Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (389)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Frå Åmotsdal til Langlim om Dalafjøll
- Date:
- 28.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 6.8km
Etter kunstutstilling på Sneie, skifta eg til turtøy, medan Tom køyrde tilbake til Langlim. Eg gjekk inn i lia ved Vestre Groven og følgde ein bratt rygg oppover til dei to dammane nedafor og vest for Dalafjøll. Då eg skar oppover mot toppen, kom eg inn på kraftig stig/traktorspor, som eg sikkert kunne ha følgd i ein trasé lenger aust. Pytt - pytt, eg følgde sau og elgetråkk og gjengrodde stigar. Likar slik gange eigenleg. Toppunktet var flott med utsikt rund baut og med overraskande nok, toppbok. Gjekk så på kompassretning og kjennskap mot Gåsevatn, heldt austsida av vatnet og tok stigen forbi Bratsberg ned til Skorsvegen. Tom ringte og spurde om eg ville hentast ved Dammen, det ville eg, og flaks var det, for torever og skybrot trefte oss på dei fem-ti minutta i bilen tilbake >>>
Fin liten tur til Seljord-topp
- Date:
- 27.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 4.8km
Liten tur frå Sudbø i Ånotsdal. Vi gjekk rett opp lia til vi var over tregrensa, nedover igjen følgde vi den stien eg hadde planlagt å gå, men som blei nedstemt etter at broren min hadde snakka med kjentmann. Vi var alle samde om at vi følgjer stien til Sudbøskardet neste gong. Supert terreng og utsikt. Litt vind på toppen, men fann lun rastestad. 4,8 km, 2 t og 28 min inkl lang rast. 406 hm. Vilde, Erling, Anniken og Tom var med.
Skorve på langs
- Date:
- 26.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:30h
- Distance:
- 19.4km
Fekk ingen med meg, men Tom køyrde meg til startpunkter og plukka meg opp i Seljord etterpå. Super temperatur, 20-22 grader, passe mye lufting, så slapp insekt, sol heile dagen. Brukte 1 time og femti til Bøkretjønn, det var ca 6,5 km kanskje. Der møtte eg fire turgåarar som hadde starta tidleg og hadde vore oppe ved flyvraket og var på tur heim. Eg gjekk til varden på Hestenutan og hadde brukt 2 timar og 15 på dei åtte km. Så lang ned til Hestenuttjønni og opp att til Nordnibba. Etter tre timar og 40 var eg der, og tok nisterasten der. Så var det 3,5 km bort til Gøysen i supert terreng og på veldig god stig. Etter 5 timar og 15 km var eg på Gøysen. Strekket ned var lengre enn eg hadde tenkt. Nydeleg ned til tregrensa, men stykket i skog var langt og veldig bratt. 4,4 km som >>>
Åmotsdalsheiane med fleire nutar
- Date:
- 25.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 10.1km
Herleg dag i Åmotsdalsheiane der eg gjekk nutar eg aldri har vore på før. Finnlinuten 1120, namnlaus topp 1159 og den eg hadde sett meg ut: Gunnarstaulnuten, 1203. Hadde sett på denne frå Gryvlun, og den skuffa ikkje! Bratte lyngsider opp der det gjekk å gå, men bergvegger på dei fleste sidene, eit toppunkt som var ganske flatt og fint med låg lyng og stein. Varden var også kjempefin. Eg parkerte ved Øvrebø, prøvde å følgje gamle stølsvegar forbi Fiten og mot Gunnstein. Gjekk nok litt for langt og endte med å klyve opp ei bratt ufs, og gjekk deretter rett opp til Finnlinuten. Frå avstand såg eg ein person på toppen av Gunnarstaulnuten, einaste folk eg såg på turen. Åt niste på toppen utan namn 1158, gjekk då opp til toppen. Nedatt gjekk eg Klopperoskatfet, og følgde >>>
Familietur Rust
- Date:
- 24.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:59h
- Distance:
- 6.7km
Herleg vêr. Gjekk frå Dammen i familiefølgje på seks. Niste ved varden. Anniken og eg tok ein sving om austnutane før vi avslutta dagen på badebrygga. Brukte 2 timar og 59 totalt. 6,7 km, 517 hm.
