Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (417)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (112)
- Fjellskitur (79)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Kikuttoppen
- Dato:
- 18.02.2025
- Turtype:
- Langrennstur
- Turlengde:
- 5:57t
- Distanse:
- 43,5km
Nydeleg februardag. Tenkte primært å gå til Kikut, men etter lunsjpause der, var eg så pigg at eg gjekk vidare nordover. Eg snudde før dei siste nedoverbakkane før Sandungseidet, men brå bestemte meg for å ta ein tur oppom Kikuttoppen i den nydelege ettermiddagssola. Som tenkt, så gjort. Turen opp gjekk heilt fint, men løypa ned til Fyllingen var eit feil val, store hol, issvollar og steinhardt. Etter ein forsiktig start med skia på nedover, tok eg rett og slett skia av og tok nedturen på føtene. Det var heilt rett, det var rett og slett ikkje skiføre ned denne kleiva i dag. Frå Fyllingen gjekk eg over isen, så Glåmene til Kobberhaugen og ned via Lørenseter til Sognsvann. 43,5 km, 966 hm, 5 t og 53 minutt. Gjekk aleine.
Første Rust-tur i år
- Dato:
- 12.02.2025
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 4:30t
- Distanse:
- 21,5km
Aleineveke på hytta i kaldt, klart og vindstille vær. Ligg ganske bra an med skikilometrane mine denne sesongen, men har berre brukt fjellskia éin gong før. Så det blei Rust denne perfekte dagen. Starta i minus 13, men det blei litt varmare etter kvart. Gjekk over Valetjønn, Skorsvegen til Vadet, opp Bratsberg til Gåsevatn, så opp til dalen frå Skavlen og opp til toppen. Nesten vindstille på toppen også! Drog ned vestover om Hovdestsul og Gryteåi. Gjevar heim. 21,5 km, 618 hm, var borte i 4,5 timar inkl rast.
Barfrosttur til Rust
- Dato:
- 23.11.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 5,9km
Køyrde til Valedammen og gjekk derifrå. Tre av oss hadde betre kondis enn den fjerde, så vi la inn ganske mange pauser. Men alle kom opp på barfrosten. Vind og surt på toppen, men sol og nydeleg utsyn. 5,9 km, 499 hm. 2 timar netto gåtur. Èin time til inkludert pausene.
Furufjell på beina
- Dato:
- 22.11.2024
- Turlengde:
- 1:45t
- Distanse:
- 5,2km
Nydeleg tur i kald vær og barfrost. Gjekk vanleg Stig opp og ned, tynt snø/rimdekke gjorde det litt lumskt der det var is under, men var forsiktig. Minus 12 då eg starta, med vind på toppen blei det ganske surt. Men nydeleg! Gjekk 1 time og 34 minutt. 345 hm, 5,2 km. Stakk innom E og A på heimveg; dei hadde hyttekontor i dag. Aleinetur.
Vettakollen i låg novembersol
- Dato:
- 18.11.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:44t
- Distanse:
- 9,5km
Gravtjernåsen - første av to Bergsbygda
- Dato:
- 05.11.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:46t
- Distanse:
- 3,6km