Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Vettakollen og runde i skogen

Datum:
23.05.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
15,6km

Gjekk heimefrå i sommarver. Pusha opp ryggen til Vettakollen. Så rileg tur der det berre var å ta innnfull vår og fugleliv. År niste og bada i Oklungen, og tok enda eit bad i Sognsvann. Gjekk heilt heim til døra. 15,6 km, 4 timar, 458 hm. Gjekk aleine.

Karte    

Perfekt maidag til Hjelmen

Datum:
15.05.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:43h
Entfernung:
7,0km

For ein dag! Etter Pyttegga overnatta vi på Thon hotell i Surnadal - deilig med dusj og komfort etter tre dagar på tur og dnt-standard. Etter god frukost køyrde vi til Settemsdalen og følgde t-merkt stig til toppen av Hjelmen. Fantastisk nydeleg dag. 17 grader og vindstille kl 10:30 då vi begynte å gå. Det var ikkje mykje flate parti oppover, jamn stigning heilt til topps, først gjennom bjørkeskog - med ny blåbærlyng og kvitveis - så over tregrensa med tidvis ganske bratte parti mot slutten, måtte bruke hendene og klyve nokre stader. Det lufta litt då vi kom over tregrensa, men det var i praksis vindstille då vi hadde drikke- og fotopause i 30 minutt på toppen. Fjorden låg blikkstille, kvite imponerande snøfjell i sør og øst, og vi kunne kjenne att Ruten og Innerbergsalen >>>

Karte    

Supre tre dagar for å krysse av Pyttegga

Datum:
13.05.2024
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
16:00h
Entfernung:
48,0km

Har lenge drøymt om denne turen, og denne gongen klaffa det for turfølget og med vêr og fridagar. Vi starta på Nordseter og køyrde til Brøste. Der snakka vi litt med ein bonde som sa at vegen vidare ikkje var køyrbar, og at vi måtte belage oss på skibering. Det stemte. Vi bar skia på sekkane nesten heilt fram til Kabben (5,5 km), og derifrå måtte vi av og på med skia fleire gonger fram til Tunga. Vi gjorde feil vegval og følgde sommarstigen på høgre side av elva oppover. Det blei eit mas med ski av og på, med kratt og myr, og med skigåing i lyng og myr. Dei siste par kilometrane var det gode femner å gå på. Vi brukte seks timar på 18 km! Vi var aleine i Puttbua, og starta å gå før kl 0900 måndag morgon. Sol og svak bris. I høgda bles dei meir. Vi følgde veldig grei >>>

Karte    

Skogstur om Vettakollen

Datum:
10.05.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:45h
Entfernung:
19,3km

Fin maidag. Ikkje veldig varmt, men fint å gå. Gjekk til Vettakollen først, både utsikten og bortom sjølve toppunktet, vidare til Fuglemyra og så rett fram til gamle Skjennungsvegen. Den følgde eg til Skjennungsstua der eg rasta. Så vegen til Ullevålseter, is i solveggen der, stig gjennom skogen til Lynhytta og austsida av Lille Oklungen. Gjekk heilt heim til døra. 19,25 km, 499 hm, var ute i 4 t og 38 min. Gjekk aleine.

Karte    

Kveldstur til Vettakollen

Datum:
06.05.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
7,0km

Karte    

Fuglafjellet frå Hamlagrø - kommune nr 300

Datum:
02.05.2024
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:30h
Entfernung:
30,0km

Det blei Kvam som kommune nr 300 i topp-prosjektet. Verkeleg verdig jubileumstur blei det. Eg drog med buss til Notodden og overnatta hos Hallgrim slik at vi kunne starte tidleg 1. mai. Vermeldinga hadde varsla om det første sommarveret, og det slog til. Vi kom fram til Hamlagrøosen kl 1430, spiste litt, skifta og pakka litt om. Så gjekk vi dei to timane opp til Vending turisthytte. Varm ettermiddagssol. Vi var einaste gjester på denne fine sjølvbetente hytta. Då vi gjekk og la oss var det 10 plussgrader ute kl 2200! Vi var ferdig vaska ut av hytta dagen etter til 0845, og starta å gå i 12 plussgrader. Vi var i tvil om beste trasé opp, fjellet såg bratt ut frå alle kantar! Men vi valde å runde fjellet og gå ned Fugladalen, og heldigvis gav gamle skuterspor og skispor indikasjon på >>>