Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Valanuten

Date:
31.07.2012
Map    

Lang tur med flotte opplevingar

Date:
18.07.2012

Køyrde tysdag ettermiddag frå Seljord, ferga over Fjonesund, litt proviantering i landhandelen på Fjone og sjekka dessutan ut dei ni fine gravhaugane der, så bomvegen inn til Hægefjell. Fullt av bilar og minst fire nasjonalitetar - som vel alle dreiv og klatra. Vi tok på tunge sekkar og sykla (etter tips frå Ole Petter) inn til Grimvatn, der vi slo opp telt og åt middag ved stranda. Klokka 2000 blei knotten for ille, og vi trekte inn i det ganske trange tomannsteltet - med hund! Sudoku redda det som var att av kvelden. etter frukost starta vi med heilt blå himmel og lett oppakning klokka 0915. I myrane mellom bekken frå Fallsli og svaberga høgare oppe gjekk vi på ein elg. Svaberga gjekk fint, og vi kom greitt opp i 900-1000 meter og følgde høgdedraget bort til dei to små bekkedalane >>>

Map    

Registrerer om att

Date:
18.07.2012
Map     1 comment

Nesten ut av tåka!

Date:
07.07.2012

I Selje for seljumannamessehelga. Mykje program, men rom for å få med seg kommunetoppen. Dagen før var fjorden og himmelen blank, men i dag hang skodda på ca 350 m. Pytt, pytt. Vi parkerte ved Berstad, følgde greitt godt merkt stig til høgre etter etter eit par hundre meter. Dukka inn i ull, og gjekk i tett skodde til topps. Brukte ca 1,5 time i roleg tempo. På toppen skein sola svakt gjennom disen, men ikkje nok til at vi såg noko. Ganske varmt, og ganske stille i le bak varden. Og så - som ei hildring - letta det opp i eit par tre korte glimt, og vi så fjelltopper med snø i solskin stikke opp over det kvite skoddehavet. Sterkt! Vi sat i ein time og venta på ny klaring, men måtte gje opp. Brukte ein time ned.

Map