Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Første moltetur til Furufjell

Date:
29.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
4.0km

Andre gong til Furufjell i sommar. 35 minutt med jamn gange. Hadde med spann, og etter ein runde ut på nutane mot sør og vest, fekk eg med meg dei første 2,5 litrane med molter. Regnet kom før Uncas og eg var nede att. Var vel borte i 2,5 timar. 351 hm. 4 km? Uncas var med.

Map    

Bossnuten frå to kantar

Date:
28.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:12h
Distance:
7.0km

Fordi Knut trenar til stor Storen-tur om ei veke, blei vi samde om at han og Anniken skulle gå til Bossnuten frå Bjåen over Lifjell, medan vi andre ville køyre til Bossbøen å få ein kortare tur. Det passa best for Uncas som fekk for lang tur på tysdag. Og det passa for meg som var blitt nedsylta av forkjøling dei siste dagane. Vi neglisjerte fleire skilt som bonden på Bossbøen hadde sett opp for å halde fotturistar unna. Det gjorde fleire andre også. Men skulle ein respektere dette, bør ein no køyre ut til Varland og gå derifrå. Der er også stig. Raskt opp forbi tregrensa, og så deilig terreng og stig vidare og opp til toppen. Vi fann ei lun grop, rasta og kosa oss medan vi venta på dei som gjekk frå Åmotsdal. Dei kom ca 30 minutt etter oss. Eg brukte 1 time og 10 minutt >>>

Map    

Deilig i Åmotsdalsheiane

Date:
26.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
12.0km

Køyrde frå hytta og opp bomvegen inn Heiådalen. (50 kr i kontantar i kassa ved Fossheim.) vi parkerte ved Slettevad, gjekk inn vegen til staulen Vierdokki, og opp stigen til staulen Geitenuten. Deilig vêr å gå i, heldt til venstre for Geitenuten, opp til Skinnuttjønni, vidare ned til bekken og så opp den flotte tørre ryggen til toppen. Det kom drivande ei regnbyge vestfrå, men vi gjekk akkurat klår av den, og hadde så hyggjeleg rast i sol. Vi bestemte oss for å bruke den fine dagen litt meir offensivt enn å gå same vegen tilbake. Dermed rutsja vi ned austsida av toppen til Fyljomtjønni, og der klora fem av oss oss opp til Fyljomnuten frå sudvest. Det er bratt der og ur, men fordi vi såg ei grøn renne oppover, tenkte vi at det burde gå an, og ganske riktig, bratt, men heilt >>>

Map    

Til Tron i bil

Date:
23.07.2016
Characteristic:
Car drive
Distance:
20.0km

Avslutta den flotte bilturen til Mo i Rana med eit kuriosum: til topps på Tronfjellet i bil! Sonen min er jo ingen friluftsmann, men dette tykte han var kult. Vi køyrde opp i fint vêr, men ei regnbyge drog innover toppen medan vi var der. Klatra først opp på Alvdalstoppen, så bort til varden ved radarmasta på austtoppen. Åt lunsj i bilen pga regnet. Dermed blei fasiten på Mo-turen seks fine nye toppar.

Map    

Ny kremtur

Date:
21.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
12.0km

Fjerde etappe på veg til Mo i Rana. Hadde overnatta i Harran, og vakna til rekordvarme. 25 grader då eg gjekk frå bilen øvst i Steinådalen. Der heldt eit arbeidslag på med å byrje fundament for nye høgspentmaster - trur eg. Veksla nokre ord med dei før eg la i veg opp lia til venstre for Teltvatnet. Rett nok var det varmt, men ein god vind gjorde dagen fullkomen. Ikkje eit insekt! Eg skar rett opp lia og kom ganske raskt inn på tørr bergrygg. Men før det sprang ein nydeleg brun hare opp, og forsvann framfor meg. Så sterkt å oppleve dyreliv! Følgde bergryggen heilt opp til den vesle toppen med varde. Derifra heldt eg høgda i ein boge, og kom rett på dei to små tjønnane under toppen. Lurte litt på trasé opp, men gjekk til høgre for snørenna og til venstre for det våte >>>

Map    

På sparket til Elgshøgda

Date:
20.07.2016
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:30h
Distance:
5.0km

