Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Øyungskollen igjen

Dato:
20.11.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:51t
Distanse:
6,8km

Kart    

Gampen i vått terreng

Dato:
06.11.2022
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,3km

Køyrde over Sollihøgda til Skaret og vende nesa mot Sylling. Parkerte ved bommen og gjekk opp til Toverudsætra. Mykje vatn som fossa ned lisidene. Tett skodde dessutan. Ved Soterud skar eg ppp til venstre der det var teikna inn stig på kartet. Ikkje noko sjakktrekk, for rotvelter og sti/vegfar som kom og gjekk gjorde ar eg var mykje ute i bushen. Og den bushen var våt! Klora meg til slutt opp vestsida av Gampen, og gjekk først på bålplass og så tre-fire Steinar over ein bolt i berget. Men ut-appen hadde ikkje toppunktet markert akkurat der, så eg virra rundt frå småhøgde til småhøgde oppe på platået der. Fann ikkje betre toppkandidat enn der bolten var. Følgde stig sudaustover, og kom ned på god traktorveg som endte opp nede ved Latinersteinen i Butterudbotn. God veg vidare. >>>

Kart    

Kvikk tur til Veitåsen

Dato:
30.10.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:25t
Distanse:
2,0km

Liten sving oppom denne toppen i halvskumring før eg tok fatt på turen heim til Oslo. Ikkje stort å melde, møtte uventa nok to turorienterarar. 2 km, 25 min, 82 hm. Gjekk aleine.

Kart    

Liten tur frå Langangen

Dato:
29.10.2022
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:51t
Distanse:
3,3km

Har hangla i tre veker, men fann ut at eg orka ein liten Telemarks-topp på veg til Stathelle. Parkerte ved skolen og gjekk roleg opp og ned. 15 grader i lufta, strålande sol og haustfargar. 3,25 km, 142 hm, 51 minutt. Gjekk aleine.

Kart    

Jønnardalsfjellet i gråvær

Dato:
23.10.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:36t
Distanse:
6,5km

Liten tur frå hytta. Starta i lett yr, blei betre etter kvart. Møtte Tom ved Stemmen på veg ned. Gjekk ein sving saman til Stubbåi og hytta av Sveinung. 6,5 km, 1 t 38, 256 hm.

Kart    

Fin hausttur til Piknatten

Dato:
22.10.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:27t
Distanse:
5,8km

Flott tur på mange plan. Vi hadde tenkt å gå frå Lien sidan vegen står markert som bomveg på kartet, men den var open og bar ikkje preg av å vere stengt nokon gong. Det fekk vi stadfest då vi møtte folk oppe på Storstaul. Nydeleg velstelt og veldrive stølsområde. Dei har dyr her om sommaren, og i dag var heile storfamilien i gang ned diverse arbeid. Vi snakka lenge med ei dame på min alder, og ganske raskt innsåg vi at vi har møttest før - på tur i Mælefjell. Veldig turglad kårkone på gard i Flatdal. Vi fekk tips om trase, og gjekk heilt greitt opp til Piggnatten, som den lokalkjende grunneigaren kallar Piknatten. Vi spiste niste på toppen og hadde fint utsyn til kjende fjell med den første snøen på. Så gjekk vi bratt ned ufsene til Klælaustjønni, og vidare ned til >>>

Kart    

Solliknuden

Dato:
25.09.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:25t
Distanse:
9,2km

Køyrde til Lnden leirstad, måtte snu og køyre inn vegen mot Solli. Der parkerte eg ved kjettingen, og Fjellvegen heilt inn og opp til Solli. Der gjekk eg inn nak bruket til venstre, men mista stigen ganske fort før eg fann den att lenger oppe. Høgdemetrane frå Solli og opp til toppen var ganske konsentrerte. Følgde vardar til toppen. Fin temperatur, men overskya. Ikkje vind, men snudde etter å ha skrive meg inn i boka. Åt ein kvikklunsj medan eg gjekk nedover, tenkte på dn lange bilturen tilbake til Oslo. Brukte 1 time og 15 minutt opp, 1 time og 5 tilbake. 9,2 km, 520 hm. Gjekk aleine og møtte ingen.

Kart    

Vinjakula - var flott!

Dato:
24.09.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:53t
Distanse:
10,9km

For ein super dag! Køyrde opp til parkeringa på toppen av vegen mot Maudal. Starta å gå ved 10-tida. Følgde merka stig. Ordentleg bratt første kilometer. Tok igjen eit ungt par oppe ved telemasta, det måtte av med yttertøy. Omtrent her slapp morgontåka taket, og resten av dagen var berre så blank og flott som berre ein haustdag kan vere. Det var litt krevjande underlag, vått og søylute eller steinete stig, tidvis ordentleg bratt. Det siste strekket før ura som markerte toppstøtet var fint å gå på svaberg. Toppen var rett og slett underskjønn i klart vær med tørre svaberg. Åt niste og drakk vatn på toppen. Var oppe på knappe to timar og brukte fem minutt mindre på tilbaketuren. Måtte passe veldig på i sleipe bratte nedoverbakkar, så det var ikkje mykje raskare å hå >>>

Kart    

Andre kule i dag: Store Skykula

Dato:
24.09.2022
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:44t
Distanse:
11,0km

Dagens andre: var litt spent på om eg orka ein tur til etter Vinjakula, men vurderte turen på veg til Stora Skykula som eit relativt overkommeleg alternativ. Starta ca kl 1600, gjekk så raskt eg greidde oppover, var oppe på 58 minutt. Var bortom både den fine varden og den militære installasjonen, litt usikker på kva punkt var høgast. Jogga heile vegen nedatt, veldig godt nøgd med gjennomføringa. 11 km, 1 t 43 min, 421 hm. Stadig aleine.

Kart    

Kveldstur etter jobb - Brusaknuten

Dato:
23.09.2022
Turlengde:
1:31t
Distanse:
6,1km

Leverte kollegaer på Sola etter ferdig styremøte. Var oppom Sola ruinkyrkje, før eg køyrde vidare og til slutt fann eg startpunktet ved Mellomstrand. Gjekk oppover i veldig vått terreng etter høljregnet sist natt. Såg ein joggar på avstand framfor meg, elles ingen. Flott kveldssol og noko vind på toppen. Brukte 42 minutt opp. Surra ned i skråninga over tuer, stein og ståltrådgjerdet, og lurte litt på om det utviska skiltet markerte Hås høgaste, men konkluderte at det var det. Tok den alternative traseen markert på ut.no ned same veg. Denne var betre! 6,15 km, 1 t 33 min, 236 hm. Gjekk aleine.

Kart