Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Furufjell med moltetur

Date:
31.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:17h
Distance:
7.2km

Gjekk først opp til Furufjell, så lang tid i moltemyrane heim. 5 timar og 18 brutto, men gjekk vel opp på knappe 40 minutt. 7,2 km, 407 hm. Finn var med.

Map    

Rust med god fart

Date:
30.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:42h
Distance:
6.0km

Map    

Furufjell i regn

Date:
28.07.2021
Duration:
2:01h
Distance:
4.7km

Gjekk raskt til topps for å få opp pulsen. Venta på Anniken på toppen, ho var forkjøla og ville ta det rolegare. Så gjekk vi ein runde og plukka dei moltene som var mogne der på toppen. Det regna så mykje at vi etter ein liter ber kvar, snudde og gjekk nedatt for å få tørka oss og få varmen igjen. Brukte 37 minutt frå hytta til topps. Total bruttotid 2 timar og 1 minutt. 355 hm. 4,7 km. Anniken var med.

Map    

Super tur til Storskarven

Date:
24.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:22h
Distance:
18.3km

Køyrde frå Verdal opp Stjørdalen. Godt merka til Skarvan nasjonalpark, og vi parkerte på ein parkeringsplass som alt var ganske full ca 1030 då vi starta. Vi hadde verkeleg flaks med været i dag, ikkje ei sky, ca 20 grader, ikkje vind, men heller ikkje insekt. Nydeleg terreng, og sjølv om det var veldig vått i terrenget, og sjølv om store myrer prega dei første 5 km av turen, gjekk vi tørt på plankevegar som var lagt heile vegen opp til der dei brattare lyngbakkane starta. Trur det er den lengste samanhengjande plankestigen eg har gått på. Veldig grei trase opp til toppen. Fint topplatå med ganske mykje folk då vi kom opp. Vi brukte knappe 3 timar opp og hadde hatt nokre drikkepauser, men elles gått roleg og prata heile vegen. På toppen sat vi i nesten 50 minutt i shorts, >>>

Map    

Grått og vått til Reinsjøfjellet

Date:
23.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:54h
Distance:
17.3km

Køyrde frå Mo i Rana til Grong, der eg hadde tenkt å ta denne turen som ettermiddags-/kveldstur. Men då eg kom til hotellet, striregna det, og vermeldinga sa kuling og tåke på Reinsjøfjellet, så det blei morgontur dagen etter i staden. Parkerte på Tømmersjøen vinterparkering der det har vore peakbook-folk før. Gjekk dei 500 metrane opp grusveg til hytteparkeringa og deretter ca 3-4 km på grusa stig før eg gjekk over på raudmerkt stig til høgre då eg såg Grytsjøen framfor meg. Gjekk så ca 1 km på stig før eg skar ut i terrenget til høgre. Gjekk på gps, for det var svært dårleg sikt med småregn og tåke i høgda. Terrenget var gjennomblautt, eg gjekk i regndress, men blei gjennomvåt på føtene i nye låge Goretex-sko. Oppdaga nytt hol i Goretex-støvlane då eg tok >>>

Map    

Nydeleg øytopp

Date:
16.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:15h
Distance:
6.1km

Køyrde frå Ålesund til Juv på innsida av Godøya. Vi hadde med ein innfødt ålesunding, noko som alltid løftar opplevinga litt. Utruleg velutbygd stig med heller og skilt. Vi gjekk lett opp på ca 50 minutt. Så koste vi oss på toppen med utsikt og prat, fotograferte spektakulære utsyn i alle retningar. Ein del vind både opp og ned, men den var varm, og på toppen bles det mindre. Vi skildest på toppen, damene gjekk bed til Alnes, medan mennene gjekk tilbake til bilane og køyrde rundt til den nye kafeen/galleriet. Der møttest vi, spiste brennsnut, med kaffi og kake til dessert. Avslutta nydeleg utflukt med besøk til marmorkyrkja på Giske. Praktbygg! 6,1 km, 3 timar og 16 brutto, 518 hm. Anne, Eirik, Tom og Hanna var med.

