Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Øvrumkollen i småregn

Date:
16.06.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:39h
Distance:
3.5km
Map    

Ramsås

Date:
16.06.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:33h
Distance:
2.0km
Map    

Strdsklev vanntårn

Date:
15.06.2024
Duration:
0:00h
Distance:
0.2km

Hadde vore på gjenvinningsstasjonen i Pasadalen og køyrde oppom. 150 meter å gå! Brukte 4 minutt, det meste til fotografering.

Map    

Østre og Vestre Vealøs

Date:
14.06.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
3:43h
Distance:
12.0km

Smågrått vær, men burde eigne seg for tur. Fekk med meg Benjamin som hadde vore på Østre og Vestre Vealøs før. Sjølv minnest eg svakt ein tur til Vealøs som barn, meir enn 50 år sidan altså, og eg hugsa ikkje stort av det. Vi starta ved bommen forbi Store Skifjell. Gjekk eit stykke opp vegen før vi tok av til høgre og følgde blåmerkt stig til tjønna ved Gramsebu. Der så vi ei kvinandho med fem nydeleg småungar bak seg. Så gjekk vi opp til Østre Vealøs og spiste niste der frampå berget. Nedatt og stig vidare mot vestre Vealøs. Då vi kom ut på grusvegen, såg vi ein stor fugleunge i vegen - straks følgt av mora - ei røy! Flott å få så god kikk på både mor og unge. Vi gjekk raskt grusvegen opp til toppen. Der var det nesten litt sol då vi sat ned for å drikke >>>

Map    

Vardane i håplaust vær

Date:
09.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
8.5km

Køyrde frå Ørsta til Molvær og parkerte ved Vasskummen. Det regna og det var dessutan meldt striregn heile dagen, men eg hadde no berre denne dagen til disposisjon, så det fekk stå sin prøve. Hadde sjekka spora til lyngve, sidan dette må vere «hans» topp, og valde kortaste veg rett opp. Det var null sikt etter Molværtjønna dessverre. Eg gjekk jamnt på, og brukte likevel 1 t og 25 opp. Eg har sett lyngve brukar 1 time og 40 opp og ned, så eg regnar med at dette er ein kar i superform! Det bles kraftig på toppen, og eg fekk no eit inntrykk av topplatået med mange vardar. Dei fine grasbakkane rundt toppen og dei bratte sidene til alle kantar gjer nok denne toppen heilt nydeleg i godt vær. Synd då at eg kasta den bort på ein så våt og grå dag. Vonhytta var open og unte meg >>>

Map    

Sollia - Herøy og Sande

Date:
08.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:42h
Distance:
9.9km

Turliv i kombinasjon med dei nynorske festpela er ein god idé. Starta i dag med å køyre til Moltustranda, tulla litt før eg fann rett avkøyrsel (ta Gamlevegen opp til venstre). Så tabba eg meg litt ut ved å parkere på den første turparkeringa eg kom til, eg burde heller ha køyrt så langt eg kom mot bommen og parkert rett før den. Dermed blei turen 1-2 kilometer lengre enn den kunne ha vore, og ekstradistansen gjekk på kjedeleg veg. Men, men: Overskya, men høg himmel og vindstille då eg gjekk oppover vegen, opp til demninga i Mørkevatnet. Så stig på venstre side av vatnet, merka stigkryss etter den første bakken opp fra vatnet, der blei eg leidd mot venstre inn Lisledalen og opp neste kleiv. Ved varden der gjekk så stig bratt oppover mot høgre og toppen. Eg gjekk litt på >>>

Map    

Kongsvollen og Blåtind

Date:
07.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:51h
Distance:
9.3km

Drog fra Ørsta og parkert i p-lommme i Ringstaddalen. Starta å gå ca kl 1030. Usikker vermelding, og ganske kaldt, men må seie det med ein gong: sjølv om eg måtte på med goretex og gjekk med ullpanneband, slapp eg unna det store regnet, berre nokre dropar innimellom, og då eg rasta på Kongsvollen var det sol. Det bles ein del, så serleg strekket mellom Kongsvollen og inn under Blåtind-toppen var litt surt. Eg hadde snakka med kjentfolk og fått råd om å ta Kongsvollen først. Det trur eg var lurt, då blei det rake vegen nedatt fra Blåtind. Kongsvollen må ha fått namnet sitt fordi det er ein sånn fin graskledd runda topp "ein voll" for kongar. Blåtind er jo brattare, men oppstiginga var veldig grei der eg kom på stigen fra Kongsvollen. Eg er veldig glad for at eg >>>

Map    

liten ettermiddagstur frå Aasentunet

Date:
06.06.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:13h
Distance:
5.0km

Gjekk ein liten tur før middag i Aasentunet. Lars var med.

Map    

Vettakollen og runde i skogen

Date:
23.05.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
4:00h
Distance:
15.6km

Gjekk heimefrå i sommarver. Pusha opp ryggen til Vettakollen. Så rileg tur der det berre var å ta innnfull vår og fugleliv. År niste og bada i Oklungen, og tok enda eit bad i Sognsvann. Gjekk heilt heim til døra. 15,6 km, 4 timar, 458 hm. Gjekk aleine.

Map    

Perfekt maidag til Hjelmen

Date:
15.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:43h
Distance:
7.0km

For ein dag! Etter Pyttegga overnatta vi på Thon hotell i Surnadal - deilig med dusj og komfort etter tre dagar på tur og dnt-standard. Etter god frukost køyrde vi til Settemsdalen og følgde t-merkt stig til toppen av Hjelmen. Fantastisk nydeleg dag. 17 grader og vindstille kl 10:30 då vi begynte å gå. Det var ikkje mykje flate parti oppover, jamn stigning heilt til topps, først gjennom bjørkeskog - med ny blåbærlyng og kvitveis - så over tregrensa med tidvis ganske bratte parti mot slutten, måtte bruke hendene og klyve nokre stader. Det lufta litt då vi kom over tregrensa, men det var i praksis vindstille då vi hadde drikke- og fotopause i 30 minutt på toppen. Fjorden låg blikkstille, kvite imponerande snøfjell i sør og øst, og vi kunne kjenne att Ruten og Innerbergsalen >>>

Map