Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ikkje optimalt traséval, men fin heimtur

Date:
26.08.2012

Skulle ha vore fjellhelg dette, men måtte kaste inn handkledet; halvsjuk både fredag og laurdag. På sundag letta det, og vi leita fram ein tur som innebar ikkje for mykje køyring, og ikkje for mykje gåing. Valet blei Trettekollen i Nedre Eiker. Parkerte inne ved Solvang. Gjekk først feil, følgde dei blå pilene opp langs bekken. Skjønte raskt at det blei ein omveg og snudde tilbake til Solvang. Derifrå gjekk det greitt langs Grunntjern. I løypekrysset fann vi blåmalt pil der stigen kryssa bekken, i ettertid trur vi det hadde lønt seg å gå rett fram her og rundt Lelangen på nordsida. I staden gjekk vi til sørenden av Lelangen og byrja deretter å klatre opp åsen mot vest. Hogstfelt, masse dyretråkk og nokre greie drag på nutar og myr. Kom ned til kraftlinja og heldt rett opp >>>

Map    

Lang tur Oslo - Inderøy

Date:
19.08.2012

Etter nesten 70 mil på laurdag for å innkvartere jente på Sund folkehøgskole, fekk eg med meg Inderøyas (før Mosviks) høgaste mellom frukost og opningsseremoni på skolen. Køyrde i vakker natur innom Sakshaug gamle kyrkje, kryssa flott bru over til nordsida av fjorden og fann utan problem treskiltet som peikte til venstre mot Kilen. Open bom først og så to grinder. Følgde skogbilveg, og tok etter kvart til venstre der eg fann dårleg, men tydeleg stig merkt med plastband. mista stigen litt innimellom, men mellom dei to små vatna, langs nordbreidda av det største som ligg på myrene under toppen, fann eg den fint att. Toppen var flott, varde, bok og utsyn. Lummer og varm opptur, og så fekk eg regnet i hovudet straks etter eg tok fatt på nedturen. 45 minutt opp, 35 minutt ned. >>>

Map    

Med Telemark turistforening til Kvannefjødd

Date:
05.08.2012

Telemark turistforening og Byrte IL samarbeidde om denne turen, og eg hadde peila den ut alt på forsommaren. 28 personar køyrde i kortesje inn Byrtedalen, og slapp gjennom bommen heilt inn til Hommo. Derifrå følgde vi dalen oppover og vestover forbi Brekkestaulen. Tok så sidedalen på skrå oppover mot sudvest, og nådde toppen ganske greitt. Snill tur så langt! Heimturen gjekk austover langs fjellryggen, ned til Poddeskarvatna og nordom dei mot eit skard 350 meter over Hommo. Svært bratt nedover her, men sauestigar var det no. Vi så rein på fire ulike stader, alle reinsbukkar, til saman såg vi sju dyr. Stor oppleving! Veldig kjekke turkameratar - og som vanleg saman med DNT Telemark - høgtlesing av dikt undervegs. Det VAR elles ein tur til å bli lyrisk av....

Map