Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Morgontur til Storheia

Datum:
07.11.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
8,9km

Seminar i Trondheim som starta kl 1230, opna for at eg endeleg skulle få med meg Trondheimstoppen. Stod opp tidleg, frukost på hotellet og så drosje til Skistua. Der starta eg rett før kl 0800. Hadde sjekka at soloppgang i Trondheim var kl 0815 no, men det var heilt greitt lys då eg starta å gå. Såg sola sånn ca kl 0830, og var oppe på toppen etter 55 minutt, DVs rett før kl 0900. Eg er jo til vanleg ingen morgonfugl, men det kjendest veldig fint å ha terrenget og soloppgangen heilt for meg sjølv! Kuldegrader frå morgonen av, så kloppene var rima og ein del is og glatt, samstundes med at myrene ikkje var heilt frosne. Så både søylete og isete utan at det var noko stort problem, heldt meg på beina. Gjekk rett nedatt etter å ha tatt obligatoriske bilete. Det gjekk faktisk >>>

Karte    

Andre i Vest-Agder

Datum:
04.11.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
2,7km

Karte    

Vehusknausen, liten tur i rufsete terreng

Datum:
04.11.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:42h
Entfernung:
2,7km

Dagens andre tur. Køyrde frå Søgne til Setesdalsvegen og Høie - så der kjem sengetøyet vårt frå! Tok av Mestadvegen til venstre, rett fram i slak høgresving og så opp til Espestøl. Der gjekk vi vegen rett fram til vi hadde ei myr på høgre hand. ( Dei oransje småtingene som låg ute i myra var restar etter leirdueskyting.) Tok av til høgre og følgde Knut Sverre sitt gps-spor som han følgte på nedturen. Tok 16 minutt opp i rufsete terreng. Tok eit bilete ved bolten, og såg varden litt bakafor. Ikkje noko utsikt i dag. 2 km. 44 minutt inkludert prat med ein kar som utbetra vegen. 79 hm. Marit var med.

Karte    

Siste i Aust-Agder: Hisåsen i Lillesand

Datum:
03.11.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
6,9km

Karte