Sandfloeggi i optimale forhold (14.05.2015)


Characteristic Backcountry skiing
Duration 10h 00min
Distance 38.0km
Map
Ascents Sandfloegga (1,721m) 14.05.2015
Vi var fire som starta ved parkeringsplassen ved Ulevå kl 0930. Etter ei natt med minusgrader starta vi på skare som eit Gol, heilt vindstille og ikkje sky på himmelen. Tom og eg gjekk på feller til der løypa tar av mot Vesle Nup. Det var 4 km og 300 høgdemeter. Stort høgdepunkt å få inn ein reinflokk frå høgre som delte seg i to. Den eine dele kryssa løypa framfor oss, den andre heldt seg til høgre og forsvann over ei høgd bak oss. Herleg! Ved Mannevatnet kortslutta vi litt og følgde stikka løype for langt, slik at vi måtte krysse over ein kam for å kome tilbake sør for Poddevatn og inn på Holmesjøen. På ein bar odde rasta vi i tørr lyng og ryggen mot slett berg. Nupseggi sett frå Holmesjøen er verkeleg eit dramatisk og flott syn. Føret var framleis heilt perfekt, og det glei av seg sjølv over isen. Så gjekk vi greiaste vegen slake drag opp til Sandflovatnet. Der heldt vi opp dalen til høgre for toppen, og klorte oss opp på toppen. Litt luftig på eitt punkt. Eg konsentrerte meg om å kante skia rett og finne gode stavtak, og tilta ikkje så mykje ned i stupet rett til høgre for oss. På toppen var det så og seie vindstille og ganske mange folk. Der skildest vi. Anne og Eirik heldt mot vest over breen og tok den vestre traseen om Nupseggi heim. Tom og eg gjekk same vegen heim, men vi skar rett mot Mannevatnet frå sørenden av Holmesjøen sjølvsagt. Vi har vore på Nupseggi før, og Tom hadde ein litt halvpjusk dag. Heimturen gjekk greitt, men dei siste to km blei litt rufsute sidan føret råtna opp. Heilt ille var det mot mot løypekrysset der vi tok til høgre over Ulevåskaret. Vi brukte 10 timar, tok tre gode pausar, to på odden i Holmesjøen, og ein på sjølve toppen. Derifrå såg vi forresten heile Sør-Noreg: Folgefonni, Hardangerjøkulen, Hårteigen, Hallingskarvet, Gaustatoppen og Raulandsfjell. Vi logga 38 km, men hadde ikkje koll på høgdemetrane, dei andre som var oppom Nupseggi hadde fasit på 1275. Tom, Anne og Eirik var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.