Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Fin tur i sol og vind

Dato:
14.04.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:27t
Distanse:
11,0km

Den nestsiste på Bamble 100 m pf-lista. Vi starta ved bommen over byggjefeltet på Dørdal. Gjekk så vegen til Gonge og vidare til vi var rett sør for Tråvassåsen. Busha oppover, opp og ned fleire smånutar før vi kom til den høgaste. Ikkje bolt eller markering av noko slag. Utsynet frå nokre av fortoppane var flott. Mot nordvest såg vi snøkledde Lifjell og i sør glitrande hav. Rast med ansiktet mot sol og utsyn. Valde å gå mot nord og bratt ned til demningen i Storfiskvannet. Strevde litt med å finne kryssingspunkt over vårstor elv, men det gjekk greit rett nedanfor demningen. Følgde så vegennpå austsida av Tråvann ned til Gonge igjen. Såg gråhegre. Benjamin var med. 11 km, 331 hm, 3 t og 25 min.

Kart    

Svarteberget i sol og vind

Dato:
23.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:27t
Distanse:
7,7km

Super tur. Køyrde til Oklungen og parkerte der. Følgde blåmerkt stig til topps. Litt kronglute frå varden bort til den nordvestre toppen, men den var spektakulær med mosekledde svaberg og vidt utsyn. Sterk vind og låg sol. Same ruta tilbake, jogga ned vegen. 2 t 25 min., 408 hm, 7,74 km. Benjamin var med.

Ny tur til Vettakollen

Dato:
20.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:31t
Distanse:
9,1km
Kart    

Vettakollen som treningstur

Dato:
13.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:46t
Distanse:
10,0km

Trimtur. Gjekk rask tur heimefrå til utsikten på Vettakollen, jogga 3,5 av kilometrane tilbake. 10 km, 305 hm, 1 t og 47 minutt. Gjekk aleine.

Kart    

Formiddagstur til Høgenhei

Dato:
08.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
4,3km

Prøvde å gå raskt i motbakkane. Kom dessverre ikkje over skodda. Såg to nøtteskriker. 4.26 km, 184 hm, 58 min. Gjekk aleine.

Kart    

Årdalsåsen

Dato:
07.11.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:33t
Distanse:
4,2km

Vi gjekk frå Lunde i Bjørkedalen, men valde å ikkje følgje skiltet i første stigkrysd som viste til Årdalsåsen! Vi fekk det for iss at venstre stig var betre. Det var den ikkje! Skikkeleg tåpeleg vegval med bushing gjennom kratt, myr og ufs. Kjempevått i terrenget. Men då vi til slutt kom inn på stig, var jo toppen heilt super med utsyn i tre retningar. Under iss låg fjordyåka og i nord var Lifjell kvitkledd. Følgde stigen nedatt. 4,16 km, 217 hm, 1 t 35 minutt. Benjamin var med.

Kart    

Vettakollen

Dato:
27.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:09t
Distanse:
6,5km

Køyrde til Trafoen etter å ha vore siste gong på jobb. Gjekk til topps så fort eg greidde med kontroll på pulsen. Gjekk og jogga tilbake. 6,5 km, 234 hm, 1 time og 9 minutt. Gjekk aleine.

Kart    

Liten kosetur til Siljannibba

Dato:
23.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
2,8km

Køyrde til Norddal, gjekk grisute traktorveg oppover. Dei heldt på med tømmerhogst. Fann toppen greitt, og den var kjempefin! Stussa over ein murt trase på veg opp mot toppen, og var imponerte over eit par kjempestore flyttblokker rett under toppen. Toppunktet var herleg med stupbratte berg, eik-og furutrær, og fantastisk flott utsikt utover Bjørkedalen. Vi gjekk litt rundt frå berg til berg, og stussa også over den fjøslykta nokon hadde hengt i ein busk på det eine berget. 2,80 km, 178 hm, 1 t og 24 minutt inkludert pause på toppen. Benjamin var med.

Kart    

Liten tur nr 2 til Lundås

Dato:
22.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,6km

Følgde Sirohos turrapport, veldig kjekt å få tips om parkering og startpunkt slik at ein slepp å gå utan stig i bratt terreng. Rota likevel litt i starten, men tok meg inntatt og kom innpå stigen litt høgare oppe. Kjedeleg toppunkt, m3n utsikt fra platået der dei har bygd ei rastehytte med bålplass. 1,55 km, 87 hm, 31 minutt opp og ned. Stadig aleine.

Kart    

Østerholtnatten

Dato:
22.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
4,4km

På veg mellom Seljord og Stathelle stoppa eg på Svenseid etter å ha sett meg ut to små toppar som kunne passe for eit stopp på vegen. Parkerte på anvist p-plass, og gjekk fantastisk fin skogsveg og stig til toppen. Såg tre jegarar på post, men fekk ikkje kjeft, det var nede ikkje langt frå vegen dei sat. Etter toppunktet gjekk eg bort dor å sjekk utsikten som var flott! Bed same vegen. Lurar på kvifor den flott murte vegen er laga? Kanskje til noko steinbrotgreier? 4,35 km, 286 hm, brukte 1 Tim og 15 min t/r. Gjekk aleine.

Kart