Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Lovundfjellet, andre gong

Dato:
23.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:19t
Distanse:
10,0km

Åtte vaksne og ein eittåring i beremeis starta frå hotellet, spiste framfor butikken, og gjekk så til Nøvvika i perfekt vær, skyfritt, vindstille, 25 grader. Der hadde vi denne vidunderlige badebukta for oss sjølve og bada lenge! Eittåringen koste seg, og vi andre naut badetemperatur over 20 grader og blikkstille klart vatn. Ingen andre ville bli med til topps, men eg var som alltid motivert, og gjekk oppover i altfor varmt og stille vær. Den bratte ur/lyngbakken opp til 310 hm der stigen tar av mot venstre, var som ein bakaromn! Ein trur ein er nesten oppe på dette punktet, men ein har like mange høgdemetrar att! Stigen vidare er trass alt betre, men ein skikkeleg lang motbakke utan kvilestrekk er det. Eg gjekk forbi eit ungt par på oppturen som kom til toppunktet då eg sat og >>>

Kart    

Ishovden - i bygevær

Dato:
06.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:50t
Distanse:
5,0km

<gallery> image:bakken59_20250706_686acc6452e14.jpeg image:bakken59_20250706_686acc65305c3.jpeg </gallery> Dette er eigenleg ein kjempefin tur, og eg valde ganske ideell trasé opp, det vil si traseen eg valde nedatt er heilt ideell. Eg busha meir enn dei fleste kanskje likar opp, men fann veldig snill trasé med svak stig nedatt til Ståvåtjønn. Eg køyrde altså til Nørdsteteig i Svartdal, følgde så hyttevegen opp til den øvste parkeringsplassen. Ovanfor garden Nørdsteteig er dei ei sag og ei parkering, og der var det slått opp eit kart med skiløyper avmerkt. Det var veldig nyttig, for det er ganske mange hyttevegar å velje mellom her. Bestemte meg for å kome tilbake til vinteren for å prøve skiløypa som faktisk går heilt inn til Svafjell! Frå parkeringa tok eg traktorvegen >>>

Kart    

Regnvått til Jåfjell

Dato:
05.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
4,8km

Køyrde frå Øyfjell forbi Berge og Lid, så inn grusveg til Listaul der eg parkerte. Skifta til regntøy. Det var heilt rett utstyr i dag, men blei tøysevåt på beina likevel sjølv om Goretex-støvlane burde ha halde væten betre ute. Gjekk på retning oppover, men tangerte gamle stigar og dyretråkk som eg heldt litt fast i. Gjekk forbi eit sel med god kvalitet på tømringa som låg i kne. På toppen slutta det å regne og eg fekk eit lite opplett med noko utsyn. Veldig fint toppunkt forresten, markert med liten varde. Eg følgde eit tråkk nedover som tok meg for langt til høgre. Kryssa eige spor rett før den nedfalne staulen, men greidde her å gå for langt til venstre. Mobilen var våt og norgeskartet hang seg opp. Kom litt forvirra ned på vegen igjen, og gjekk først til venstre >>>

Første av to små i Rauland: Batnehov

Dato:
01.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:27t
Distanse:
1,6km
Kart    

Andre i Rauland: Orrenuten

Dato:
01.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:54t
Distanse:
2,5km
Kart