Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Furufjell

Dato:
20.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:51t
Distanse:
6,1km

Pinse i Langlim med sommartemperaturar. Kosetur opp og ned til Furufjell, Tom gjekk raskt, eg heldt følgje med gamle Uncas og Marit. Deilig å gå på barmark igjen.

Kart    

Hægefjell pinseaften

Dato:
19.05.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:06t
Distanse:
11,3km

Nydeleg dag! Køyrde frå hytta til Fjonesundet. Rakk akkurat ferga over og så inn bomvegen til klatreleiren. Mange bilar og telt, og fleire klatrarar oppe i det blanke berget. Vi gjekk inn vegen, tok av stigen mot Hægefjell og følgde den til topps. Fleire folk ute på tur. Vi rasta lenge på toppen, og eg gjekk ut mot stupet mot søraust, der torde eg plutseleg ikkje gå ut på stupet og titte ned! Var aleine og visste kva slags avgrunn som venta meg. Irrasjonelt. Turen ned og heim gjekk greitt. Vi rakk akkurat fem-ferga. Deilig start på sommarturane! Tom og Marit var med.

Kart    

Forollhogna

Dato:
05.05.2018
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
9:30t
Distanse:
40,0km

Kart