Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Adventstur i Langlim

Date:
29.11.2015
Map    

Liten tur i novembersol

Date:
22.11.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Lang biltur for lite

Date:
01.11.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:45h
Distance:
5.0km

Etter fest dagen før og altfor sein start, kom Marit og eg fram til bommen ved Furubekken kl 1430. Vi hadde køyrt om Flisa og kom nordfra ned Finnskogvegen og tok av der det stod Furuberget. Følgde aask si beskriving, men gjekk nedturen hans opp, og ned omtrent same vegen. Veldig grei liten tur, sjølve toppunktet stod markert med eit norsk flagg i ein einerbusk(kommunetopp nr 22/428 hadde eit par skrive på flaggstanga). Men grensevardepunktet og grensegata og utsynet var fabelaktig. Vi åt niste, skreiv oss inn i boka, og fekk nydeleg kveldshimmel med solnedgang på veg ned. Det var i grunne grått vêr heilt til sola vippa ned bak horisonten. Flott himmel, men duskmørkt i skogen då vi nådde bilen. Så Grue sin topp blei det ingenting av, for hovudlykter hadde vi ikkje med oss. Batteriet >>>

Map    

Rust igjen

Date:
24.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
6.4km
Map    

Rust i praktvêr

Date:
17.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.4km
Map    

Sommardag i Rondane

Date:
15.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h
Distance:
15.3km

Så flott å få ein slik sommerdag i fjellet no på tampen! Vi drog frå Oslo etter jobb fredag, og etter å ha levert Uncas hos broren min. Kom til Spranget og parkerte der kl 2215. Med kvit høg himmel, gul i vest og stjerner i nord sykla vi inn til Rondvassbu. Fekk fire sengeplassar og sovna kvikt. Starta kl 1015, gjekk greitt opp til bandet mellom Storronden og Vinjeronden, drikkepause der. Så bratt opp til Vinjeronden og matpause der. Hadde gått vel 2 timar då. Noko vind, men ikkje plagsamt, og sol og varmt. Så var to av oss oppom Vinjeronden nord før vi fortsatte opp til Rondeslottet. Jamnt med folk - også på toppen. Ikkje ei sky og utsyn til alle kantar. Vi gjekk litt nordover for å sjå på terrenget, og det ER bratt. Så gjekk vi i stendig varmare vêr ned til bandet att, >>>

Map    

Reinshornheii i vind og sol

Date:
08.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:30h
Distance:
22.5km

Etter Roan i går overnatta vi i Valle, og starta frå parkeringa ved Suleskardvegen kl 0930. Uventa grått ver, yr varsla stor gul sol, men vi starta i yr og regnklede. Øyuvsbu, dnt-løypa forbi Øyuvsvatnet, søyle og myrar, så til Sandvatnet, Sveinstjønni og så Vidalega. Etter stigen forbi Øyuvsvatnet er løypa fin, godt merkt og variert trase med flotte bekkar, to litt større elvar som det var litt spennande å krysse. Nydelegaste parti var vel rundt Sveinsvatnet og særleg stølen på nedre Vidalega. Vi valde å følgje dnt-traseen eit lite stykke oppover, og heldt så mot aust ut av sporet. Vi skulle nok ha tatt av lengre nede, for vi endte opp mellom vatna 1062 og det andre mot nordvest. Derifrå kom vi greitt opp til toppen frå sør. Gjekk rett ned i Videdalen nedatt, på sørsida >>>

Map    

Roan med reinsdyr

Date:
07.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:15h
Distance:
8.8km

Endeleg ein dag med fint ver og varme. Vi starta frå P-plassen i Røyningsdalen ca kl 1300. Snakk om godt merkt turrute! Frå riksvegen og til topps er det umogleg å gå feil. Gjennom vakker furuskog med jamn stigning, så bjørkeskog med meir stigning, og deretter berg og lyng. Såg varden i god avstand, og var oppe etter 1,5 time inkl fotografering og småstopp. Lang pause på toppen. Vi gjekk ut mot aust og såg på stupet og på pynten mot søraust. Og der fekk vi auge på ein reinsbukk nedanfor oss. Etter kvart fekk han auge på oss også, men vi kunne følgje med han der han flytta seg heilt ned til dalbotnen til slutt. Så snudde vi oss for å gå opp til varden att, og der ved sida av varden stod to bukkar til i silhuett! Vi nærma oss forsiktig, og der materialiserte det seg ei simle >>>

Map    

Gryvla er kremtopp!

Date:
06.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.0km

Til å vere så nær hytta er det ille at eg ikkje har gått fleire turar i Heiådalen. Dei gongene eg har vore på Brattefjell, har eg alltid gått frå Sudbøsida. I dag køyrde vi til Slettevad, gjekk så bomvegen inn forbi Geiterov og Vierdokki og bratt opp til Geitenuten. Nydeleg gamalt stølslandskap! Vi gjekk til høgre for Skinnuten og følgde stig eit stykke, men mista stigen og følgde så liene bortover utan stig til vi vel kom til Djupedokk. Vi krongla oss rett opp kvæven under Springarnuten frå aust, og følgde derifrå fin stig oppover langs topprekka. Flott toppunkt, fabelaktig landskap og utsyn. Dessverre litt lågt skydekke innimellom, slik at vi ikkje såg Svafjell og Brattefjell, men hadde ganske god koll på det nære. I toppboka fann vi godt representert kollega med foreldre >>>

Map