orienteringssans på denne turen. Fann parkeringa greitt, skulle berre mangle sidan den var merkt med Loddo. Det starta å ausregne i det eg parkerte, så skifta til regnbukse, før eg gjekk av garde på noko som skulle bli ein lett, rask tur, hadde eg tenkt. Gjekk grusveg opp til der det stod eit skilt til Veten, og sidan ingen av dei andre skilta sa Loddo, og sidan eg trudde at eg hadde lese at Veten var eit anna namn på Loddo, tok eg av til høgre. Gps’en oppførte seg rart, tykte eg, men slutta at den ikkje verka (! Kor dum kan ein bli!). Og så følgde og følgde eg raudmerkt stig, til eg til slutt måtte spørje meg sjølv om eg ikkje gjekk i motsett retning? Då var eg på Vardfjellet, sa gps’en, og eg måtte snu hovudet 180 grader. I staden >>>

Map     2 comments

Mehammarsåto og Fitjarhesten i vind

Date:
30.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:15h
Distance:
17.5km

Etter å ha fått gode råd frå vertinna på Fitjar fjordhotell, køyrde eg til Olstjørni der det er utbygd eit vindmøllefelt, og der det som følge av det no er fine smale grusvegar med belysning (!) til alle dei 20+ vindmøllene. Vertinna sa at utbygginga ikkje hadde vore kontroversiell, og at som positivt biprodukt var no fjellet mykje meir tilgjengeleg enn før. Det var mange bilar parkerte der oppe og dessutan eit mikrobakeri som selde fersk gjærbakst kvar laurdag. Eg følgde veg i eit par kilometer forbi Kinnavatnet og Midtvatnet. Der Svartavatnet starta, måtte eg over på stig. Stigen var godt merkt med raude pinner og vardar og skilt, og orienteringa var følgeleg ikkje noko problem i dag. Men med nedbørsrekord i oktober var terrenget og stigen kjempevåt, og det var litt slitsamt >>>

Map    

Lang køyretur for lite

Date:
29.10.2021
Duration:
0:19h
Distance:
1.1km

Etter jobb i Bergen i tre dagar, plukka eg opp leigebil på Flesland og køyrde den lange vegen ut til Øygarden, der eg brukte knappe 20 minutt på turen opp til Blomøyknuten. Det har regna jamnt i Bergen denne veka, så kjende meg heldig med oppholdsvær, utsikt og ganske mildt, men kraftig vind. Ny lang køyretur til Stord for å prøve meg på ein litt meir ordentleg tur i morgon. 19 minutt og 30 sekund, 71 hm, 1,13 km. Gjekk aleine.

Map     5 comments

Kveldstur til Storefjell på Håøya

Date:
17.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
2:43h
Distance:
10.6km

Etter besøk på Stathelle, fekk eg følgje av kusine Kari og vi drog i retning Langangen for å gå til høgaste punktet på Håøya, Storefjell. Vi starta litt for seint (kl 1630), og vi hadde ikkje gjort forarbeidet vårt ordentleg, så vi rota oss opp ein bratt skrent frå Mørjefjorden, der det kunne sjå ut som om det gjekk stig langs strand bort til Vrangsund; det gjorde det ikkje. Følgen var at vi måtte klore oss opp til steinbrotvegane, så leite etter stigar og farbare vegar i verkeleg bratt og ulendt terreng. Men då vi kom til sundet, var alt fint. Merkt stig til toppen, låg sol, klart og kaldt oktobervær. Då vi kom på toppen, var sola gått ned, men månen var komen opp, og utsikten mot Helgeroa og horisonten var flott. Vi greidde oss eit lite stykke utan hjelpelys, men så >>>

Map    

Rust i oktober

Date:
09.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
6.5km

Gjekk frå Dammen, opp Kåbakkan til Rust i svært roleg tempo. Stille utan vind og god temperatur. Fine fargar. Rasta på toppen, gjekk bortom Dammen ved Bjønnurdveggen, så Dritarkleiv ned. 6,5 km, 3,5 time brutto, 504 hm. Tom og Kristin var med.

Map     4 comments