Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kosetur til Strålaus

Date:
29.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:12h

Køyrde frå Seljord via Dalen og Setesdal og deretter Suleskarvegen for første gong. Nydeleg i flott vêr! Såg Urddalsknuten i det fjerne nord for Rossekreppfjorden. Tok av mot Lysebotn, og etter kvart av mot venstre og Langavatnet. Bommen var open, så vi køyrde heilt inn til demninga der vi parkerte. Gjekk så på vestsida av vatnet til turisthytta. Super hytte. Kryssa bekken ved hytta og gjekk opp lia sud for fjellet. Heldt inn den graskledde kløfta og fann veldig grei trasé heilt opp. Åt niste på toppen i berre t-skjorte. Same vegen tilbake. Vi brukte 3 timar og 20 minutt inkludert matpause, pause ved hytta på veg inn og diverse kamerapausar. Vi var begge to oppe på den vesle bolten i fossen på vegen langs vatnet. Eg rett nok i pysete sitjestilling! Men bilete blei det. Tom og >>>

Map    

Tur i Stavsfjell

Date:
28.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
16.0km

Flott tur med utgangspunkt Mjåvasskardet på Hyllandshei. Gjekk med svigerinne og tre ungdomar til Vehuskjerringi. Varmt og bratt mot slutten. 7 km ein veg. Møtte bror og tre andre som avtalt på toppen, men utruleg nok møtte vi også kusine, mann og barnebarn der oppe, så det var reine slektsstemnet! Eg gjekk aleine frå toppen, tok austre toppen nedover og så gjekk eg opp på Lågefjell for første gong. Nydeleg fjell, grønt og pent i kveldssol. Kom nedatt på raudmerkt stig sør for Haugebu, og var ved bilen klokka 1900. Var altså på tur i 6 timar, siste halvdelen aleine.

Map    

Største investering i topp så langt

Date:
25.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
19:30h
Distance:
50.0km

Følgde Haky si rute og beskriving. Køyrde frå Seljord til Valle og opp til Berg. Betalte kr 30 i bompengar og parkerte der t-merkt stig starta. Bilen målte 29,5 grader klokka 1400. Dei første to timane var veldig varme, og eg gjekk seint og drakk mykje. Oppe ved Rennevatnet møtte eg ein kar som sa at Bossbu var stengt i sommar pga bygging. Og der rakna planen min! Altfor langt å gå til toppen frå Stavskarhytta! Men Ole som han heitte, sa eg skulle helse frå han, og be pent om å få sove på golvet i nyhytta. Og det gjorde eg då eg kom fram etter 4 timar og 20 minutt. Turen er stipulert til 5 timar av DNT, så Haky som gjekk på 3 timar og 15 minutt må vere toppidrettsmann! Varm fin kveld var det, og eg fekk middag saman med dugnadsgjengen på Bossbu. Fabelaktig plassering av denne >>>

Map    

Varm tur til Ramåsmyrnuten

Date:
21.07.2014
Characteristic:
Hillwalk

Fin tur frå hytta i dag. Helge og eg gjekk frå Stubbåi til Busanden til Ramåsmyran og Myklevatn. Der bada eg og rasta vi. Så opp i nutane og heilt bort til Ramåsmyrnuten. Følgde ryggen ut til Skomestauljuvet. Ned til Skomestauljuvet opp til Fjåbekk og nedatt til Busanden og bort til Bruhylen der bilen stod. Vi var borte i 5-6 timar. Hunden på snart 10 år la seg ned fleire gonger mot slutten og ville ikkje meir. Helge hadde vondt kne og eg har jo denne hælen, så mot slutten var vi alle litt lei. Men turen var super på alle vis, og ikkje minst smakte det lange badet i tjønna i 20 grader godt då vi var vel framme på hytta. Helge og Uncas var med.

Mellom to ferger

Date:
17.07.2014
Characteristic:
Trip by foot

Kom med ferga frå Judaberg til Eidssund. Køyrde så til fergeleiet i Skipavik. Ikkje rare greiene, og to timar til neste båt. Mamma gjekk difor med på å køyre til Seltveit og vente i bilen medan eg gjekk til topps. Ho ville ta seg ein lur sa ho. Så eg fann greitt skiltet med Bandåsen etter å ha tatt skogsvegen frå tunet. Gjekk raskt opp på 25 minutt. Bok og selfie og litt beundring av fabelaktig flott rundsyn, og så nedatt på 20 minutt. Ikkje så mykje å tene på nedoverbakke, for stigen var jamnt bratt, og steinane var glatte etter regn i føremiddag. Rein bonustur. Mamma hadde sove heile tida.

Map    

Tur to og tre i Rogaland var minneverdige

Date:
16.07.2014
Characteristic:
Trip by foot

Super dag i Rogaland. Dagen starta med Utstein kloster som var ei stor oppleving. På tide å få med seg dette kulturminnet. Mor på 82 var motivert for ein liten topptur, så vi køyrde over til Rennesøy, følgde vegen til Dale og så opp til Sel. Nydeleg lyngheilandskap og svært godt merkt stig. Senior stoppa på siste platå før toppen, medan eg for fram og tilbake på 15 minutt eller så. Herleg utsikt! Kulturlandskapet er verna, og det er vel fortent, for det er verkeleg heilt spesielt. Ettermiddagen tenkte vi å bruke på båttur til Kvitsøy. Framme ved fergeleiet oppdaga vi at vi hadde 50 minutt på oss. Mora mi måpte då eg valde å bruke den tida på å finne Randabergs høgaste. Rota ein del utan ordentleg kart, men køyrde til slutt opp til ein gard som såg ut til å ligge >>>

Map    

Tur til Furufjell

Date:
05.07.2014
Map