Morgontur Furufjell
- Date:
- 23.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:23h
- Distance:
- 4.8km
Rask morgontur til Furufjell før eg tok gamle foreldre på biltur, brukte 35 minutt opp.
Siste i Hedmark, blindebukk i steinurda
- Date:
- 21.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:42h
- Distance:
- 10.7km
Eg pleier ikkje å gå desse litt større toppane i dårle værmelding, men gjorde eit unnatak i dag. På veg heim frå Trondheim, overnatta på Røros, hadde gått til Melhus-toppen dagen før, og det var berre Sålekinna i Os eg mangla, så eg kledde meg i regnbukse og Goretex, og starta å gå litt etter 1000 frå parkeringsplassen ved Øversjøen gard. Toppen låg i skodde, men riset mellom dei to toppane låg under skodda. Følgde stigen litt for langt oppover mot den høgre toppen og måtte krysse ei ur horisontalt for å kome bort til vardane som står på bandet mellom toppane. Skodda låg eit stykke oppover, så eg hadde litt grunnlag for å velje ei austre rute oppover, mest grass og ikkje så bratte hamrar. Hadde venta meg nokre varder å følgje, men fekk ikkje auge på nokon. Fann >>>
Flott vêr til Rensfjellet
- Date:
- 20.07.2019
- Duration:
- 4:00h
- Distance:
- 15.4km
Etter jobb i Trondheim fredag, kom eg meg ut av. byen kl 0900, og køyrde til Lundamo, så Samsjøen. Perfekte turforhold, blå himmel, passe varmt for t-skjorte og shorts, men ei lufting som heldt insekta borte. Følgde raudmerkt stig til topps. Ikkje berre raude merke, men eit par benker også og namneskilt og avstandsmerke. Rasta ved den store varden, gjekk så over til kommunetoppen før eg følgde same løypa nedatt. Eg greidde turen opp på knappe to timar, og det var eg nøgd med, men ikkje heilt nøgd med forma likevel, ville gjerne kjend meg sprekare. Då vi gjekk til Kråkfjellet i vinter, vurderte vi dette dom flott skiterreng, men traseen til Rensfjellet var også veldig fin sommarstig. For dei som løper, tenkjer eg at denne turen eignar seg for det. Spiste årets fem første mogne >>>
Endeleg Surtningssue - i draumever!
- Date:
- 13.07.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 10:30h
- Distance:
- 22.5km
Etter å ha følgd med på yr for utvalde helger over fleire år, bestemte vi oss for å prøve Surtningssue denne helga. Fullkomen vermelding, og slik blei det også. Køyrde frå Oslo kl 1200, rakk siste båten frå Gjendesheim kl 1730, og spiste middag på Memurubu fredag kveld. Vi starta å gå kl 0990, og valde å gå Raudhamrane opp, og Memurudalen ned. Perfekt vêr, vindstille, sol, men ikkje for varmt i motene. Men starten var litt brutal, 500 hm som Tom gjekk litt fortalte enn eg ville ha likt, og eg merkte at forma ikkje var heilt på topp. Då vi kom fram til løypekrysset ned til Memurudalen presterte eg å snuble på nesten flatmark og datt slik at eg øydela speilreflekskameraet som eg bar over skuldra. Knærne og handa blei skrubba opp, men ikkje så ille at det øydela noko >>>
Rask regnverstur til Rust
- Date:
- 07.07.2019
- Duration:
- 0:52h
- Distance:
- 3.0km
Anniken, Tom og eg gjekk raskt og tok tida på veg opp der målet var å greie det under 50 minutt. Det greidde vi. 52 min og 40 på meg, men det var frå bilen, ikkje frå Dammen der vi pleier å starte klokkene. regnver heile vegen, litt snø på bakken på toppen. Deilig å gå rett i badstu då vi kom tilbake til hytta. 45 minutt ned utan å stresse.