Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Undrumsås etter blåmerkt stig

Date:
22.06.2013

På veg frå Oslo til Bamble fekk eg lagt inn ein liten stopp i Vestfold. Parkerte ved Holt biologiske gard, leita etter stigen ved å gå inn enga rett fram til høgre og følgde kanten heilt rundt. Gjekk forbi ein stig, men nord i jordet fann eg ein blåmerkt stig som litt utydeleg tar av rett før ein kjem til den vesle dammen nedi dumpa. Stigen var heilt fin den, men det var vått i terrenget og mykje mygg inni dalsøkket der lauvsalen var tettast. Men herleg luft! På GPSen såg eg at eg var i ferd med å kome for langt sud i høve til toppen som var på venstre side, men hadde is i magen og ei stykke sør for toppen vende stigen mot venstre over bekken, forbi ei hytta og tok så bratt og fint opp på toppen frå sørsida. Super utsyn frå denne sørlege enden av toppen. Gjekk så nordover >>>

Map    

To småtoppar i høge hælar

Date:
02.06.2013

Eigenleg gåforbod - men ikkje med høge hælar, så i høge skolettar fekk eg med meg desse to - sidan eg likevel var på besøk på Nøtterøy for første gong. Vakkert! Køyrde heilt til topps på Vetan. Frigitt av Militæret, men likevel låst. Ikkje så smidig som eg burde ha vore under gjerdet. Fint utsyn! Holtekjæråsen og fuglekassepunktet fann vi greitt, sjølv om vi gjekk opp for langt sud. Ein bør parkere ved busslomma ved Grimestad og gå tvers over vegen og opp til sti som går rett bak den vakre plenen i glenna mot nord. Vi stabla nokre steinar opp rundt triggpunktet for neste toppjeger. Marit, Anne og Nina var med.

Map