Draumetur til Brannheiklumpen (20.07.2016)  6


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 47min
Distance 8.0km
Vertical meters 543m
Map
Ascents Brannheiklumpen (818m) 20.07.2016

Rett og slett fabelaktig tur. På veg nordover hadde eg tenkt å ta ein ettermiddagstur etter den vesle føremiddagsturen i Skaun. Men avstanden frå Steinkjer var lenger enn eg trudde, første eit langt stykke langs Snåsavatnet på rv 763. Så vegen mot Imsdalen, og så grusvegen sørover att inn Roktdalen. Bomavgifta var kr 120, heldigvis betalbar PR telefon. Mange stikkvegar innover, heldt kursen mot Holsingsetra etter å ha lese Sola19 sin rapport ( her hadde eg altså budd meg med kartutskrift og turbeskrivingar). 3 km rett fram frå krysset der det står Holsingsetra til venstre fann eg på høgre hand den raude hytta som er Brannheibua. Fann også stigen som startar bak hytta. Gjekk forbi tuftene etter Brannheisetra, og kosta på oppover. Biltermometeret viste 21 grader då eg starta noko over 1800. Det var dessutan heilt stille og så å seie ikkje skyer - og eg brukte myggstiften over all synleg hud og fekk gå heile turen i fred. Det var rett og slett ein praktfull kveld. Etter 20 minutt fekk eg litt skjelven, og kom på at det var fire timar siden eg sist åt noko. Så eg måtte sette meg, drakk resten av brusen og svelge ned åtte fruktnøttruter. Det hjalp! Når ein kjem ut av skogen og går inn på dei store myrdraga, er to trær pynta med plastposar. Det var lurt, for dei hjelper ein med å finne stigen når ein kjem nedatt. Eg følgde sporet av stigar oppover, kryssa bekken og fylte vassflaska. Ein bør halde til venstre oppover den bratte myrute lia, nedatt fann eg fine renner med stigar, medan opp måtte eg klyve litt fleire stader og gjekk for mykje til høgre. Men oppturen gjekk no greitt. Gjekk opp på fortoppen 737 først. Heile topplatået var berre nydeleg! Fleire blikkstille smådammar, svaberg og stille, med nokre spelsau å helse på. Og fabelaktig utsikt, heile Trondheimsforden ut, Snåsavatnet i vest, og ein krins av nydeleg fjell rundt om elles. Eg sat i lyngen ved varden i sveitt t-skjorte med fjeset mot sola og åt kveldsmat og naut livet heilt til nesten 2030. Då aksla eg sekken og byrja å gå. Men straks etter, på eidet ved den eine dammen kryssa ein ganske stor flokk tamrein i silhuett mot utsikten bak. Dei hadde bjeller på, same lyden som sauebjeller. Stor oppleving, men dei forsvann fort, så eg sprang bort på nuten over der dei hadde blitt borte, og fekk sett dei ein gong til, men då lengre borte. Heilt magisk oppleving i ein eventyrleg vakker kveld. Gjekk raskt ned på 1 time og 5 minutt, inkludert litt springing etter rein. Opp brukte eg 1 time og 43 minutt, inkludert "krisa". 543 hm. Eg ser Otto har logga 7,5 km. Eg får 6,4 opp som må vere feil, men 4,33 ned som kanskje er meir rett? Skriv 8.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.