Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Tre toppar på strak arm

Date:
28.08.2011

Kari og eg tok Enebakk, Ski og Ås på ein hyggjeleg sundag i august. Vi skulkle ha vore i Rondane, men avlyste pga dårleg værmelding. Været i Frogn var overraskande bra. I Enebakk køyrde vi til Veng, og blei bedne om å parkere i vegkanten nede ved bekken. Det var sauesanking i området. Vi følgde så traktorvegen som stikk inn mot venstre nedafor låven, og følgde etterkvart dårleg traktorveg nesten heilt opp. Sjølve toppen var litt inngrodd, men det var fint ute på berget med utsyn mot vest. Andre toppen på denne sundagsturen var Tømmerås. Parkerte ved Krokhol, og gjekk stigen opp via Paddetjern. Veldig vått i terrenget. Gjekk difor nordover og meir veg heim. Dårleg værmelding, men veldig fint vær på toppen. Supre raste- og bålplassar. Noko vind - men ikkje kaldt. Dei to >>>

Map    

Herleg kveldstur til Vassdalsegga

Date:
02.08.2011

Etter ein flott påskedag i april då vi av ulike grunnar ikkje kom lenger enn til det vesle vatnet ytst i Lisledalen, bestemte eg meg for å gå til Vassdalsegga i sommar. Og i går 2. august klaffa alt. Vi køyrde frå hytta ca. klokka 1100, og handla på Åmot. Var på Haukeliseter ca kl 1400. Tok nistepause med ein gong, og så gjekk vi frå tunnelopninga på raudmerkt stig til Kisteelvi. Der valde vi å halde rett fram opp lia nord for Kistenuten. Fin stig og lett gange opp til den første tjønni i Lisledalen. Planen var å setje opp teltet og gå opp til toppen dagen etter utan tung sekk. Men vi hadde brukt litt lite tid, og då vi møtte folk som sa at toppen berre var to timar unna, sette vi frå oss sekkane og tok turen som ein kveldstur. Vi brukte ikkje fullt to timar, og var heldige >>>

Map