Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

I fotefara til Annar

Date:
28.10.2012

Blei inspirert av rapporten frå Annar som var på Blekketjernshøgda i går. Like fint i dag, og sidan den planlagde turen til Rømskog og Aurskog Høland blei avlyst pga opplysningar om elgjakt, var det eit fint alternativ å køyre nordover langs riksveg 4, stogge rett etter motorcrossbanen ved vegestasjonen (Varpet) og gå oppover ein veldig lang grusveg. Kaldt og skarpt i lufta, men klart og deilig å gå. Sende ein venleg tanke til dei som har sykla opp alle desse bakkane; ingen slake parti her, og i alle fall 3-400 høgdemeter. Vi gjekk på beina. Oppe på ca 400 meter låg eit tynt snølag i vegen. Då vi tok av der vegen snur mot aust - rett før den vesle pytten, såg vi spor i liten snødekt stig. Følgde dei til topps, også på ein liten runde der oppe for å finne høgaste punktet. >>>

Map    

Geiteryggen

Date:
21.10.2012

Familiebesøk i Halden laurdag, greidde å kombindere med topptur sundag. Ikkje så gale med regn som det var meldt. Geiteryggen skal etter mykje diskusjon vere Haldens høgaste. Parkerte ved Ør og sykla innover. Ein komplikasjon var den pågåande elgjakta, og vi møtte fleire menn på elgpost. Til slutt blei vi tilsnakka og fekk klar medling om at vi var for høglytte i skogen. Det var vi absolutt, for vi hadde jubla høgt til kvrandre over all traktkantarellen. Vi klatra opp i det morkne elsgposttårnet på den såkalla toppen, og fekk så vidt hovudet opp over småskogen rundt. Sykla ein liten sving nedom Ørsjøen og tilbake. Tom, Anne og Eirik var med.

Map    

Storegrønut i sterk vind

Date:
07.10.2012
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Sterk vind i fint terreng

Date:
07.10.2012
Map    

Underskjønn klar haustdag

Date:
05.10.2012

Avspaseringsdagen kunne ikkje ha vore finare: klar, kald haustdag med flotte fargar opp Numedal. Hadde ein flott stopp ved Uvdal stavkykje før vi drog opp mot Imingfjell. Heilt nytt terreng for oss, og det var ein fantastisk dag å oppleve dette for første gong. Parkerte ved Småroi, følgde stig til høgre for Borgsjå, mista den litt, men kom innpå større fin stig lengre opp, godt merkt med vardar. Enda litt lengre opp kryssa vi t-merkt stig. Litt uventa at sjølve topplatået er graskledd. Utruleg flott utsyn, Hårteigen i vest, snøkledd Hallingskarv i nord, Gaustatoppen var også majestetisk kvitt. Blefjell derimot var bart. Nesten blikkstille, men det trakk litt på toppen. Rasta difor litt nede i hellinga mot vest. Gjekk rett ned, og kom forbi flyvraket. Marit, Tom og Uncas var med.

Map