Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Kvikk tur til Veitåsen

Datum:
30.10.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:25h
Entfernung:
2,0km

Liten sving oppom denne toppen i halvskumring før eg tok fatt på turen heim til Oslo. Ikkje stort å melde, møtte uventa nok to turorienterarar. 2 km, 25 min, 82 hm. Gjekk aleine.

Karte    

Liten tur frå Langangen

Datum:
29.10.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:51h
Entfernung:
3,3km

Har hangla i tre veker, men fann ut at eg orka ein liten Telemarks-topp på veg til Stathelle. Parkerte ved skolen og gjekk roleg opp og ned. 15 grader i lufta, strålande sol og haustfargar. 3,25 km, 142 hm, 51 minutt. Gjekk aleine.

Karte    

Jønnardalsfjellet i gråvær

Datum:
23.10.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:36h
Entfernung:
6,5km

Liten tur frå hytta. Starta i lett yr, blei betre etter kvart. Møtte Tom ved Stemmen på veg ned. Gjekk ein sving saman til Stubbåi og hytta av Sveinung. 6,5 km, 1 t 38, 256 hm.

Karte    

Fin hausttur til Piknatten

Datum:
22.10.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:27h
Entfernung:
5,8km

Flott tur på mange plan. Vi hadde tenkt å gå frå Lien sidan vegen står markert som bomveg på kartet, men den var open og bar ikkje preg av å vere stengt nokon gong. Det fekk vi stadfest då vi møtte folk oppe på Storstaul. Nydeleg velstelt og veldrive stølsområde. Dei har dyr her om sommaren, og i dag var heile storfamilien i gang ned diverse arbeid. Vi snakka lenge med ei dame på min alder, og ganske raskt innsåg vi at vi har møttest før - på tur i Mælefjell. Veldig turglad kårkone på gard i Flatdal. Vi fekk tips om trase, og gjekk heilt greitt opp til Piggnatten, som den lokalkjende grunneigaren kallar Piknatten. Vi spiste niste på toppen og hadde fint utsyn til kjende fjell med den første snøen på. Så gjekk vi bratt ned ufsene til Klælaustjønni, og vidare ned til >>>

Karte