Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Øyungskollen igjen

Date:
20.11.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:51h
Distance:
6.8km

Map    

Gampen i vått terreng

Date:
06.11.2022
Duration:
2:00h
Distance:
8.3km

Køyrde over Sollihøgda til Skaret og vende nesa mot Sylling. Parkerte ved bommen og gjekk opp til Toverudsætra. Mykje vatn som fossa ned lisidene. Tett skodde dessutan. Ved Soterud skar eg ppp til venstre der det var teikna inn stig på kartet. Ikkje noko sjakktrekk, for rotvelter og sti/vegfar som kom og gjekk gjorde ar eg var mykje ute i bushen. Og den bushen var våt! Klora meg til slutt opp vestsida av Gampen, og gjekk først på bålplass og så tre-fire Steinar over ein bolt i berget. Men ut-appen hadde ikkje toppunktet markert akkurat der, så eg virra rundt frå småhøgde til småhøgde oppe på platået der. Fann ikkje betre toppkandidat enn der bolten var. Følgde stig sudaustover, og kom ned på god traktorveg som endte opp nede ved Latinersteinen i Butterudbotn. God veg vidare. >>>

Map