Største investering i topp så langt (25.07.2014)


Start point Berg
Characteristic Hillwalk
Duration 19h 30min
Distance 50.0km
Map
Ascents Urdalsknuten (1,433m) 25.07.2014

Følgde Haky si rute og beskriving. Køyrde frå Seljord til Valle og opp til Berg. Betalte kr 30 i bompengar og parkerte der t-merkt stig starta. Bilen målte 29,5 grader klokka 1400. Dei første to timane var veldig varme, og eg gjekk seint og drakk mykje. Oppe ved Rennevatnet møtte eg ein kar som sa at Bossbu var stengt i sommar pga bygging. Og der rakna planen min! Altfor langt å gå til toppen frå Stavskarhytta! Men Ole som han heitte, sa eg skulle helse frå han, og be pent om å få sove på golvet i nyhytta. Og det gjorde eg då eg kom fram etter 4 timar og 20 minutt. Turen er stipulert til 5 timar av DNT, så Haky som gjekk på 3 timar og 15 minutt må vere toppidrettsmann! Varm fin kveld var det, og eg fekk middag saman med dugnadsgjengen på Bossbu. Fabelaktig plassering av denne hytta, og den nye blir lekker. Det kan eg seie som kanskje er den første som har overnatta der. Eg låg på madrass på golvet midt mellom verktøy og materiale i nyhytta. Dei åtte andre sov i sikringshytta. Dagen etter starta eg klokka 0600 i varmt og stille men overskya vêr. Følgde t-merkt stig rundt Botnsfjellet og tok av stigen og runda snorreheii. Kom for langt vest fordi eg følgde bekken nedover. Ein bør halde høgda eit godt stykke opp i heia. Det gjekk greitt å kome seg over Snorrevadi, og vel over åt eg frukost kl 0830. Trudde eg låg godt an med omsyn til tida. Så på nordsida av Snorrodden, mykje opp og ned. Heldt til venstre etter at eg hadde kryssa eidet. Då kom eg ut midt på vatnet, og difor måtte eg gå tilbake til høgre, før eg var klar og gjekk til høgresida av vatnet. Gjekk oppover på høgresida av elva, men skjønte at eg måtte over på andre sida (sørsida). Gjekk litt opp og ned før eg tok av meg støvlene og vassa. Kjekt med stavar! Må tilstå at desse "bruene" og dette eidet mellom odden og vatnet, fann eg ikkje ut av. Heller ikkje statsskogshytta låg der den skulle. Så eg trur rett og slett i ettertid at eg har bytta om vatn 1028 med det som på kartet ligg nærare Snorrodden. Dermed gjekk eg på feil sida av den bratte elva oppover og måtte krysse ved vassing. Og oppover rennene kom eg også litt feil av stad. Mykje snøfonngåing, og då eg kom opp låg toppen langt mot søraust, måtte ned og opp tre-fire småtoppar før eg var framme. Sola kom fram kl 1000, og kl 1135 var eg oppe etter 5 timar og 35 minutt. Flott nyreparert varde. Sol og vidt utsyn. Sat der i 45 minutt. Omtrent same veg ned, gjekk dessverre endå litt lenger mot nordvest før eg tippa nedover. Tilbake til Bossbu, der eg var framme kl 1715. 11 timar og 15 minutt, med fråtrekk for den lange pausen og frukost, dryge 10 timar med gåing. Ny overnatting, og så fire timar tilbake til bilen ved Berg dagen derpå med start 0715. Litt fakta om Bossbu: er altså stengt no fram til 20.8.14, då byrjar reinsjakta, og då er den til disposisjon for jegarar fram til 1. oktober. Så open fram til 25.4.15 då den er stengt pga reinkalving. Frå 1. Juni 2015 byrjar dei med å byggje ny sikringshytte, og difor vil hytta vere stengt sommaren 2015 også. Dugnadsgjengen skal disponere henne. Kjentfolka sa at turen er lettare frå Svartenuthytta, men kryssinga av Gjuvassåni er eit kritisk punkt. Det same er ruta sør for Bossvatnet frå Bossbu, lettare å gå, men kryssinga av elva er vanskeleg. Det lettaste er truleg å gå på ski frå Bossbu ved påsketider. Eg er kjempeglad for å ha fått kryssa av denne toppen, det kosta meg tre dagar, to overnattingar, ca 50 km gange og 19 timar og 35 minutt på tur - inkludert pausar. Ingen var med, og vêret var fantastisk!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.