Arkiv - datum

Arkiv - aktivitet

Listor jag samlar på

Rust i varmen

Datum:
16.07.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
2:17t
Avstånd:
6,0km

Køyrde til Valedammen og gjekk jamnt men roleg oppover. Varmt i bakkane oppover, men fin lufting då eg kom over tregrensa. Sat bitt på toppen, og gjekk ned same vegen. Stoppa hos Olav på Skor og fekk litt kaldt vatn. Deilig! 6 km, 468 hm, 2 timar og 20 min inkludert pausen på Skor. Brukte 58 minutt opp, det er 14 minutt saktare enn rekorden min. Trur ikkje eg kunne har gått så veldig mykje raskare i varmen. Gjekk aleine.

Karta    

Med kajakk til Hovden

Datum:
15.07.2026
Turtyp:
Fotvandring
Tidsåtgång:
1:26t
Avstånd:
3,6km

Vi køyrde til Varland, der sette vi ut kajakkane på blikkstille fløyelsvatn og padla over til Hovden. Biltermometeret viste 26 grader. Tom fiska litt vidare, medan eg eg gjekk opp på øytoppen, og så møttes vi på turisthytta til kvar vår solo og bolle. Var innom kyrkja og kyrkjegarden før vi padla tilbake. Då var det litt meir lufting og overflata var ikkje like blank. Fotturen var på 3,6 km, 112 hm og tok 1 time og 24 minutt inkluder god pause på verandaen til turisthytta.

Karta    

Hesttjennknuten

Datum:
07.07.2026
Turtyp:
Fotvandring
Tidsåtgång:
1:30t
Avstånd:
5,7km

Aleine på hytta i ok vær, men ikkje varmt badevær. Så tok ein tur til Kil i Sannidal og gjekk turen frå Torsdal til Hestkjennknuten. Grei stig heile vegen, sjølv om knebukser og bare legger kanskje ikkje var heilt ideelt med tanke på flåtten. Gjekk over beina fleire gonger, og har ikkje funne nokre småkryp - enno! Fin topp med utsyn, litt merkeleg byggverk, eit tårn med takterrasse! Tjønna under toppen var nydeleg, nøkkeroser og berg freista litt til bad, men det blei ikkje noko denne gongen. I staden køyrde eg ei lita utflukt til Sannidal kyrkje der eg har forfedre på kyrkjegarden og med anna tilknyting til kyrkja. Fin tur. 5,7 km, 203 hm, 1,5 time på tur. Gjekk aleine.

Karta    

Vasstrandfjellet

Datum:
16.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
2:45t
Avstånd:
9,2km

Etter ¨ha overnatta i hytta til Hanna på Mørkeset, skilde Anne og eg lag, eg drog vegen inn til Vasstranda, medan ho drog vidare til Vanylven for å gå Blæja som eg hadde tatt unna i fjor. Ho hadde alt vore på Vasstrandfjellet. Det var fint vær, passe varmt å gå, og turen var akkurat passe lang med tanke på at eg hadde ein lang køyretur framfor meg. Eg gjekk opp den lange grusvegen mot Langevatnet, og tok så stigen til venstre opp mot Hesteskarvatnet der stigen går på høgre sida. Gjekk til varden og dermed over toppunktet som ligg rett framfor. Såg eit par heilo på nært hald. Medan eg åt nista, kom det ein sprek lokal turgåar opp til toppen, og han hadde nok dette som fast treningstur. Hyggjeleg kar. 9,2 km, 578 hm, 2 timar og 45 minutt. Gjekk aleine, og køyrde heim til Oslo >>>

Karta    

Eidskyrkja

Datum:
15.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
6:45t
Avstånd:
10,2km

Karta    

Frostadtinden som aperitiff

Datum:
14.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
1:53t
Avstånd:
8,3km

Køyrde frå Ørsta etter hotellfrukost. Etter ferge og lading og etter å ha proviantert litt på ein bensinstasjon, køyrde eg til Engset og tok Storsætervegen så langt eg kom, 50 kr i bompengar var ei fin investering i høgdemeter. Frå parkeringa nedafor Høgsetra, gjekk det grusveg oppover i ca 1,5-2 km før stigen tok av opp mot fjellet til høgre. Eg har hangla ein månad og var spent på forma. Så eg gjekk litt på for å teste litt, og det var ei stor lette at kroppen fungerte. Kom greitt opp til den store flotte varden, men skjønte straks at toppen låg på neste høgdepunkt. Så då var det berre å følgje eggen bortover. Det var skodde i høgda då eg starta, men den forsvann, så fekk veldig flott utsyn. Eg såg bort på Skjerdingan, og bestemte meg for å prøve meg på den >>>

