Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sommarkveld i Oslomarka

Date:
31.05.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
4:30h
Distance:
10.0km

For ein vakker kveld det har vore i dag! Sykla heim og laga niste, pakka sekk og heiv hunden og alt i bilen. Køyrde til Maridalen skole, der eg parkerte ved bommen på venstre hand før ein kjem til skolen. Starta kl 1700. Mange stigar å velje mellom mot Fagervann. Tok eit drag lengst mot vest, men mista den stigen etter kvart, så eg gjekk i terrenget til eg kom inn på ein kraftigere stig eit stykke lengre opp. Ganske dryg stigning opp til Fagervann i grunnen. Målte 3,6 km og trur det må vere ca 250-300 hm. Vel oppe bada eg ved hytta (som ein kjenning av vener eig), og så smakte det godt med niste og avis og te! Sat på brygga og koste meg kanskje ein time før eg gjekk vidare rundt vatnet, og byrja å leite etter Stutehaugen. Hadde ikkje med kart, og gjekk difor først feil, hadde >>>

Map    

Bøte på dårleg samvit

Date:
29.05.2016
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
3.0km

For eit par år sida - gjekk eg aleine på ski til Svarttjernshøgda. Snudde ved ei tavle der skispora før meg snudde, men då eg kom heim, skjønte eg at eg ikkje hadde vore heilt oppe på toppen, for eg hadde ikkje sett noko tårn! I dag blei Tom og Uncas med til Jevnaker. Betalte for bomvegen, køyrde til Tverrsjøstallen, og så vidare til Ølja, stader der eg er godt kjend om vinteren, men første gong på barmark i dag. Følgde blåmerkt stig heilt opp. Vått i stigen og småregn heile vegen opp og ned. Møtte ei sprek dame på toppen då vi vi kom ned frå tårnet, men merk at ho IKKJE var toppsamlar! Dessverre ikkje utsyn i dag. 3 km, 1 time og 201 hm. Tom og Uncas var med.

Map    

Reprise på Øyungskollen

Date:
26.05.2016
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
7.5km

Inspirert av den flotte turen førre veka gjentok vi turen ein fin kveld etter jobb. Vi tok av litt høgare oppe på vegen mot Øyungen, austre side av elva. Vi gjekk i terrenget. Midt inne i skogen under eit bratt heng sat ein o-løpar og drakk te. Vel oppe plukka vi rasteplass på ein av fleire nydelege Berg med vidt utsyn mot vest. Vi hadde med oss middagen, og hadde ein knapp time der i kveldssola. Heile toppen er naturreservat, og vårvegetasjonen var verkeleg eventyrleg. Denne gongen gjekk vi nordover og over toppen og ned til austre stranda av Øyungen. Marit, Tom og Uncas var med. 2 timar og 18 minutt. 7,5 km. 270 hm.

Map    

Første gong på Øyungskollen

Date:
16.05.2016
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
7.0km

Deilig vêr dagen før 17. mai, og på veg til Øyungen, tok vi av på ein stig vi ikkje hadde gått før, og etter ca 3 km kom vi opp på Øyungskollen. Ei perle av ein topp som vi slett ikkje har registret før, sjølv om vi både på ski og føtter er godt kjende i traktene nedanfor. Nydeleg dag rett og slett. Ein litt annleis veg ned, vi kom ned høgareboppebpå vegen mot Øyungen. Tok vegen på vestsida av elva nedatt. Ca 7 km. 270 hm. Tom og Uncas var med.

Map    

Minneverdig kveld på Sotra

Date:
10.05.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
3:30h
Distance:
10.0km

I Bergen på jobb, men ein heil blank ettermiddag og kveld ledig. Glad for at eg sende Knut ei melding på peakbook, for vips hadde eg middagsinvitasjon, sjåfør og skyss og turfølge på plass. Og vêret! Blikkstille og over 20 grader. Byrja med Førdesveten frå aust. Køyrde til Førdespollen og følgde skilt til høgre mot Førde. Derifrå var det godt merkt stig, og heller og steintrinn lagt ut slik at vi gjekk tørrskodde heilt opp. Møtte ein annan turgåar. Super utsikt og vakker kveldssol. Snøfjell i aust og havet som spegl mot vest. Var også bortom flyvraket, før vi gjekk ned i vårkvelden. 4,75 km, 1 t og 44 min, 285 hm. Køyrde så nordover til parkeringa ved Fjell festning. Gjekk asfaltveg i eit kvarter før bratt stig mot toppen. Her var det mykje folk, og fleire av dei dreiv >>>

Map     2 comments

Ein av dei siste skiturane i år

Date:
07.05.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
17.0km

Vi starta får Nordseter kl 0815, burde nok ha starta endå tidlegare. Køyrde over til Dokka, og opp Etnedalen til Lenningen. Starta der litt før 1030 i stille blankt ver. Vi sikta oss rett inn på Djuptjernkampen, gjekk over myrane og over isen. Innimellom var det gjennomslag i roten snø, og vi var litt engstelige for korleis snøen kom til å bli utover dagen. Men stort sett gjekk det greitt, og vi gjekk lett og fint opp i trøye og utan hodeplagg. Rasta på toppen i lett vind, og så nedover ganske så forsiktig i lumske skiforhold. Tok ikkje sjansen på å krysse isen, så vi heldt mot aust og gjekk rundt Røssvatnet tilbake til Lenningen. 7,5 km opp og 9,5 km ned. 4 timar inkludert rast. 469 hm opp. Anne og Eirik var med.

Map    

Vårkveld til Lauvhøgda

Date:
06.05.2016
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:33h
Distance:
3.2km

På veg til Nordseter stoppa Uncas og eg for å ta kommunetoppen vest for Raufoss. Vi køyrde mot Skjellerud, tok av grusvegen til venstre mot Granum og parkerte ved den opne bommen. Vakker vårkveld, med fossande bekkar og fuglesang og ganske så varmt. Ved neste vegkryss var vegen snødekt, men det var trakka stig og det gjekk greitt med joggesko i Goretex. Opp i tårnet med utsyn heilt rundt til kvite fjell. Rett og slett underskjønt utsyn i klar vårkveld. Ein ser at det har snødd mykje i det siste! Så same vegen tilbake.3,16 km, 56. minutt inkludert tårnpausen. Uncas var med.

Map    

Skorve 1. mai 2016

Date:
01.05.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:15h
Distance:
18.0km

Etter ærend i Åmotsdal laurdag, overnatta eg på hytta frå laurdag til sundag. tett snødrev og julekort-landskap laurdag, men skiftande skydekke og noko sol sundag. Køyrde til bommen på toppen av Manarosdammen. Bar skia litt, men gjekk på ski for det meste bortover Millionvegen. Tok av etter scooterspor opp mot Stav. Følgde sporet vidare oppover, og på høgda over Bøkretjønn møtte eg scooteren på veg nedatt. Rasta ved Bøkretjønn. Gjekk så til toppen ved masta. Overskya og flatt lys. Nysnøen frå dagen og natta før var ikkje så djup, 5 cm kanskje, men tung og nesten umogleg å svinge i, så det blei ganske pysete nedtur, mykje sikk-sakk! Greitt å ta det litt forsiktig når ein går aleine. 18 km. 870 hm. 4 timar og 15 minutt. Møtte ingen bortsett frå scooteren med to passasjerar.

Map