Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kveldstur til Prestskjeggen

Dato:
25.06.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:27t
Distanse:
4,0km

På veg til Oslo i sommartrafikken ein sundag kveld, tok eg av ved Langangen og gjekk meg tur til Prestskjeggen. Artig terreng og vegetasjon, mykje barlind, vill kaprifol, bøketrær mm. Det flaug opp ein grønnspett som eg dessverre berre høyrde rett ved, men ikkje fekk tatt ein ordentleg titt på. Fann betre stig ned enn opp, som ofte er tilfellet. Plukka av meg 7 flått då eg kom heim, og to til dei neste dagane....Gjekk aleine.

Kart    

Rust i juni

Dato:
18.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:32t
Distanse:
6,5km

Gjekk frå Dammen og opp. Lytta og titta på fugl. Såg ramn og ein rovfugl + nasse småfugl. Eit par regndropar på toppen, overskya, men passe varmt. 6,5 km, 517 hm, 2 t 36.

Kart    

Eit par nutar i Vinje

Dato:
17.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:45t
Distanse:
8,2km

Nydeleg sommardag - 22-25 grader, deilig ned litt lufting på toppane. Gjekk frå Homvasstålan opp vegen til Kvæven. Derifrå busha eg mot sør til Steinburonuten. Brukte litt tid på å identifisere fugl. Fuglelåtappen identifiserte mange, men det var berre ein ny til lista mi som eg såg sikkert, men til gjengjeld to gonger: ringtrost! Frå denne første toppen gjekk eg nordover, også rein bussing sjølv om eg sneie innom fleire gamle stigar på vegen. Rorgefjellet har eg vore på før for fleire år sidan, men dagens tur var betre. Litt lufting, nokre snøflekkar framleis, men mest nye irrgrønne lyngbakkar og godværshimmel. Rasta på nuten lengst aust - saman med ein ringtrost. Busha ned til Stålan. 8,16 km, 3 t 43, 514 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Kveldstur til Havsås

Dato:
11.06.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:33t
Distanse:
4,0km

Nydeleg tur. Med Benjamin og to kikkerter. Går i lære om fugletitting. Så vi lytta og titta og koste oss i vakker forsommarskveld. T-merkt stig. 4 km, 1 t 35 min, 193 hm.

Kart    

Andre kveldstur

Dato:
11.06.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:16t
Distanse:
4,2km

Tok ein tur til, køyrde mot Herre, og fann riktig p-lomme ved bom. Så gjekk vi oppover vegen, hadde tenkt å ta stigen til venstre etter første falleferdige hus på v side, men vi gjekk for langt pga fuglefokus, så valde i staden å gå vegen heil til endes og så følgje stig så langt den gjekk og deretter kraftgata. Men stigen gjekk heilt opp den, og ikkje nok med det, utruleg stor gammal varde der oppe. Med utsynet rett mot Frier og Stathelle er det vel rimeleg å anta at dette er ein gammal veteplass? 4,2 km, 1 t 18, 166 hm. Benjamin var med.

Kart