Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

På fjellski til Fongen

Date:
23.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:45h
Distance:
31.0km

Første kommunetopp på seks månader. Dei er kostbare no! Denne turen bestemte eg meg for på torsdag, fekk sjølvsagt ingen med meg på så kort varsel. Drog frå Oslo etter jobb fredag, var framme på Røros kl 2230. Vermeldinga var avgjerande for meg, kuldegrader om natta, varmegrader på dagen og skyfritt! Den vermeldinga slog til. Eg drog frå Røros kl 0720, var i Tydal 0850 og måtte vente til coopen opna kl 0900. Fekk drikke, mat og sjokolade med meg, og starta å gå noko før 0930. Prata litt med nokre karar på skuter som tipsa meg om elvekryssingane. Bomma likevel på den første, det var jo ikkje bru der vegen stod teikna tvers over, og eg endte med å gå ut på vatnet og runda elveosen i god avstand. Gjekk med fellar på ganske super hard skare. Ikkje mykje å melde anna enn >>>

Map     2 comments

Påsketur til Rust

Date:
16.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
11.4km

Tom og eg køyrde til Dammen, bar skia opp forbi Bratsberg, spente på fjellski med fellar, gjekk så til topps der vi rasta. Ringde og avtalte å bli henta av sonen vår på vestsida av fjellet. Vi køyrde forsiktig ned på eit føre som blei gradvis til slush. Perfekt dag. 3t 30 min, 11,40 km, 548 hm. Tom var med.

Map    

Draumedag til Storegrønut

Date:
15.04.2022
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
7:15h
Distance:
30.0km

Utruleg nydeleg dag. Tom sette meg av ved Breivatn. Eg venta på Erling og Anniken og tvillingane på Nordbøkriklan. Gjekk så saman til Homlitjønn der vi rasta. Gjekk så aleine vidare til Bjønnpytt og Vorvatn og opp til Storegrønut. Kjentfolk på toppen, og overraskande med folk i det heile tatt. Pleier å vere her aleine, men i dag var det fleire snøskutarar, trugefolk og skigåarar. Felleski og langrennsstavar fungerte greitt oppover på fast skutertrase, men heimturen blei krevjande. Særleg stykket frå Myklevatn over Ramåsmyran var vanskeleg. Dels frosne parti, dels roten snø, tynne ski og stavar utan trinser var ikkje optimalt. Det siste stykket gjekk i kjempetrått mildføre, der løypa var i oppløysing. Uansett: super dag, flott toppoppleving. Gjekk mesteparten aleine. 30 >>>

Map    

Fjellskitur til Vestfjellet

Date:
11.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h
Distance:
31.2km

Kvar måndag i påskeveka går eg skitur med tremenningen min til det som i Langlim heiter Vestfjøllet. Det omfattar Kabrettstaulfjellet, Hovundfjellet med Storegrønut og området rundt Myklevatn og Vornuten. Denne måndagen starta vi ved Grendehuset i Langlim, gjekk Gullnesvegen ut til Sæli, så opp den bratte vegen til Nivelkinn og Søyleset. Derifrå opp til Bikkjekvæven, og så vidare opp på platået nord for Kabrettstaulfjellet. Der åt vi niste som i alle år - og hadde brukt ca tre timar på den dryge klatreturen opp. Også i rute i forhold til tidlegare år. Derifrå gjekk vi inn i den opne gryta vest for Kabrettstaulfjellet der det ligg ei fin tjønn, vårt favorittområde! Og derifrå gjekk vi opp på nuten som eg her har kalla Kabrettstaulfjellet, sørvest. Det kan hende denne >>>

Map    

St Pål

Date:
02.04.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:36h
Distance:
16.4km

Flott dag på Finse. Noko vind som tok seg opp utover dagen. Etter rast på Klemsbu var det plutseleg ordentleg sol, så vi gjekk oppom St Pål før vi køyrde raskaste veg nedatt 16,4 km. Dagfinn, Knut, Ellen og Dagfinn var med.

Map