Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

To topper med sykkel imellom

Date:
12.06.2021
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
3:51h
Distance:
18.4km

Map    

Stabbenuten - for andre gong

Date:
02.08.2015
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
1:30h
Distance:
12.8km

På Stabbenuten har eg berre vore ein gong før, sjølv om dette er nærområdet, og oldemor vart fødd på Hyttedalen rett nedanfor ca 1860. Sist var stor familietur for 15-20 år sidan. Denne gongen blei eg og sykkelen slept av frå bilen etter at Tom og eg hadde vore på kunstutstillingar i Åmotsdal. Så sykla eg opp til høgaste punkt på hyttevegen mot Breivatn-feltet, gjekk opp i skog, myrer og sva. Koste meg litt rundt omkring, fann varden rett ovanfor Hyttedalen der eg hadde vore før, og. Nokre mogne molter. Nydeleg dag sjølv om lufta er kald. Sykla heim att.2,3 km gåing, 152 hm, brukte meir enn ein time der oppe. På sykkel brukte eg 40 minutt på 10,5 km, så nokon treningsdag blei dette ikkje.

Map    

Andre fylke komplett: med Sørum og Fet i Akershus

Date:
05.10.2014
Characteristic:
Bike trip - mixed

Ein vidunderleg blank haustdag, og Tom, hunden og eg la i veg til Romerike. VI køyrde riksveg 22 frå Fetsund, fann Midtskog og vegen opp Bjørndalen. Porten stod oppe og vi kosta oppover dalen i blankt vêr. Parkerte ein sving unna den andre bommen, følgde stig oppover mot åsen. Kom innpå blåmerkt stig, som vi neglisjerte og strauk rett opp. Fint med gps. Den høgaste toppen var ikkje markert, men kommunetoppen i Fet hadde både varde og var pynta med elggevir. Nedatt fann vi den blåmerkte stigen, og då kom vi nedpå vegen eit stykke lenger opp enn der vi parkerte. Køyrde glade og fornøgde nedatt, men der var bommen låst gitt! Etter å ha banka på to dører fekk vi låne nøkkelen av blid pensjonistdame i det raude huset. Så gjekk då det greitt. Køyrde så til Skjatvet der vi >>>

Map     4 comments

Harøyburet i sol og vind

Date:
24.06.2014
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
2:30h
Distance:
24.0km

Flott solskinsdag med litt vind blei brukt på øyane utafor Molde. Tok ferga over til Aukra, sette frå oss bilane ved Småge og drog med syklar vidare utover. Hamna først på Ona der vi var turistar ein time, så vidare til Finnøy der vi gjekk av og hadde 3,5 time til båten gjekk att. Den tida brukte vi på å sykle sørover over Finnøy og dinest heile Harøya ned til Myklebust. Åt utafor butikken før vi sykla tilbake og tok av opp til fotballbana i Urvedalen, der vi gjekk raskt opp til toppen. Sol, vind, flott rundskue, myrull og sommarblomar. Så sykla vi nordover att. Inspiserte den gamle riksgrensa mot Sverige (!), så kolliderte Anne og eg, og eg hamna i grøfta, men heldigvis gjekk det heilt fint, skeivt styre og skeivt bakhjul var resultatet. Fin pause på Finnøy havstuer før >>>

Map     1 comment

Dagen derpå - var heilt super og blei brukt i Finnemarka

Date:
18.05.2014
Characteristic:
Bike trip - mixed
Distance:
25.0km

Flott helg, og etter nydeleg 17. mai i Oslo, valde vi sykkeltur i Finnemarka og kommunetoppen i Lier. Vi måtte ha med Marit som er barnefødd i Lier, men som mangla toppen. Køyrde til Kanada, og brukte syklane derifrå. Mange oppoverbakkar, men fine sand- og grusvegar. I skuggeparti låg snøen i flekkar, og då var det best å gå av syklane. Vi åt niste ved elva rett etter Vesle Nykkjua og før vi gjekk frå syklane eit lite stykke forbi dammen i Store Nykkjua. Følgde så den breie stigen oppover til den forsvann i terrenget, fann eit tråkk i den grankledde dalen opp til kollen i aust, der vi heldt oss nord for myrtjørna. Toppunktet var heilt nydeleg, med flott utsyn i alle retningar. I nordaust såg vi Norefjell i kvitt, og på bergqa der vi sat i kveldssol var det fine stutttvaksne >>>

Map    

Gastgiveren på sykkel og til fots

Date:
11.05.2014
Characteristic:
Bike trip - mixed

På veg til Halden tok vi av til Trøsken skistadion. Flott anlegg med kustsnømaskiner, skistadion og løysløype. Eg sykla pga dum akilles, og Tom og hunden gjekk p¨å den fine grusvegen opp til der stigen tok av til Gastiveren. Triggpunkt, radar?-anlegg og ganske fin utsikt ut mellom furuleggene, og så bar det ned att. PÅ nedturen kom regnet, Tom såg ein hare, og eg hadde lett nedtur på sykkelen. Tom og Uncas var med. Vidare til middag i Halden.

Map     2 comments