Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Damtjønnuten

Date:
26.07.2013
Map    

Varmaste sommardagen?

Date:
21.07.2013

Vi starta frå hytta og køyrde sudover ned langs Nisser og til Treungen og vidare mot Åmli. Tok av mot Gjøvdal og køyrde til det vesle skulehuset/bedehuset? etter Såheim. Biltermometeret viste 30 grader då vi starta sykkelturen. Sykla til der stigen tok av mot Grunnetjønnsbu. Følgde raudmerkt stig opp til stor myr, tok der opp til venstre og trefte eit bratt skard med tett granskog. greitt å gå til venstre for bekken. Då vi kom opp og kom over myrene slik at vi såg vatnet framfor oss, blei vi overraska for vi hadde lese kartet feil, og trudde vi hadde gått eit skard lengre nordaust. Men det var jo ikkje vanskeleg å ta seg inn att, så vi gjekk oppover så lenge det gjekk heilt til vi kom til varden på toppen. Nydeleg topp, godt med matpause og drikke. Bading i tjønna rett under >>>

Map    

54 år og første gong på nasjonstoppen - på tide!

Date:
11.07.2013

Fullkomen dag. Vindstille, ikkje ei sky på himmelen. Lang kø gjennom bommen ved Raubergstulen. Men vi rakk avmarsj klokka 1000 frå Juvvasshytta.. Mange taulag på ein så perfekt dag. Vi var fem som gjekk saman. Hyggjeleg rast på toppen som var som eit fuglefjell - tett av folk. Grei tur ned att. Eigenleg overraskande lite strevsam tur dette. Mykje venting pga organiseringa med taulaga. Kathrine, Dagfinn, Johannes og Tom var med. Vi heldt fram til Gjendesheim, og etter overnatting hadde vi ein utruleg fin tur frå Memurubu over Besseggen i dag. To draumedagar - med to klassiske norske turar som vi burde ha tatt for fleire tiår sidan.

Map