Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Moltetur med topp innlagt

Date:
23.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:05h
Distance:
13.8km

Map    

Storstyggesvånåtind - endeleg!

Date:
15.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:26h
Distance:
21.6km

Den første veka på jobb etter ferien kom jo med supert vær, og vi bestemte oss for å nytte høvet å prøve oss på Storstyggesvånåtind. Eg har hatt den på ønskelista sidan eg gjekk aleine til Snøhetta for nokre år sidan, men denne hadde eg ikkje lyst til å gå aleine. Heldigvis ville Tom vere med, og vi skrubba ikkje då det var fullt på Snøheim, men pakka rett og slett ned telt og overnattingsutstyr og kom oss ut av byen kl 1300 på fredag. På Hjerkinn rakk vi skyttelbussen med god margin, men vi var sjokkerte over mangelen på virusberedskap, for på bussen blei vi berre dytta inn, og folk sat og stod oppå kvarandre. Merkeleg oppleving etter fem månader med sosial distanse i Oslo. Vi starta å gå i ein heilt klår kveld frå Snøheim, og gjekk i 1,5 time og kom ca 6 km innover. >>>

Map     1 comment

Ny trase til Vehuskjeringi

Date:
08.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:50h
Distance:
12.0km

Drog med lokale som gjorde at vi køyrde gjennom open bom frå Brannkvålen til Deildestøyl. Kunne difor starte rett på stig. Gjekk forbi staulen Klemmen og så opp til vadet over den flotte bekken ned svaberg og småstryk. Stigen derifrå og opp var kjempefin og ikkje så brutal som den som går frå Hyllandshei via Jønnardalen - eller den som går rett opp frå Vehus. Den låg flott i terrenget, og vi vann høgda nesten utan å merke at vi nærma oss toppen. (Kan også hengje saman med at Berit og eg prata i eitt heile turen!) vi brukte 1 time og 35 opp. Rasta lenge i nydeleg vær, snakke med nokre andre toppturgåarar også. På vegen ned fekk vi med oss tre geiter som hadde følgt nokre turgåarar til fjells i staden for å halde seg på staulen Lega. Dei følgde oss veldig lojalt, ikkje >>>

Map    

Hestenutane igjen

Date:
07.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
17.0km

Tur frå Manarosdammen. Gjekk vanleg stig opp til varden, åt niste der, tok ein liten sving bortom den vesle varden aust for toppen for å sjekke utsikten. Gjekk så ned til flyvraket, dinest ned til eidet ved Bøkretjønn der vi sat og koste oss litt. Så lisida ned til myrane nedafor Damtjønn. Vegen frå Øvre Stav til bilen. Klokka mi slog seg av nokre kilometer på nedturen, så dei vitale tala er litt omtrentelege. Ca 800 hm, ca 17 km, ca 5 time og 30 minutt brutto. Jostein og Tom var med.

Map    

Furufjell etter molter

Date:
06.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
7.5km

Moltetur der vi starta med å gå til Furufjell, og så rasområdet vi med oss dei øvre støene medan vi var der. Marit var med. 3 t 46 min brutto. 388 hm. 7,5 km.

Map    

Ettermiddagstur til Bjørgenuten

Date:
03.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:55h
Distance:
5.4km

På veg frå Stathelle til hytta, køyrde eg opp i Grunningsdalen, og følgde merkt stig til Bjørgenuten. Veldig flott toppunkt, også toppen 870, der utsikten til Flatdal og Mælefjell var betre. Gjekk opp på 56 minutt. Rasta litt og så nedatt. Møtte til saman 6 personar på turen. Nydeleg kveldssol. 5,4 km, 417 hm, 1 time og 55 totalt. Gjekk aleine.

Map    

Robekknuten - første gong

Date:
01.08.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:17h
Distance:
23.6km

Køyrde til Bjåen, sykla dei 5 km til Sandsetvatnet, og gjekk derifrå. Det blei 10 km på sykkel, 13,6 på beina. Vått i dei store myrane, følgde stig til Grotvatnet, kryssa bekken mellom den øvre og nedre tjønni, gjekk over eidet og runda så nordover rundt Brattefjell. Fann ikkje stigen med ein gong, men den er der! Kom innpå etter kvart, og når eg tykte eg såg ein høveleg trase oppover Robekknuten skar eg av til venstre og fekk ei veldig fin rute opp vestryggen av Robekknuten. Godt å gå på lyng og berg. Var på toppen etter 2 timar og 5 minutt. Åt i le på nordsida av toppunktet, og gjekk same veg ned igjen. I det brattaste partiet gjekk eg kanskje 100-200 meter lenger vest ned. Deilig å ha sykkelen ved Sandsetvatnet. Totalt var det 842 hm frå Bjåen. Gjekk på 4 timar og >>>

Map