Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Rust 30. desember

Dato:
30.12.2017
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:12t
Distanse:
13,1km

Køyrde til Gryteåi, gjekk i køyrde spor til Hovdestaul, så i trakka spor etter tre personar frå dagen før. Dei siste 100 hm vassa vi i laussnø. Ikkje sikt på toppen, og noko vind. Første gong eg er på Rust i desember! Anne og Eirik var sporty nok med.

Kart    

Brennberget

Dato:
12.11.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
11,0km

Telefonen gjekk i svart før Uncas og eg var tilbake ved Sinober etter å ha kryssa av Brennberget. Bolle til meg, vaffel med brunost til gamle hund.

Kart    

Furufjell

Dato:
29.10.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:42t
Distanse:
4,8km

Til fots i den første snøen. Sol og vind. Uncas var med.

Kart    

Gløstøylnuten

Dato:
14.10.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
8,5km

Telefonen gjekk i svart før vi kom til Gløystøylnuten, men det gjorde vi altså, og så ned på nordvestsida før vi runda tilbake mot nordaust og tilbake til bilen vi hadde parkert på Meland. 8,5 km, 646 hm, 2 timar og 37 minutt. Tom og Uncas var med.

Kart    

Herkelås - Vestfold komplett for tredje gong

Dato:
30.09.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,1km

Deilig mild dag i haustfargar. Snilt terreng, lett å forestille seg steinalder og bronsealderaktivitet på og rundt dette berget. Brukte 10 minutt opp, og så utforska eg nabotoppen og hola på veg ned. 41 minutt totalt. Gjekk aleine.

Kart    

Kjølberget - topp nr 200

Dato:
24.09.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,2km

Kom køyrande langs Osensjøen, og fann greitt avkjørsel innover skogbilvegane til der Finnskogleden kryssar vegen nedafor Kjølberget.Blåmerkt stig heilt til topps, for ein del i våt myr. Grått, og eg var våt på beina, og dessutan var det rett før innspurten på fellesstarten på sykkel i Bergen, så eg brukte telefonen som radio og strena av garde. Kom greitt opp til toppen og fekk tatt eit bilete, og så gjekk radioen, pb-appen og kameraet i svart. Ikkje meir batteri sjølvsagt. For å rekkje innspurten småsprang eg nedatt til bilen så søla skvatt, og var vel våt til knærne omtrent. Rakk dei siste 5 minutta av sykkelrittet i Bergen, Kristoff nr 2 slått med 20 cm av Peter Sagan. Skifta på meg tørt, og starta heimturen til Oslo. 2,5 km, 30 minutt og 100 hm stigning. Eg gjekk >>>

Raskiftet

Dato:
24.09.2017
Distanse:
6,6km

Ikkje ein heilt optimal tur, litt dårleg planlagt, og dessutan blei jo ikkje den 200. toppen ein kremtopp som eg hadde tenkt. Men: Ser av helgene at eg ikkje har høve til å gå fleire kommunetoppar på denne sida av snøsesongen - med unnatak for Herkelås som eg må ta om att, og om ikkje eg då mot formodning skulle greie å setje av ei novemberhelg i Agder. Ser ikkje så lovande ut når eg ser på kalenderen. Og denne sundagen såg plutseleg heilt ledig ut, og ingen krav på meg i nokon retning til å gjere fornuftigare ting, så eg drog av garde for å ta dei to siste i overkomeleg avstand i Hedmark (manglar også Sålekinna, men vurderer ikkje den som ein dagstur frå Oslo, må vente til sommaren på veg ein annan stad). Blei litt tull med utskriftsfunksjonen her heime, så eg fekk ut >>>

Kart    

Midtre Sølen

Dato:
16.09.2017
Turlengde:
7:00t
Distanse:
22,9km

Etter å ha køyrd frå Oslo fredag ettermiddag, overnatta på Koppang og køyrd opp Rendalen til Grøndalen, der vi betalte kr 50, og køyrde inn til Gravåsen og parkerte. Vi starta å gå under høg himmel, men skiftande skydekke der toppane låg i skydekke. Flotte haustfargar, litt vind, og ganske frisk temperatur. Anmarsjen til osen ved Skardstjønni, tok oss to timar og 10 minutt. Noja, Eirik venta på oss der og gjekk 15 minutt fortare. Ei rask brødskive og så starta vi på oppturen. Vi gjekk inn i skydekket etter ca 200 hm, og dessverre klarna det ikkje opp medan vi var på toppen. Men på veg ned, var det opent utsyn mot vest frå den vesle ryggen mellom toppen og toppen på ca 1680. Rart at det bles mykje mindre på toppen enn på vegen inn og opp. Vi rasta ovafor Skardstjønni >>>

Kart    

Rust

Dato:
10.09.2017
Distanse:
5,5km

Kart    

Rubbeheia

Dato:
01.09.2017
Distanse:
3,8km

På veg for å feire Haugeburet 800 år i Åraksbø, Bygland, greidde eg å setje av tid til ein liten topp på vegen. Meir enn to timar hadde eg ikkje før eg skylle stille i bunad i Åraksbø kl 1800. Så Rubbeheia i Iveland så overkommelig ut. Kom frå aust på rv 42, tok andre avkjørsel det stod mot Iveland på, og køyrde dei 5 km ned til skogsbilvei med kjetting på bakken. Gjekk som vanleg etter Knut Sverre si beskriving, men heldt litt sør for hans trase. Spor av stig innimellom, men stort sett busha eg gjennom myr og lynghei. Brukte vel dryge 40 minutt opp og 35 ned. For første gong brukte eg GeoViewer, og er kjempenøgd med å ha fått lasta ned heile n50-underlaget på telefonen. Genialt! Gjekk aleine, 175 hm, 3,8 km, 1 time og 11 minutt.hm<gallery> </gallery> </gallery>

Kart