Overnatta etter gårsdagens kraftanstrenging på Halland camping. Rimeleg og bra! Bråbestemte meg i dag tidleg og snudde mot Berkåk i staden for å halde fram til Trondheim (målet med turneen er altså Mo i Rana i morgon torsdag). Køyrde ned vakre Rennebu for første gong, greidde sjølvsagt å køyre feil etter Løkken, eg køyrde heilt til Svorkvatnet før eg tok meg innatt. Og ved Solsjøen greidde eg heller ikkje å finne rett veg, der eg sat og brukte nettet i bilen. Køyrde bomvegen mot hyttefeltet Søton utan å betale (har jo ikkje myntar i lommebok lenger) og parkerte der vegen sluttar. Utan kart Busha eg på retningssansen oppover, og gjekk rett på hytta i sørenden av den store myra og så rett opp. Brukte 41 minutt. Toppen var fin, masse moltekart over heile topplatået. Nedover >>>

Map    

Draumetur til Brannheiklumpen

Date:
20.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:47h
Distance:
8.0km

Rett og slett fabelaktig tur. På veg nordover hadde eg tenkt å ta ein ettermiddagstur etter den vesle føremiddagsturen i Skaun. Men avstanden frå Steinkjer var lenger enn eg trudde, første eit langt stykke langs Snåsavatnet på rv 763. Så vegen mot Imsdalen, og så grusvegen sørover att inn Roktdalen. Bomavgifta var kr 120, heldigvis betalbar PR telefon. Mange stikkvegar innover, heldt kursen mot Holsingsetra etter å ha lese Sola19 sin rapport ( her hadde eg altså budd meg med kartutskrift og turbeskrivingar). 3 km rett fram frå krysset der det står Holsingsetra til venstre fann eg på høgre hand den raude hytta som er Brannheibua. Fann også stigen som startar bak hytta. Gjekk forbi tuftene etter Brannheisetra, og kosta på oppover. Biltermometeret viste 21 grader då eg starta >>>

Map    

Lang dag i Alvdal vestfjell

Date:
19.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:15h
Distance:
25.0km

I går sykla eg inn til Breisjøsetra frå parkeringa nedafor Sjølisetra. Merk at vegen oppover ikkje er den rett ved parkeringa, men den eit par hundre meter før plassen (med bom). Dårleg merking, eg starta feil på same måte som andre eg møtte på hytta. Slitsame tre kilometer oppover på dårleg underlag, eg trilla sykkelen for ein del. Så 7 km med fallende tendens, men laber fart pga dårleg vegstandard. Rakk ein dusj før middag kl 1800. La meg tidleg og vakna tidleg. Værmeldinga var litt halvvegs, og sidan Sølnkletten låg i morgensol med skarpe konturar, bestemte eg meg for å nytte dagen, og drog i veg kl 0700. Ein bolle frå i går, og ein solo og kvikklunsj frå resepsjonen raspa eg med meg. Aggregatet var enno ikkje starta, og frukost var det ikkje før 0830. Starta i sol >>>

Map    

Tåråfjellet

Date:
17.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
7.8km

Køyrde frå hytta kl 1100, og tok vegen Seljord - Bø. Tok av mot Sommarland og Notodden. Rett etter Vatnarvatnet, tok vi opp til høgre mot Brennekåsa. Spurde om vi fekk parkere i utkanten av tunet, og det var greitt. Følgde litt gjengrodd traktorvei bratt opp til der ein krysser bekken mot nord. Derifrå var det stig til setra Hankvarstulen. Litt trist å sjå alle desse setrene som gror att og fell ned. Her stod det eit sel, og ruinane etter fjos. Herifra gjekk vi på GPS i retning den merkte stigen som vi etter kartet skulle kome innpå verst for Sandvatn. Det gjorde vi ikkje, den er feilmerkt på n50, for den går faktisk heilt nede i strandkanten. Vi kryssa myrdraget som skiller Tåråfjellet frå nuten vest for Sandvatnet. Så klatra vi oppover, og rett under toppen kom vi endeleg >>>

Map    

Hytteklassikar

Date:
16.07.2016
Duration:
2:00h
Distance:
6.0km
Map