Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Tur for to

Date:
25.09.2011

Sundagstur med utgangspunkt i Oslo. Henta Kathrine på vegen som var noko kjend på Hurum - eg hadde aldri vore der før - så på tide ville noko seie? Nydeleg septembersol då vi køyrde bilen ut langs vatnetpå vestsida av Hurumlandet. Gjekk frå parkeringsplassen etter Sem, følgde blåmerka stig opp til toppen. Stigen var våt sjølv om siste veka har vore ganske tørr, men to-tre månader med nedbør gjer vel sitt. Som å gå i bekk mange stader. Toppen var fin. Ikkje heilt klart - ein kystallklar septemberdag ville ha vore ideelt. Litt disig i dag - men vi så da fjord i mange retningar, og for første gong Hurum frå "lufta". Etter lang koserast, bar det ned att. Vi glei og datt over ende ein gong kvar på nedturen - utan å få men av det. Kathrine var altså med.

Map    

Bøs høgaste i grisevêr

Date:
18.09.2011

Tur med Skien og Telemark turistforening. Vi møtte ei gruppe med fire andre ved kommunehuset i BØ, og dermed måtte det bli noko av turen som nok hadde blitt avlyst om vi ikkje hadde kome. Køyrde bomveg til Limarka og Røksbu. Derifrå gjekk vi til Smylistul, opp lia ganske bratt til Langetjønn, så opp langs bekken til Åstul, og deretter vest over bekken opp til toppen. Vi fekk tåke og sterk vind etter Åstul, regn hadde vi heile tida. Vi kom opp frå sudsida, men gjekk ned nordaustsida. Kom til vatna Småholmen og Holmen (rare vassnamn). Turleiar hadde nøkkel til fiskarlaget si hytte, og det var bra for vi var gjennomvåte og kalde sjølv i goretex-klær. Det blei fyra og vi fekk tørka klær, ete niste og hadde lang hyggjeleg praterast. Nedturen var betre, nesten ikkje regn, men meir >>>

Map    

Liten tur til veldig fin topp

Date:
11.09.2011
Map