Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Nydeleg septemberdag

Date:
30.09.2012

Etter 80-årsdag på Stathelle hadde eg sundagen til tur. Valet stod mellom Kragerø eller Siljan. Kragerø var eit fint val. Køyrde til Kurdøla (der eg hadde ein forfar på 1700-talet - moro å sjå plassen for første gong). Sykla til Hyttetjenn. Gjekk så til Store Vålevann langs raudmerkt stig. Gjekk langs nordsida av vatnet og klatra den bratte grankledde fjellsida opp til Valefjell - som det står på kartet. Lurar litt på etymologien, Vålevann og Valefjell burde ha noko med kvarandre å gjere: varde, vord, vali (falk) eller vål (kvål)? Møtte ein lokalkjend kar på toppen, han peikte ut ein alternativ nedtur. følgde veldig fin stig til Lille Vålevann, så langs utløpsbekken til myrene der, og nordover att via Gunnarsmyr til Store Vålevann att. Raudmerkt for ein del. Ved tjørna >>>

Map    

Andre dag på toppturhelg i Aust-Agder

Date:
23.09.2012

Lang hotellfrukost i Risør medan vi venta på at det skulle slutte å regne. Så køyrde vi til Moland, der vi kom i snakk med eigaren. Entusiastisk restaurerar av gamle hus! Det ende med at vi etter turen fekk omvisning i eldhuset frå 1600-talet og hovudhuset frå 1700-talet. Herleg med slike folk! Fin gamal sti opp til Espehaugen, men vi bomma på den gamle stigen opp til den nedfalne husmannsplassen der oppe. Ta til høgre når de kjem til ein stad der det er sprengt litt berg og jamna ut litt. Bak der går fin gamal veg. Neste stopp var Hovdefjell i Vegårshei. Hadde grudd oss litt til sykkelturen opp. Eirik hadde ikkje fot i bakken, men Tom hadde punktert, så han fekk ekstra trim med småjogging både opp og ned. Slitsamt, eg måtte av sykkelen fleire gonger. Eit par regndråper i lufta >>>

Map    

Første topphelg i Aust-Agder

Date:
22.09.2012

To par med seks toppar på programmet + overnatting på hotell i Risør. Kjempefin helg, alt gjekk som planlagt. Vi byrja med Tvedestrand, fort gjort. Gjekk rett på i sol. Så Dobbedalsheia i Grimstad. Litt meir uryddig terreng å gå i, men topplatået var veldig fint. Blei overskya på turen, og vi rota litt på nedturen, kom litt for langt mot høgre og vasa oss tilbake langs bekken til der vi hadde parkert. Siste topp var høgsteinshøya. Køyrde til Hørte, der det var hjorteflokk på jordene og sosial border collie. Ho blei med oss på heile turen til Høgsteinshøya. Vi sykla så langt det gjekk, ca 3 km, og gjekk deretter mot aust over åsen, og ned til tjønna på andre sida. Det var sti i skaret midt på åsen omtrent. Høgsteinshøya var også fin, berg og haustfarga myrer. Såg >>>

Map    

To toppar i Blefjell

Date:
08.09.2012

Køyrde den dårlege bomvegen opp til parkeringa før Nordstul. Følgde t-merkt stig til Nordstul, så Grjotbua, dinest opp Langedalen. Der det står skilt til Sigridsbu, tok eg til høgre og gjekk rett opp til Bledalsrinden. Såg mykje folk bortpå Bletoppen. Sol og fin sikt, men sterk vind. Åt nista i le i eit heng på austsida. Heldt så fram denne dalen på austsida rett nordover. Passerte Kongtjønna, Bleporten, Storegjenge og kom fram til Storevatn. Der kryssa eg bekken og klatra rett opp sudsida av Flesebekkble. På toppen møtte eg ein kar med kikkert som såg etter rein. På avstand såg eg nokre rypejegarar med fleire fuglehundar. Gjekk ned på vestsida og kom inn på t-merkt stig som eg følgde sudover. Gjekk oppom Bletoppen. Sterk vind der også, men sola kom fram att etter fleire >>>

Map    

Nytt lite kommunetoppraid i Østfold

Date:
02.09.2012
Map