Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Furufjell igjen - med moltetur

Date:
25.08.2019
Duration:
3:00h
Distance:
6.0km

Tom og eg gjekk raskt opp, så brukte eg 2-3 timar til i moltemyrene. Resultat: tre liter!

Map    

Furufjell

Date:
24.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
5.0km

Rask tur opp, så ein liten runde for å rekognosere i moltestøa. Gjekk aleine.

Map    

Krevjande og flott til Tjeldviktinden

Date:
08.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:15h
Distance:
19.3km

Må seie det med ein gong: dette var ein av dei meir krevjande turane i samleprosjektet, men også ein av dei flottaste. Krevjande fordi vi ikkje hadde stigar eller merke å forhalde oss til, fordi dei første 850 hm gjekk ganske rett opp i til dels ulendt terreng, først bratt li med tett vegetasjon og så sva og hamrar og renner, der vi til dels måtte klyve. Men vêret var perfekt, utsikten super, og dagsformen var vel grei nok. Vi rasta då vi kom opp på den austlegaste toppen på Middagstinden (977), og der kunne vi sjå turmålet framfor oss i sør. Vi gjekk greitt ned snørenna/ryggen til høgre for oss. (Tilbake gjekk vi også opp denne vegen og følgde då skaret tvers over ned på snøfonn på andre sida. Det skulle vi gjort oppover også, for då hadde vi spart 50 hm!) Vi mista >>>

Map    

Endeleg Vega-toppen: Trollvasstind

Date:
06.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:17h
Distance:
10.8km

Då vi starta kommunetoppsamlinga i 2011, var toppen på Vega på programmet, men dagen vi hadde sett av til det var regnvåt og blåsande. Vi sette likevel av stad til Trollvasstinden, men snudde på toppen av Vegdalsskardet då vi fekk kulingen rett i mot, og skodda låg tett. Einaste resultat: ein mobiltelefon øydelagt av regn. Men meininga var nok at vi skulle vente med turen til i år, for denne gongen blei det draumeforhold! Vi kom med ferga frå Tjøtta, rigga oss til i campinghytte på Vega camping, køyrde til Åsen og starta å gå. Grei tur med jamn lett stigning inn dalbotnen til vi nok ein gong stod i Vegdalsskardet på ca 200 moh. Så blei det ein bratt jamn tur opp gjennom grøne lyngbakkar og heng til urda under den steinete toppen. Det var eit intenst strekk på ca 350 hm. >>>

Map     2 comments

Vistkjerringa i godt følge

Date:
05.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:42h
Distance:
17.3km

Etter å ha møtt Anne og Eirik i Mosjøen sundag kveld, drog vi tre til Lomsdalen - Visten nasjonalpark for å hake av Vistkjerringa. Tom valde å bruke dagen på Via ferrata i Mosjøen. Vi køyrde oppover langs elva, inn Eitrådalen og vidare forbi Holmen gard. Avsides plass å drive gardsturisme! Parkerte ved vegslutt, og la i veg oppover. Her gjekk vi rett inn bratthenget og gjorde unna mange høgdemeter (ca 350) før vi kom ut av skogen og lia og var oppe på fjellet og kom til skilt som markerte starten på nasjonalparken. Gjekk så i fascinerande geologi opp langs ryggen til venstre for oss og vidare. Det var kvite svabergparti og svarte, og djupe kløfter og mange fonner / brear. Eit par av dei var litt skumle tykte vi, så vi gjekk ovanfor eller nedafor det vi såg sprekktendensar. >>>

Map    

Dønnmannen - lite utsikt dessverre

Date:
04.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:12h
Distance:
7.4km

Sommaren 2011 starta vi toppsamlinga vår, og då var vi på Dønna, men Tom og eg valde ikkje å gå opp, kombinasjon av dagsform og tett tåke. Men i dag kom vi tilbake og gjekk opp på vona om at skyene som låg rundt topppane skulle lette utover ettermiddagen slik yr spådde. Men dessverre, berre glimtvis utsikt austover frå toppen og ingenting å sjå vestover. Vi gjekk ganske jamnt oppover og brukte 1 time og 30 til topps på Haka. Eg var ikkje noko særleg bekvem opp langs taulengdene som (heldigvis) var lagt ut, men kom no opp. Vi sette frå oss sekkane, og gjekk dei 600 metrane bort til Leppa. Der såg vi på avstand ein turgåar ta rett ned (mot Breivika vel). Vi brukte ein halvtime til bort til Leppa inkludert litt fotografering. Då vi kom tilbake til Haka, rasta vi saman med to >>>

Map    

Eventyrleg topptur i Lurøy

Date:
02.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Distance:
13.0km

Litt spent drog eg av garde frå Mo kl 0900. Spent fordi eg ikkje hadde fått med meg turfølge, og fordi eg hadde lese om ur og sva, ikkje mine favorittar. Men vêret var perfekt, og landskapet til å miste pusten av - Aldersundet låg som ein spegel då eg svinga av til Vassdalen og Vatne. Snakka litt med hyggjeleg bonde i det gule huset då eg starta. Stigen går rett inn bak venstre hjørne til det gule huset. Gjennom ein port og ut i havnehagen, og så ut av hamnehagen i enda ein port. Nydeleg hamnehage med kvite bjørkeleggar. Skulle ha gått langs det øvre gjerde på utsida lenger mot høgre, for der kjem ein inn på god stig til fjells. Eg busha rett opp, og kom inn på den gode stigen eit stykke oppe. Nedatt såg eg jo traseen eg burde ha vald gjennom og ut av hamnehagen. Gjekk så >>>

Map    

Perfekt dag til Tomskjevlen

Date:
01.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
9.0km

Tok båten kl 1005 frå Nesna og køyrde til parkeringslommen ved Fossland. Medan vi rigga oss klare der, kom enda eit par i bil og parkerte ved sida av oss. Dei skulle gå same turen. Vi gjekk greitt opp til vatnet, og fortsatte opp stigen og ryggen som venta oss. Bratt stig utan særleg mange repos! Då vi hadde halde koken ganske lenge tykte vi, hadde vi faktisk 500 hm att! Men grei stig, nokre småvardar, og ikkje mogleg å gå feil. Vilde gjekk opp på 1 time og 50, det imponerte særleg meg, som var heilt nøgd med 2 timar og 5. Vi var på toppen i vindstille og med perfekt skyfritt rundskode i 45 minutt. Fabelaktig utsiktspunkt. Medan vi var der kom fire+1 person og to hundar. og dei to frå parkeringsplassen møtte vi på vegen ned, så alt i alt ni personar på Tomskjevlen denne dagen. >>>

Map