Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fjerde fylke ferdig og topp 150 nådd

Date:
31.05.2015

Fekk ingen med meg i dag, men i denne rare maimånaden med annakvar dag med regn og sol, var dette soldagen i helga, og eg drog av garde på eiga hand. Køyrde først til Svarverud, der eg gjekk på sykkelen og sykla langs dei fine vatna innover. Verkeleg nydeleg sykkeltur i skiftande sol og vind. Først drog eg rett fram i vegkrossen etter Kulivatnet, men eg snudde og tok vegen til venstre (mot aust) i staden. Der gjorde eg ei feilvurdering av type som eg har gjort før, for når eg kom opp bakkane og så ein liten stig som gjekk i nokolunde rett retning, parkerte eg sykkelen og skar innover skogen. Hadde for dårleg kartutskirft, men heldigvis gps med meg. Då eg trudde eg var omtrentleg på toppen, viste gps'en at eg var halvvegs. Har problem med å vurdere avstand utifrå kart. Så eg rota >>>

Map    

Tre toppar og overnatting i Hedmark

Date:
24.05.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
24.5km

Pinseaftan var nydeleg i Oslo, men det var sundagen vi hadde sett av til topptur. Laurdag ettermiddag sjekka vi yr.no, og oppdaga at det var varsla regn frå ettermiddagen sundag. Og sidan eg hadde blitt utfordra til å sove ute i løpet av mai i ein stafett på jobben, heiv vi oss rundt, pakka sekkane og køyrde til Odals verk der vi var framme kl 2015. Vi vandra oppover vegen forbi Fløyta og opp til demningen i Valsjøen, der var det jo ein fin teltplass, men vi tenkte først at vi hadde gått litt kort, og gjekk vidare og til venstre bort til neste vatn. Rota litt der etter ein teltplass, men endte med å dra ned att til Valsjøen, der vi slo opp telt, åt varme nudlar og delte ei flaske raudvin. Kraup ut av teltet i morgonsol, åt frukost og la oss i veg oppover vegen ca kl 0815. Klart >>>

Map    

Andre gong på Vassdalseggi

Date:
15.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
22.0km

Ny kjempedag på Haukelifjell. Starta i gruppe med Stavanger turistforeining kl 0930. Så varmt allereie at vi på teknisk pause etter 10 minutt måtte av medytterjakker og lue. Så vi gjekk i trøyer på nordsida av Kistenuten og opp til Lisledalen. Førre gongen Tom og eg gjekk her på ski var elva ned frå Dalen lett identifiserbar under snøen, og på sommarturen vi tok hit for eit par år sidan, var jo dette ei stor stri elv som vi strevde litt med å krysse. I dag var den heilt borte, berre ei fin glatt snøflate. Så det er mykje snø i fjellet! Vi tok på feller der vi byrja den bratte oppstiginga mot egga, og beheldt dei på til vi var oppe på "taket". Vi hadde fin rast etter at vi hadde kome opp den første dryge bakken før vi byrja å gå den eigentlege egga. Turleiaren >>>

Map    

Sandfloeggi i optimale forhold

Date:
14.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:00h
Distance:
38.0km

Vi var fire som starta ved parkeringsplassen ved Ulevå kl 0930. Etter ei natt med minusgrader starta vi på skare som eit Gol, heilt vindstille og ikkje sky på himmelen. Tom og eg gjekk på feller til der løypa tar av mot Vesle Nup. Det var 4 km og 300 høgdemeter. Stort høgdepunkt å få inn ein reinflokk frå høgre som delte seg i to. Den eine dele kryssa løypa framfor oss, den andre heldt seg til høgre og forsvann over ei høgd bak oss. Herleg! Ved Mannevatnet kortslutta vi litt og følgde stikka løype for langt, slik at vi måtte krysse over ein kam for å kome tilbake sør for Poddevatn og inn på Holmesjøen. På ein bar odde rasta vi i tørr lyng og ryggen mot slett berg. Nupseggi sett frå Holmesjøen er verkeleg eit dramatisk og flott syn. Føret var framleis heilt perfekt, >>>

Map