Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Nr 50

Dato:
30.06.2012

Topp nr 50 blei Aremark. Passa fint, for dette er hjartekommunen til mannen etter mange fine besøk hos besteforeldre. Frå Oslo køyrde vi til Ørje, så sørover. Tok av mot Bjørkebekk, parkerte ved Remme, der det gåtefullt stod parkering forbudt. Men, men, bilen stod der greitt når vi kom tilbake. Vi sykla sørover med hunden springende laus ved sida. La syklane frå oss ved ruinane etter Søre Stangebråten. utruleg fine gamle eiketre langs vegen der. Gjekk rett opp lia, og fann høgaste punktet med GPS. Ikkje akkurat der den største varden var. Såg hoggorm i ein kveil på eitt av dei flate berga. Møtte to syklister. Heldt fram mot Halden og sjukebesøk der. Tom og Uncas var med.

Kart    

Sykkel og føtter til Eldåhøgda

Dato:
28.06.2012

Starta på Nordseter med fire personar, to syklar og to bilar og ein hund. Sette frå oss ein bil i Lillehammer og køyrde nordover. O-løparen Eirik i baksetet orienterte osstil Vesleseter frå Tretten, men terrenget stemte ikkje med kartet, det mangla 100 meter veg! Så ned til E6 att og den rette avkøyringa til Tomsbu?? Eirik og eg sykla 3,5 km til Storevarden pga defekte føtter og knær før vi byrja å gå. Rast i sola bak den eine av fleire mura leveggar. Veldig ivrige murentusiastar har sett sitt preg på toppen. Flott kveldssol og ganske flatt vidde-aktig terreng. Ny sykkeletappe ned att. Eg greidde meg heilt til siste kneika, då for eg over styret. Blått kne. Frå bilen såg vi hare og elgkalv på vegen ned. Tom, Anne, Eirik og Uncas var med.

Kart    

Kosetur på veg til Nordseter

Dato:
27.06.2012
Kart    

Kultur- og naturreise Levanger og Frosta

Dato:
24.06.2012

Køyrde eigentleg flyttelass mellom Oslo og Mo i Rana, men tok nedturen over to dagar og overnatta i Levanger. Starta med pen køyretur opp til Skallhytta, så kvikk tur opp til Hårskallen med flott utsyn over "heile" Trøndelag. Støpt varde i sement var litt kipt, men stigen var jo reine autostradaen. Deretter avstikkar til ruinen ved Munkeby. Så Frosta og Storheia. Nydeleg eng ved Fjellplassen. Supert rundskue oppe ved vardane. Gjekk eit torever over Fosen, men eg hadde flott vêr. Så tingstaden ved Logtun og mellomalderkyrkja. Dinest klosterruinen på Tautra. Og så var det 65 mil heim. Over 2000 km køyrd, men hovudinntrykket er at Noreg er underskjønt, og at Nordland i supert vêr vanskeleg kan matchast. Hadde ikkje tid til langtur der oppe, men Innherred fekk eg og mykje >>>

Kart    

Draumedag på draumetopp

Dato:
02.06.2012

Litt på impuls køyrde eg frå hytta til Skafsåheii laurda kl 1200. Nesten to timar, men Telemark var på sitt vakraste, så det var heilt greitt. Køyrde forbi Hallbjønnsekken, og parkerte på ein p-plass til venstre ved elva før eg kom til det lange smale vatnet. Har gløymt namnet. Møtte to som slepte ut sauene sine på beite for sommaren. Hyggjeleg folk, og dei instruerte meg greitt: følg vegen/stigen opp til kraftlinja, så stigen til den vesle trappa der det ligg ei hytte til venstre, til høgre viser eit lite skilt til Kuskardet. Hald til høgre for fossen oppover og gå inn dalen og ta fatt på klatringa opp til venstre FØR du kjem til det litt større vatnet. Det ligg eit lite vatn meg ein gong ein kjem opp skardet, men ein held opp til venstre ETTER det. Ganske mykje snø på >>>

Kart