Map    

Flott på Mekknøken

Date:
14.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
7.0km

Køyrde frå Kristiansund til Averøya, runda Kvernnes, og tok av mot høgre ved Mekgrenda. Parkerte i ei lomme der turen var skilta. Først grusveg, så klopper over nokre myrete strekk, då bratt opp langs ein nydeleg bekk med fine stryk og kulpar. Kryssa bekken, deretter opp stig i bratte lyngbakkar. Då vi kom «opp», var vi på eit platå som var fint og glatt å gå på før det blei bratt igjen opp til sjølve toppunktet. Vakker grasbanen mot vest, veldig luftig og råbratt mot aust. Vi møtte fleire andre på toppen i den tida vi sat der. Ettersom skylaget letta, blei fotomotiver finare og finare. Fjorden som ein spegill, tynne belter av skyer under toppane rundt oss. Passe varmt, ikkje vind, og vi slapp insekta denne dagen. Ca 7 km, ca 3 timar brutto, 611 hm. Tom, Anne og Eirik var >>>

Map    

Nydeleg topp i nydeleg vær!

Date:
13.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
8.7km

Køyrde frå Sunndalsøra inn i Tingvoll kommune, tok av mot venstre til Smiset. Derifrå gjekk vi gjennom blandingsskog og bratte gras- og lyngbakkar. Forbi nedlagt støl eller plass med spor av gamle vegfar. Litt myrete før vi bikka over ein brink på ca 500 moh. Der såg vi toppen fint og følgde stigen bratt oppover. Tørt og fint å gå, litt berg var det jo oppunder toppunktet, men forbausande grei stig heilt til topps. Fantastisk toppunkt med rundskode i perfekt vær. Det einaste som trakk litt ned var ein del stikkende insekt i den første delen av turen, mest klegg. Vi sat lenge og rasta på toppen. To personar kom og gjekk medan vi var der, dei kom frå motsett side. Vi brukte 2 timar og 12 minutt opp. 4,5 km og 1035 hm. Eirik gjekk ned på 55 minutt, Anne og eg brukte nesten 2 timar. >>>

Map    

Svarthøtta i draumeforhold

Date:
12.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h
Distance:
20.1km

Starta frå Oppdal og tok av mot Skarvatnet og Nerskogen. Ikkje ei sky på himmelen, 18-20 grader i lufta, og underskjønt gammalt kulturlandskap med ganske nennsomt plasserte hytter innimellom. Tok siste avkjørsel før vegen til kyrkja, men greidde ikkje å betale noko ved bommen. Ikkje anna enn kontantar, og ikkje nokon stad å leggje kontantane! Så vi køyrde forbi utan å betale. Vi tok den andre vegen tilbake, og prøvde å betale på veg ut i kortautomat, men det fungerte heller ikkje. Noja, vi parkerte ved parkeringsplassen der vegen sluttar ved elva, gjekk stigen langs elva eit stykke oppover, fann løpestrengstolen, og fira oss over elva, ein etter ein. Så fin stig opp til setervegen til Svartdalssetra. Ved setta som låg som ein draum i sommerdagen med Svarthøtta i bakgrunnen >>>

Map    

Flott start på ferien - Blåkollen

Date:
11.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:10h
Distance:
12.0km

Vi starta sommerferien i regn på laurdag, sykkelturen inn til Bjørnhollia blei våt, men det var berre 8 km, og deilig å kome fram til tomannsrom med eigen vedovn og treretters middag etter varm dusj. Vi starta å gå i nydeleg vær kl 0945, og gjekk t-merkt stig mot Eldåbu. Etter ca 4 km skar vi opp mot toppen og gjekk i lettgått terreng på lyng og mose til under toppen der det bleie ur det siste stykket. Rasta på toppen, men det blei litt vind og overskya akkurat da, så vi sat ikkje då lenge. Deilig og varmt på veg tilbake igjen. Kaffi, te og kake i solveggen før vi sykla ned til Gammelgarden/ Straumbu igjen. Bada i elva, kaldt men deilig! Tom var med. Totalt inkludert sykkelstrekka, 1117 hm, 28 km. Gåturen var 12 fine lettgåtte km og 705 hm, brukte 4 timar og 11 min inkludert >>>

Map