Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kjerrberget før konferanse

Date:
29.10.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:16h
Distance:
1.1km

Med tidleg fly frå Oslo rakk eg både konferansestart i Stavanger kl 1200 og to små kommunetoppar før det. Fantastisk vær, heilt klart, skyfritt og vindstille, men ganske kaldt. Tok taxi frå flyplassen til ganske nær Kjerrberget. Men drosjesjåføren rørte fælt, og det var eg som ved hjelp av GPS måtte få han på rett spor. Følgde ruta rett opp jordet og over straumgjerdet slik som aask. Brukte 21 minutt opp og ned frå der taxien slapp meg av. Gjekk då 1,1 km, og gjorde unna 75 hm. Første tur med ryggsekk, handveske og PC-veske!

Map    

Kommune nr 250: Ullandhaugtårnet før konferanse

Date:
29.10.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:21h
Distance:
1.0km

</gallery> Etter Kjerrberget gjekk eg eit par km, men då eg stod ved Sola ungdomsskole og sjekka busstider, kom det ein ledig drosje forbi, og eg praia han og blei køyrd til Ullandtårnet. Ein svipp opp og ned, blank og herleg utsikt, prata med ein sprek joggar som gjorde turen opp til tårnet to gonger for veka. Gjekk ned til Universitetet der eg tok rutebussen til Stavanger sentrum. 0,9 km, 16 minutt, 41 hm. Ikkje rare turen, men nydeleg dag, interessante omgjevnader og dessutan kommune nr 250, og topp nr 240.

Map