Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Andre gong på Mælefjell

Date:
25.03.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.5km

Med vermelding som tilsa oppklarning, starta vi i overskya gråver frå Natadal ca kl 1015. Torunn og Svein hadde køyrt frå Skien, medan eg kom frå hytta i Langlim. Først lang gåtur der vi bar skia, så fellar på etter Juvet der vegen ikkje var brøytt. Stykket opp til Mælestaul var lengre enn eg hugsa i fjor, men med fellar gjekk det greitt. Så opp Tjønnskardet. Vi følgde skutersporet litt langt ut mot høgre - det ligg ei hytte der ute - men tok oss inn att og kom inn i skaret omtrent ved tregrensa. Det klabba i fellane for oss alle tre, måtte stoppe å skrape. Vel oppe såg vi ned på det to Russtjønnane, heldt til venstre (aust) og fann ein lun rasteplass. Enno ikkje oppklarning, men heller ikkje vind. Den kom seinare! Så opp Rupedalen og vidare opp- og innover til dei to vatna >>>

Map    

Namnlaus topp i Stavsfjøll

Date:
23.03.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
21.0km

For første gong gjekk eg på ski i Stavsfjøll. I går hadde vi vel rett og slett ein optimal påskedag. Nattefrost og skare, ikkje ei sky og vindstille. Eg fekk dessverre ingen med meg i går, men fekk nyte dagen aleine. Gjekk frå grendehuset i Øyfjell og følgde køyrd løypetrasé heilt til Stavsvatn. Møtte ikkje ein sjel før eg kom dit. Eg gjekk stort sett på sida av traseen, for den var så steinhard at klisteret beit dårleg, men i skaren gjekk det flott. Ved Stavsvatn på 1050 m og med fjell over 1200 rundt på alle kantar, var det rett og slett klisjepåske. Det var folk og skuterar på dei tre hyttene og noko aktivitet med å førebu for grendelåmi som går i dag. Låmi går frå Rauland til Øyfjell over Stavsvatn (eller omvendt?) kvar skjertorsdag. Frå Stavsvatn gjekk eg >>>

Map    

Ny dag på Vestfjøllet

Date:
22.03.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
23.5km

Ganske bra vær idag også, og det viktigaste - hard skare. Vi køyrde fem stykke til Vinsvål og parkerte. Gjekk til Røynbrekk. Opp sjølve Røynbrekka bar vi skia, og så bar det innover til Kinsarviktjønni, Vorvatn og så opp dei lange fine draga sudover mot Storegrønut. Møtte først ein mann og så to damer. Dei to var dei same eg møtte i går, og mannen var ein vi møtte i fjor og rasta saman med. Vi er svært få som har Vestfjøllet som turområde, og dei sjeldne gongene ein møter folk, er det gjerne dei same. Det bles litt på toppen, men vi rasta likevel i lyngen på toppen. Så skikrets vi. Dei fire andre gjekk tilbake same vegen, medan eg gjekk sudover og opp på nabotoppen der eg aldri har vore før. Ikkje peakbookelement. Så ned Bjålandsdalen og tilbake og rundt fjellet. >>>

Map    

Første topptur på lenge

Date:
21.03.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
30.5km

Litt usikker på korleis eg skal registrere ny topp i peakbook, så eg logger denne turen på nabotoppen. Kabrettstaulfjellet har mange varda toppar, og eg er der kvar måndag i påskeveka med yndlingstremenningen min. I dag valde vi den suvestlegaste toppen på 1070 m ifølge gpsén. Starta 0930 frå Gråmyr i Langlim, gjekk så til Sælid, så opp til Søyleset, så Bikkjekvæven og opp på fjellet. Rasta før vi gjekk på Kabrettstaulfjellet, deretter nordover, om Kjeringtjønn, under Storegrønut ned til Vorvatn. Så over Bjønnpytt til Myklevatn, og derifrå ned til Ramåsmyran og Nadremyran til Tjønnstaul, Skomestaul, Vibekk, Røynbrekk og attende til Gråmyr. 30,5 km på fjellski, ca 1100 hm. Fint klisterføre og grei skare. Var norte i 8,5 timar, rasta to gonger, møtte to personar. >>>

Map