Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Trænstaven med Peakbook-vener

Dato:
06.08.2026
Turtype:
Miksklatring
Turlengde:
5:47t
Distanse:
3,0km

Vi hadde meldt oss på Trænstav-tur etter supert initiativ frå Solveig. Både Tom, Anne og eg kjende at vi berre måtte gripe denne sjansen, akkurat 15 år etter at vi starta topprosjektet vårt nettopp i Mo i Rana med tur til Oksskolten og til Trænafestivalen - utan å gå Trænstaven! Men no ville vi prøve, meir fjellvande enn for 15 år sidan, og med topp motivasjon, men framleis utan klatreerfaring. Vi drog til Træna dagen før og fekk ein heilt perfekt dag i full sol, etter fire veker med regn på desse kantane. Vi koste oss på Husøy nokre timar, og så tok vi båten til Sanna og sette opp telta ved stranda ved kyrkjegarden. Om kvelden kom fleire av dei andre og sette opp sine telt, og klokka 0700 morgonen etter stod vi klare og venta på guidane. Spente gjekk vi gåsegang rundt fjellet, >>>

Kart    

Mørkdalstuva i sol og vind

Dato:
31.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
15,5km

Kart    

Ettermiddagstur til Besselvassheia

Dato:
30.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
6,9km

Utflukt til Frøya og Hitra på veg nordover. Ikkje mykje å seie om turen, starta der alle startar, to spenningsmoment var mine nye fjellstøvlar og Toms første tur etter ankelskade. Begge delar gjekk heilt fint. Og regnværet hadde vi greidd å kome unna lenger aust. Så vi gjekk i t-skjorte inn vegen, over jordet, og så merka stig heilt til toppen. Vi gjekk seint pga Toms fot, og var oppe etter ein time og tre minutt. Drakk litt og fotograferte, så tilbake same vegen. Gjekk aktivt i ein time og 49, var borte i 2 timar og 2 minutt. Merkeleg toppturterreng, men nydeleg dette også. Mange vatn, ei fin lita elv, berg å gå på, myrer der det var lagt klopper å gå tørrskodd på. Såg villsau, og møtte i alt fem andre turgåarar. Tom var med på 2 timars tur, 175 hm og 6,9 km.

Kart    

Blåtjønnfjelle frå Slåkadalen

Dato:
27.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:16t
Distanse:
7,4km

Kart    

Rask tur til Rennevassnutan

Dato:
24.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
6,7km

Hadde tid til ein rask tur før eg møtte ei venninne i Svartdal. Men det tok litt tid frå hovudvegen opp forbi Oppsal-grenda og så langt eg kunne køyre, og dermed måtte eg gå raskt, og eg rakk ikkje bortom Rennevassvarden. Men det blir fint ned ein tur til i dette terrenget, for det var heilt etter min smak! Gjekk først opp grusveien til Oppsaldamtjønn. Der det var slutt på vegen stod det ei postkasse der ein kunne kjøpe fiskekort. Eg gjekk stigen til venstre over haugen og ned forbi ei hytte og bort til Rennevasstaulen. Derifrå gjekk eg noko stig før eg busha opp til den første toppen. Følgde ryggen av den bort til stigen som gjekk bortunder den midtre og høgaste toppen. Den gjekk eg opp på frå nordsida. Brukte knappe timen opp. Eg var der vel i fem minunuttar, før eg gjekk >>>

Kart    

Jønneberghøgda

Dato:
21.07.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:26t
Distanse:
6,7km

Etter å ha køyrd Tom til Bø stasjon og toget, stoppe eg i Øvre Bø for å krysse av ein liten Telemarkstopp. Det var 28 varmegrader og eg var ikkje akkurat kledd for bushing, så eg gjekk vegen opp til Jønneberg, busha opp til toppen og jogga/gjekk nedatt. 6,7 km, 266 hm, 1 time og 25 minutt. Gjekk aleine.

Kart    

Skorve på langs

Dato:
20.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:30t
Distanse:
20,2km

Eg hadde fått med meg nokre hyttenaboar på ein tur over Skorve som dei aldri hadde gått før, og mannen min hadde tilbudt seg å hente oss i Seljord. Så vi starta frå hytta kl 1000, køyrde ned til bommen på Millionvegen ovafor Manarosdammen. Derifrå gjekk vi vegen bort til der vegen til Stav tar av. Den følgde vi opp til Nedre Stav, Kvislin og Øvre Stav. Så var det inn på stig som vi følgde til Damtjønn der vi tok ein liten pause. Vidare opp til Bøkretjønn og Brudgomskardet. Vi gjekk ikkje opp til trigpunktet på Hestenutan, men tok heller av bort til flyvraket der vi åt nistemat. Vi hadde brukt 3,5 time opp hit i svært roleg tempo. (Tempoet var vilkåret for å få meg med desse andre.) Frå flyvraket gjekk vi ned i dalen mellom Hestenutan og Nordnibba, vi kryssa dalen på >>>

Kart    

Rust i varmen

Dato:
16.07.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
6,0km

Køyrde til Valedammen og gjekk jamnt men roleg oppover. Varmt i bakkane oppover, men fin lufting då eg kom over tregrensa. Sat bitt på toppen, og gjekk ned same vegen. Stoppa hos Olav på Skor og fekk litt kaldt vatn. Deilig! 6 km, 468 hm, 2 timar og 20 min inkludert pausen på Skor. Brukte 58 minutt opp, det er 14 minutt saktare enn rekorden min. Trur ikkje eg kunne har gått så veldig mykje raskare i varmen. Gjekk aleine.

Kart    

Med kajakk til Hovden

Dato:
15.07.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:26t
Distanse:
3,6km

Vi køyrde til Varland, der sette vi ut kajakkane på blikkstille fløyelsvatn og padla over til Hovden. Biltermometeret viste 26 grader. Tom fiska litt vidare, medan eg eg gjekk opp på øytoppen, og så møttes vi på turisthytta til kvar vår solo og bolle. Var innom kyrkja og kyrkjegarden før vi padla tilbake. Då var det litt meir lufting og overflata var ikkje like blank. Fotturen var på 3,6 km, 112 hm og tok 1 time og 24 minutt inkluder god pause på verandaen til turisthytta.

Kart    

Hesttjennknuten

Dato:
07.07.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,7km

Aleine på hytta i ok vær, men ikkje varmt badevær. Så tok ein tur til Kil i Sannidal og gjekk turen frå Torsdal til Hestkjennknuten. Grei stig heile vegen, sjølv om knebukser og bare legger kanskje ikkje var heilt ideelt med tanke på flåtten. Gjekk over beina fleire gonger, og har ikkje funne nokre småkryp - enno! Fin topp med utsyn, litt merkeleg byggverk, eit tårn med takterrasse! Tjønna under toppen var nydeleg, nøkkeroser og berg freista litt til bad, men det blei ikkje noko denne gongen. I staden køyrde eg ei lita utflukt til Sannidal kyrkje der eg har forfedre på kyrkjegarden og med anna tilknyting til kyrkja. Fin tur. 5,7 km, 203 hm, 1,5 time på tur. Gjekk aleine.

Kart