Karta    

Blåskjerdingen i skodde

Datum:
14.06.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
5:04t
Avstånd:
9,0km

Etter å ha gått Frostadtinden om føremiddagen og sett over på Blåskjerdingen, såg det ut som om skylaget på toppen av fjellet forsvann, så eg tok sjansen og køyrde rundt og inn dalen frå Vatne. Fann greitt parkeringa etter Kroksetra, og gjekk merka stig oppover. Det var ettermiddag no, og eg møtte tilsaman seks personar fordelte på fire turfølge på veg nedover. Alle kunne fortelje om skodde på toppen. Eg følgde stig og etter kvart vardar oppgjennom ura, og frå ca 650 meter var det berre ur. Veldig kjekt med vardane! Kom opp til topplatået i tett skodde. Medan eg stod og såg på dei to steinene med hol gjennom, kom det brått to karar på meg bakfrå. Det var ein gut i tenåra som vitja lokalkjent onkel. Vi gjekk saman bort til den store flotte varden. Men onkelen var ikkje >>>

Karta    

Skredfjellet dagen derpå

Datum:
13.05.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
4:30t
Avstånd:
9,7km

Etter flott, men slitsam tur til Grovabreen i går, og sidan veret ikkje var like strålande, satsa vi på ein mindre krevjande tur i dag. Vi køyrde frå Jølster til Førde og så til Sande, deretter opp Storedalen. 60 kroner i bompengar var vel anvendte pengar. Vi parkerte i setergrenda og gjekk opp god stig som vi følgde heilt inn dalen til Storedalsskardet. Derifrå var det ikkje stig lenger, men vi tok av opp til høgre opp fjellsida. Vi surra litt i det småkuperte fjellandskapet, men fann greitt fram til varden. Vindstille og flott rundskode frå toppen, dermed låg det til rette for lang hyggjeleg matpause. Blægja låg rett fram og vi snakka om turen som vi har til gode dit. Tilbake fann vi ein betre trasé og gjekk rett ned til skardet att. Dermed var det berre å følgje dalen ut. >>>

Karta    

Grovabreen i kaldt og klart maivær

Datum:
12.05.2026
Turtyp:
Fjällskidtur
Tidsåtgång:
9:00t
Avstånd:
17,5km

Vi køyrde etter jobben til Knut frå Oslo, og kom fram til Kjøsnes kl 2330. Der hadde den hyggjelege verten Nils-Einar venta oppe på oss, og då han høyrde at vi tenkte oss til Grovabreen dagen etter, lånte han oss skredøkjarar og søkjestong og ein spade. Vi var berre delvis utstyrt. Vermeldinga var veldig bra for den første delen av dagen på tysdaen, så vi var oppe kl 0700, og starta frå Dvergsdalsstøylen kl 0900. Om natta melde yr at det hadde vore 18 minusgrader på breen, men vi starta på ca 0 grader frå Dvergsdalen. Heilt blå himmel og nydeleg fuglesang. Vi gjekk i skistøvler med skia på sekkane. Vi starta med ein liten feilsving, for vi gjekk opp til støylen først, i staden for å følgje bratt grusveg rett opp mot Fagerdalen. Men det gjekk fin gammal stig frå stølen >>>

Karta    

Raudsinuten tredje påskedag

Datum:
07.04.2026
Turtyp:
Fjällskidtur
Tidsåtgång:
6:30t
Avstånd:
35,0km

EiT par ekstra dagar på hytta etter påske fordi vermeldinga og skiforholda var så perfekte. Gjekk frå hytta på isen på Leitestjønn, Gjevar, Breivatn og Trovatn. Gjekk opp til Buin og vidare opp til Roet og Gjeslemo. Så inn Maurtjønndalen og opp på austsida av Raudsinutan. Valde den midtre toppen og gjekk opp og ned etter rast under nutane. Same vegen ned til Roer, deretter Stavatjønn, Breivasslii og heim. 35 km, 6 t og 40 minutt, 626 hm. Gjekk aleine.

Karta