Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (399)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"

Favoritturer
Favorittopper
Hjerttinden i septembersol
- Dato:
- 22.09.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 7:00t
- Distanse:
- 18,6km
Anne og eg møttest etter jobb i Tromsø på fredag og køyrde først til Nordkjosbotn og spiste middag, så til Rundhaug gjestegård der vi var dei einaste gjestene i eit hotell utan betjening! Nøkkelen låg på disken i resepsjonen til oss. Etter frukost (med betjening!) køyrde vi forbi Bardufoss til Rubbåsvegen, og følgde denne så langt vi kunne oppover. Det regnte, men vi visste at det skulle klarne opp, og det gjorde det etter ein time. Først veg, så traktorveg, så raudmerkt stig. Fint å gå. Vi drog av frå stigen og gjekk i lettgått terreng opp til salen mellom toppen og Hjerttindtuva. Der møtte vi to unge rjupejegarar, ga meining sidan vi hadde høyrt skot på vegen oppover. Så skar vi rett opp til toppen, bratt, men heilt OK. Møtte den raudmerkte stigen oppe på fjellet >>>
Fagervann og Lyberga
- Dato:
- 02.09.2018
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 7,5km
Prøvde å finne ein litt interessant tur som hunden, no straks 14 år gamal, kunne greie å bli med på. Og denne gjekk fint. Frå Maridalen skole opp til Fagervann, eit eple og pause på eit Berg der, og så svingte vi oppom Lyberga der eg aldri hadde vore før. Fint! Då vi kom ned til vegen, gjekk vi bortom bygdetunet på Kirkeby der det var haustmarknad, smakte bra med vaffel i den varme septembersola. Tom og Uncas var med. 7,5 km, 351 hm. 2 timar og 23 inkludert litt pausar.