Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Draumeforhold og draumetopp

Date:
16.04.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:00h
Distance:
30.0km

Hadde eigenleg tenkt meg til Hemsedal, men etter å ha følgd med på yr heile veka, vende vi i staden blikket mot sudvest; mykje vind meldt i Skarvheimen. Utruleg då vi drog i regnver frå Oslo i går, at vi skulle få ein så flott dag frå Røldal skisenter til Kyrkjenuten i dag. Drog frå hytta kl 0810, var i Røldal kl 1000, og på skisenteret noko seinare. Fekk bruke heisen gratis heilt til topps, og derifrå følgde vi spor mot Seljestad til vi tok av då vi kom ned på vatnet. Det var tre utruleg lette kilometer, vi rann ned. Skare under, maks fem cm nysnø oppå, blå voks var heilt rett, vi gjekk på det heile dagen. Etter å ha gått dryge 6 km og klokka var ca 1230 rasta vi i vindstille og steikande sol. Så bar det vidare. Vi heldt høgda eit stykke opp frå vatna vest for oss, >>>

Map