Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

På veg til Halden

Date:
14.12.2014
Characteristic:
Hike

På veg til Halden for bytting av gåver tok vi vegen om Askim. Køyrde rett til Skansehytta, parkerte litt ulovleg nedanfor. Gjekk først til tårnet etter merkt stig. Så til høgre og vidare på stigen. Pilarane etter eit eldre tårn ligg rett bortom, og så fann vi etter litt roting med ikkje heilt følsom GPS, markert toppunkt, ein trekantstein med spissen opp og eit par støttesteinar. Gå rett inn i skogen bak betongstabbane og ikkje lenger enn 50 meter. Vi hadde tenkt å halde fram til Trøgstad, men som vanleg kom vi for seint av garde, og sidan vertinne ventar, måtte vi skuve på denne. Manglar no berre Trøgstad og Eidsberg inToms heimefylke. Tom og Uncas var med.

Map    

Barfrosttur

Date:
30.11.2014
Characteristic:
Hike

Køyrde til saga lang Mørkveien, nr 345-349. Så gjekk vi vegen opp til de store myra under åsen, rota oss dessverre litt utpå, skulle ha halde rett fram i høgre kant av myra og litt opp på tørt land mot åsen. Følgde stig til den nuten der hytta ligg oppå, vingjekk den bratte stigen mot venstre i staden for å gå opp på Kollen, så ned att og over bekken og deretter opp til det øydelagde tårnet. På veg ned att passerte ein travhest og sulky oss to gonger. Flott hest! Vi brukte ca 1,5 time. Marit, Tom og Uncas var med.

Map    

Tredje fylke komplett - Høgståsen blei siste i Vestfold

Date:
16.11.2014
Characteristic:
Hike

Damehelg i Sandefjord blei avslutta med ein tur til det indre Vestfold på veg tilbake til Oslo. Ved hjelp av gps-en fann vi greitt Skatvet, det regna og yra og var knapt nok dagslys - november kan vere skikkeleg dyster, - men hadde likevel stor glede av dette terrenget. Er så glad i bøkeskog, og bøkeskog utan lauv, men med brun skogbotn er også flott. Eg hadde med to venninner som nok stiller seg litt uforståande til heile prosjektet, men dei likar å vere ute, så det fekk gå. Vi rota ein del med dårleg kartutskrift frå Norgeskart. Då vi skulle ta av vegen, fann vi raude band, men følgde dei mot høgre i første vegdele, det var dumt, det er berre å gå rett på. Så vi busha litt rundt på kryss og tvers, var innom den store myra, og fann så den gode stigen. På veg mot toppen >>>

Map    

Regn og tåke - men fint likevel

Date:
02.11.2014
Map    

Hobøl i skodde

Date:
19.10.2014
Characteristic:
Hike

Skogstur i grått vêr i dag. For første gong var eg i Tomter og ved innsjøen Mjær. MArit og eg og Uncas parkert ved sørenden av vatnet ved snuplassen og gjekk gardsvegen oppover og innover. Vi gjekk fobri et flott elgposttårn (?) med namnet Musefritt! - og så forbi ei like kunstferdig hytte som såg ut som den var bygd på tomta til ein gammal husmannsplass. Den så absolutt gammal ut med flott gammal takstein og andre gamle detaljar, men ny var den. Deretter gjekk vi opp traktorvegen som tok av til venstre ca 100 meter borti vegen. Vi gjekk den venstre av dei to traktorvegane, og så til høgre opp i skaret. Etter kvart følgde vi eit lite tråkk opp til høgre og fann etter kvart triggpunktet. Vi hadde dessverre ikkje med gps, og rota det litt til. I staden for å gå rett vest må >>>

Map    

Liten topptur frå hytta

Date:
12.10.2014
Characteristic:
Hike
Map    

Andre fylke komplett: med Sørum og Fet i Akershus

Date:
05.10.2014
Characteristic:
Bike trip - mixed

Ein vidunderleg blank haustdag, og Tom, hunden og eg la i veg til Romerike. VI køyrde riksveg 22 frå Fetsund, fann Midtskog og vegen opp Bjørndalen. Porten stod oppe og vi kosta oppover dalen i blankt vêr. Parkerte ein sving unna den andre bommen, følgde stig oppover mot åsen. Kom innpå blåmerkt stig, som vi neglisjerte og strauk rett opp. Fint med gps. Den høgaste toppen var ikkje markert, men kommunetoppen i Fet hadde både varde og var pynta med elggevir. Nedatt fann vi den blåmerkte stigen, og då kom vi nedpå vegen eit stykke lenger opp enn der vi parkerte. Køyrde glade og fornøgde nedatt, men der var bommen låst gitt! Etter å ha banka på to dører fekk vi låne nøkkelen av blid pensjonistdame i det raude huset. Så gjekk då det greitt. Køyrde så til Skjatvet der vi >>>

Map     4 comments

Vått i Finnemarka

Date:
21.09.2014
Characteristic:
Hike

Heim frå Hjerkinn i går og tur med Marit og Tom og Uncas i dag. Denne gongen køyrde vi til Øståsen opp frå Natvet ved Tyrifjorden. Vegen heiter Breilivegen. Vi møtte fetteren til Marit, som viste oss på veg. Vi tok ei rute som gjekk frå nord til sud. Tok av opp mot Breilihytta, gjekk forbi hytta Bekkeli og deretter til Breilivatnet. Vi følgde orangemerkte tre til vatnet, og fann heilt greitt opp til Lauvkollen. Der hadde vi sol medan vi åt niste. Vi gjekk tilbake over Breiliflaka, som eigenleg var ein finare topp. Så tilbake via dei militære installasjonane (sambandsutstyr og bunkers) og ned til myra med løypekryss. Vi brukte ca 4,5 time på turen som målte 14 km. Marit logga 21000 steg! Småregn og sol, på heimvegen heller mykje regn. Tom, Marit og Uncas var med.

Map    

Dovre for første gong

Date:
19.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h

Etter to dagar med seminar på Kongsvoll og ein liten tur over Hjerkinnshøe, valde eg å hoppe av ein av bilane på Hjerkinn og ta bussen inn til Snøheim fredag morgon (1045-bussen). Møtte ein kollega frå jobben på bussen som var i eit følgje. Heldt litt følgje med dei til inn til Gamle Reinheim, før eg gjekk litt frå. Det var stille og sol, med nokre lette skyer og dis som etter kvart låg under meg. Gjekk i t-skjorte opp, men kledde på meg då eg kom opp, og sat og og rasta i ein time eller noko sånt. Utruleg flott. Litt usikker på om eg torde å gå bort til Midttoppen, men to damer av min type ville prøve seg, så vi gjekk saman. Det var heilt kurant, i alle fall så lenge ein ikkje feste blikket ned i avgrunnen! Flott utsyn ned på baksida av fjellet med irrgrønt vatn. tilbaketuren >>>

Map     1 comment

første gong på Kvamsfjellet

Date:
06.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Map