Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Olsskavlen frå Raundalen

Date:
30.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:42h
Distance:
14.0km

Kommunetoppferie med Anne og Eirik resulterte berre i to toppar i år. Det var jo fordi vi på impuls i bilen vestover bestemte oss for å setje av tre dagar til Hårteigen, dei tre dagane måtte vi jo før eller sidan setje av uansett, og opp Hallingdal på veg til Voss fall vi ned på dette alternativet, etter først ha vurdert ein runde i Stølsheimen. Men aller først ville vi ha med oss Olsskavlen, dobbel kommunetopp delt mellom Voss og Granvin. Vi overnatta flott på Fleischers, provianterte og gjekk i sportsbutikkar, før vi køyrde opp Raundalen for å finne parkeringsplassen som vi hadde sett fleire omtale etter Reimegrenda og Voll. Den fanst ikkje lenger, plassen var avstengt med nokre improviserte kubbar og på stativet med parkeringsboks, stod det no eit parkering forbode-skilt. >>>

Map    

Klassisk Rust-tur

Date:
26.07.2018
Duration:
2:58h
Distance:
7.4km

Familietur til Rust. Berre spreke vaksne denne gongen, så det gjekk radig oppover, med innlagde spurter/løping for to av nevøane. Starta frå Dammen og gjekk så raskaste vegen rett opp om Kåbakkan. Fotosesjon på toppen, så bort til dammen ved Bjønnutdveggwn der vi bada og åt niste. Eg gjekk først og raskt ned til bolledeig og hunden som venta inne og til bad på brygga. Erling, Anniken, Vilde, Kari, Knut, Eirik, Sigrid og Sondre var med. 7,45 km, 712 hm som ein berre må stille spørsmål til, er vel meir ca 550? Var borte i 2 timar og 57 minutt.

Map    

Gryvlun igjen

Date:
25.07.2018
Duration:
4:00h
Distance:
10.5km

Herleg tur i varmt og stille vêr frå Slettevad. Møtte to hoggorm, elles ikkje «folk». Vinprøvde å gå ein runde bort til Snofonnskardet og sleiver, men mista stigen og rota litt på heimvegen. Anniken, Vilde og Sondre var med. 10,45 km, 509hm, 4 timar og 2 minutt inkludert pause.

Map    

Hestenutan med bad og molter

Date:
23.07.2018
Duration:
5:43h
Distance:
17.0km

Starta ved Manarosdammen. Gjekk Millionvegen til første vegskilje. Så opp til Stav, og deretter merka stig til Damtjønn. Vidare til Bøkretjønn der vi spiste litt, sette frå oss sekkane, og gjekk vidare forbi flyvraket til topps. Nedatt langs austre ryggen til Bøkretjønn og lang rast med bad. Eirik og Sigrid skulle overnatte i telt, og vi gjekk frå dei der. Ved første moltemyr blei eg att, Tom, Knut, Anniken og Erling gjekk raskt tilbake til bilen. Eg plukka eit par liter molter i vakker kveldssol, og var litt mør då eg kom tilbake til bilen etter sju timar. Gps-klokka gjekk dessverre tom for batteri. Men Toms klokke viste 17 km og 860 hm.

Map    

Vornuten

Date:
21.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:08h
Distance:
15.0km

Køyrde til Kasin og starta der. Så Løkin, Venelitjønn, Nordbøkriklan og Myklevatn. Bada på holmen. Der snudde Erling, Eirik og Sigrid. Anniken og eg gjekk vidare til Vornuten, så Haugebu, nordsida av Vorvatn, Kinsarviktjønni, over til vegen til Kinsarvik og ned Røynbrekka. Erling plukka oss opp ved Vinsvål. Utruleg mykje molter. Eg plukka tre liter. Varmt badevatn i Myklevatn, kanskje 19 grader? 15 km. 930 hm utruleg nok, mykje opp og ned. 5 timar og 25 min.

Map    

Ben Nevis i strålande sol

Date:
06.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.6km

Overnatta på svært shabby hotell i Fort William, sov dårleg, men kom i alle fall tidleg i gang. Kjøpte frukost og niste på Tesco som opna kl 0700, og køyrde til Glen Nevis der vi spiste frukost ved Visitorsenteret før vi starta å gå ca kl 0830. Var litt imponerte over dei vi møtte på veg ned i 0900-tida! Gjekk alle tre samla opp til innsjøen, men derifrå gjekk Tom og eg litt på i forvegen, medan Marit ville gå seinare og vurdere å snu om det blei for langt. Vi brukte tre timar opp, rasta og tok bilete, og beundra utsikta, før vi ringte Marit for å høyre korleis ho låg an. Då hadde ho falle på ca 1200 hm, slått og skada handa, og var på veg nedatt. Vi tok henne ikkje att før vi kom ned mot dalen igjen. Blå bandasjert hand som nokre kjekke tyske damer hadde fiksa. Leitt. >>>

Map    

Stac Pollaidh

Date:
04.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:53h
Distance:
5.2km

Overnatta to fine netter i Ullapool på Skottlandsferien vår, og brukte ein ettermiddag på tur til Stac Pollaidh. Den første toppen var grei, men bortover tinderekka blei det ganske luftig og ekkelt, og før siste og dessverre høgaste toppen, tok vi av og aka oss ned skardet mot hovudstigen. Marit og eg greidde å miste Tom som gjekk først, og der vi trudde vi gjekk i hans spor, hadde han kasta inn handkledet tidlegare, og kome seg ned til stigen via eit anna skard. 5,2 km, 540 hm, 2 timar og 52.

Map