Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fylkestopp nr 4

Date:
30.07.2011

Laurdag 30. juli skulle broren min med familie og gjester dra heim frå Langlim, og Tom og eg og hunden blei med. EG hadde strengt tatt ikkje vore på toppen før, berre snudd ved tårnet pga høgdeskrekk. Så dette skulle no gjerast ordentleg. Tom og eg starta 10 minutt før dei andre, men blei inngått av Erling rett før toppen. Vi brukte 1 time og 22 minutt opp, han brukte 1 time og 11 minutt. Litt luftig og ekkelt bortover med ein gong, men blei litt sikrare etter kvart, og tilbake gjekk eg meir oppreist .Hunden gav opp halvvegs bort til toppen. Det kom nokre toreskrell då vi var på toppen. Litt skummelt, så vi hasta tilbake. Vaffel på hytta før vi snudde heimover. Fire av oss heldt fram til Gaustaråen. Erling, Anniken, Kari, Frida, Knut, Andreas, Tom og Uncas var med. Til Gaustaråen >>>

Map    

Yndlingsfjellet kanskje?

Date:
28.07.2011

Ei sein julihelg på hytta i Langlim sommaren for to år sidan. Gjekk med Tom og kamerat Finn og hund frå Bjåen. Følgde vegen til Sandsetvatnet og så tvers over dei store myrene til Grotvatni. Sol og vakkert vær, men myrene var våte nok! Sjølve toppen var tørr og fin, og vi gjekk lett i lyng oppover. Flotte heller overalt, og vi endte med å bere med oss to heller heim til hytta. Lange armar mot slutten. Toppen er vakker og heilt rosa, og då vi sat og åt nista der opp flaug ein kongeørn opp og låg på vengene over oss - magisk! Skal prøve å gå denne på nytt i sommar - berre ein knapp time å køyre frå hytta - slik at det berre er å plukke den ideelle dagen.###### torsdag 28.7 2011 gjekk eg på nytt til Brattefjell. Denne gongen starta eg frå Sudbø, og kom altså opp på >>>

Map    

Porsgrunnstopp med foreldre

Date:
26.07.2011

Hørsfjell dagen før, men fekk likevel med meg foreldra mine på ny topptur til Posgrunn. Køyrde til Flogstadtjenna og følgde godt merkt stig heilt til topps. Ganske vått etter mykje nedbør dei siste vekene. Møtte folk både opp og ned, og då vi sjekka boka på toppen, såg vi at dette er ein "komkurransetopp". Bilete av alle dei som hadde minst 50 turar på toppen pr år, og ein i boka hadde vore der 220 gonger i 2011 allerie (pr juli!). Vi møtte ein med 110 og ein med 92 turar så langt dette året....Håper verkeleg dei får med seg andre toppar også! Men rett skal vere rett - fin topp, flott utsyn og vakre berg. Såg Jomfruland og Stråholmen langt der ute. Vi brukte lang tid, men seniorane var godt nøgde med å ha greidd turen.

Map    

Første gong på heimekommunens høgaste

Date:
25.07.2011

Eg er bambling, og sjølv om eg ikkje har budd i kommunen på¨31 år, var det for ille å ikkje ha vore på Hørsfjell. Så måndag 25.7 køyrde eg frå hytta i Seljord, tok med meg foreldra mine (78 år) og gjekk til Hørsfjell. Det blei ein litt kronglute tur. Vi følgde den merka turløypa opp langs elva etter å ha gått frå gårdstunet til Bamble. Men etter store nedbørsmengder var det svært vanskeleg å krysse bekkene, og den litt urete stien var forvandla til ein bekk med sleipe glatte steinar. Dei gamle strevde litt. Oppe ved Svarttjenn, måtte vi krysse bekken/elva, men det let seg vanskeleg gjere på grunn av vassmengdene, i alle fall for nokon på nesten 80, så vi gjekk rundt tjenna. Det var hengemyrar, og bekkar som måtte forserast og bratte ufser før vi kom inn på Svarttjennvegen >>>

Map    

Trist dag i trist vêr

Date:
23.07.2011
Map    

Flott topp - men vanvittig med insekt!

Date:
17.07.2011

Heimdalhaugen var uventa bonus på veg sørover frå Helgeland. Med Espen som kjentmann køyrde vi 15.7.2011 frå Namsos til Harran og vidare til Solemsmoen. Der gjekk vi dei lange myrane austover i etasjar oppover før vi runda over høgda og gjekk nordaustover til vi møtte bekken i skardet, derifrå rett mot toppen og opp på dei grøne grasstrekka nord for bekken. Berre ei lita snøfonn å gå over, og vi greidde stort sett å unngå svaberga. Toppen var flott i godværet. MEN: eg har aldri gått i så store svermar av klegg, brems og blindingar: Lærde meg samnemninga på desse blodsugarane: "åt". Kvar gong vi stansa var dei overalt, og medan ein gjekk var dei der ein og ein heile tida. Ikkje før vi byrja å klatre, letta det pga lett vind. Heimover var det litt betre, men >>>

Map    

Kveldstur med havørn

Date:
11.07.2011
Map    

Den høgaste søstra

Date:
09.07.2011
Map    

Første tur i samleprosjektet

Date:
04.07.2011

Etter å ha gått frå Leirbotnet oppom Okstinden til Kjennvasshytta på sundag 3. juli, var det med tunge bein vi drog av garde til Oksskolten måndag 4. juli. Starta ikkje før kl 1245, fint vær som etter kvart blei gråare, og sjølve toppen låg i ei sky. Vi hadde sett over mot toppen frå Okstinden dagen før, og var litt leie for at vi gjekk glipp av utsynet andre vegen. Vi kryssa Okstindbreen med stegjern lånt av Svein Arne i Hemnes turistforening.. Dei kom godt med, sjølv om breen var våt og kornete og ikkje så glatt. Vi møtte ingen folk på desse to turane, men såg ryper og ein røyskatt. Kjennvasshytta var kjempefin, og vel heime frå Oksskolten, var Per Jomar og Elsa frå turistforeninga komne til hytta og hadde fyrt opp badstua. Så vi gjekk i varm badstu klokka 2300! Møre >>>

Map