Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Folgefonna på langs, andre dag

Date:
27.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:00h
Distance:
32.0km

Heilt utruleg dag. Opp kl 0600 på Holmaskjer etter minimalt med svevn, men til ein underskjønn dag. Sola stod rett over Hårteigen, og sikten var super. Vi delte oss i dag. Tom tok følge med gruppa som skulle gå til Fonnabu og så til Sunndal, vi tre andre + guide drog oppom begge kommunetoppane og gjekk så vidare ut breen, så mykje opp og ned og i krokar før vi kom til ryggen som heiter Volrusta. 2/3 i veg der hadde vi vel gått 27 km, og då måtte vi av med skia. Ned frå Volrusta, ut på høgre side av vatnet og så ned den stupbratte urda ved sida av fossen. Og vidare nedover til vi omsider var nede på grusvegen. Der stod heldigvis Tom og venta på oss i bil, og med berepose med brus og øl! Fabelaktig varm dag utan skyer. Skidelen gjekk veldig lett, gådelen var veldig slitsam. >>>

Map    

Folgefonna på langs, første dag

Date:
26.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:00h
Distance:
20.4km

Overnatta på Jondal gjestegard etter at vi hadde blitt henta i Rosendal av Folgefonni breførarlag og køyrd i taxi til Jondal. 0800 blei vi køyrd til skiheisen på sommarskisenteret, tett tåke var det der, men vi tok no heisen opp, og manøvrerte i blinde til vi fann toppunktet på Nordfonna. Det klarna heldigvis opp før den bratte nedfarten til Kvitnadalsvatnet, og der rasta vi i flott sol saman med guiden vår og eit turlag til med sin eigen guide. Så i roleg tempo vidare til Holmaskjer der vi overnatta. 20 km, dryge 900 hm. Tom, Eirik, Anne og guiden Mikael var med.

Map    

Over Hardangerjøkulen igjen

Date:
07.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:42h
Distance:
24.0km
Map    

Hallingskarvet på langs, utan Folarskardnuten

Date:
06.05.2017
Duration:
9:00h
Distance:
36.0km
Map    

Låghellerhøgdene

Date:
05.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
30.0km

Gjekk frå Finse etter å ha kome opp med morgontoget. Gjekk på skinski, berre i trøye og utan lue. Vel framme ved Grjotrusthytta. Der var det 17 unge menn som heldt til i den verneverdige vaktarbustaden, og eg fekk nyte solveggen deira medan eg åt matpakka. Så gjekk eg opp på Vestre Låghellerhøgdene, og drakk te og åt sjokolade på toppen. Fin tur tilbake. Varmt! 30 km. Gjekk aleine.

Map