Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Raudsinuten tredje påskedag

Date:
07.04.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:30h
Distance:
35.0km

EiT par ekstra dagar på hytta etter påske fordi vermeldinga og skiforholda var så perfekte. Gjekk frå hytta på isen på Leitestjønn, Gjevar, Breivatn og Trovatn. Gjekk opp til Buin og vidare opp til Roet og Gjeslemo. Så inn Maurtjønndalen og opp på austsida av Raudsinutan. Valde den midtre toppen og gjekk opp og ned etter rast under nutane. Same vegen ned til Roer, deretter Stavatjønn, Breivasslii og heim. 35 km, 6 t og 40 minutt, 626 hm. Gjekk aleine.

Map    

Bikkjenuten

Date:
31.03.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:00h
Distance:
30.0km

Map    

Påsketur til Rust

Date:
29.03.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:54h
Distance:
21.2km

Map    

Klemsbu i whiteout

Date:
21.03.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:09h
Distance:
14.5km

Gjekk til Klemsbu i whiteout. Såg ein pinne av gangen. Overfylt inne, men deilig med vaffel og toddy. Så ned igjen i same kvite forhold. Nede på isen igjen hadde det lysna igjen, og Anne og eg gjekk nokre idiotkilometer på vatnet. 14,5 km, 467 hm, 4 timar og 11 minutt. Knut, Anne og Erich var med.

Map    

Jøkelhytta igjen

Date:
20.03.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:09h
Distance:
16.6km

Kom med toget frå aust kl 1234, og var på ski kl 1330. Det var flott sol og varmt, men idet vi gjekk inn i skuggen ved Appelsinhytta kom det kaldere vind frå breen. Det var berre å kle på seg, og siste bratte strekket bles det hardt med snø som rauk av underlaget. Sju av åtte kom heilt opp. Vi spiste og drakk inne i hytta og starta på nedturen. Nokre tok av seg skia, og alle kom seg vel heim. 16,6 km, 667 hm, var borte i 4 timar og 11 minutt. Tom, Knut, Svein, Erich, Anne S og Anne H var med.

Map