Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Araseto

Dato:
31.07.2017
Distanse:
2,5km

Koseleg tur mellom 2030 og 2130 etter at båten frå Haugesund slepte oss av og vi rigga oss til i Torleiv Vestres utruleg fine utleiehytte ved hamna. 800 kr for super hytte med to soverom, seks sengeplassar og elles perfekt utstyrt med alt vi trengte inkludert sengetøy: anbefalast! Vi gjekk vegen opp til fyret og fekk flott kveldshimmel og vidt utsyn der oppe. 50 minutt, 3 km. 70 hm. Tom og Uncas var med.

Kart    

Dyrafjellet

Dato:
31.07.2017
Distanse:
0,7km

Etter å ha vore turistar på Avaldsnes, skulle vi raspe med oss denne toppen før båten gjekk til Utsira. Håplaus såkalla tur. Fann ikkje nokon stig ved dei bustadhusa som låg nærast toppen, så vi busha oppover i klissvåt lyng og holute myr. Datt tre gonger og var komplett tøysevåt då vi kom ned ein slags stig som endte i eit piggtrådgjerde. Einast formildande omstende var at sjølve toppunktet var OK med fin utsikt. 20 minutt. 800 meter. Kanskje 50 hm? Tom og Uncas var med.

Kart    

Klauv på våt sti

Dato:
31.07.2017
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
2,3km

Køyrde frå hytta over Haukeli og til Haugesund. Før det køyrde vi til den vesle parkeringsplassen under Klauv og gjekk raskt opp og ned. Gjennomblaut stig etter kraftige regnskyll tidlegare på dagen, men vi gjekk i sol og vind. 50 minutt. 2,3 km. 213 hm. Tom og Uncas var med.

Kart    

Rust

Dato:
30.07.2017
Distanse:
5,8km

Kart    

Furufjell

Dato:
29.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,6km

Kart    

Rust

Dato:
28.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,7km

Rask føremiddagssendinga til Rust for å få i gang pusten. Møtte litt slekt på Skor. Gjekk aleine, men Uncas var ned!

Kart    

Ramåsmyrnuten

Dato:
25.07.2017
Turlengde:
5:15t
Distanse:
14,0km

Første ordentlige turen i Langlim denne sommaren. Gjekk frå brua i Stubbåi, til Busanden, Ramåsmyran, Myklevatn, Ramåsmyrnuten, Skomestauljuvet, Fjåbekknog Busanden og heim. Møtte ikkje folk. Men rjupepar med ungar, røy med ungar, hoggorm, ein annan storfugl som flaug opp, og sist og verst, eit jordvepsebol. Drog på meg fem-seks stikk. 14 km. 5 timar og 14 minutt. Uncas var med, men var utruleg støl og sliten etterpå. Han har artrose i buhundledda sine dessverre.

Kart    

Med foreldre til Falkenuten

Dato:
23.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
3,0km

For foreldre på snart 85 gjeld det å finne turar som gjev mestring. Turen frå Kråmvikvegen til Falkenuten er blitt ein favoritt for småbarnsfamiliar, pensjonistar i høg alder og elles ikkje-turvande. Sherpalagd stig er imponerande flott. Har ikkje gått der før, tre km tur-retur har liksom ikkje vore noko å dra til Rauland for! Men flott tur som passa supert for dei gamle, moro å oppleve deira meistring! Pappa, mamma, Erling, Tom, Uncas og eg gjekk.

Kart    

Hestgrovheia i vind og ver

Dato:
12.07.2017
Turlengde:
1:36t
Distanse:
6,5km

</gallery> <gallery> Kom frå ferga på Andenes, og navigerte meg opp i Solemsdalen. Køyrde for langt, var sjølvsagt utan kart, og misforstod eit par av turrapportane. Så eg rota litt før eg kom i gang. Parkerte i vegdelet der det står pil med Vester varden. Gjekk så traktorvegen opp til der det står skilt med Steinbrudd, ein kunne kanskje køyre heilt opp her med eigna bil. Følgde skiltet det stod gamle sti på eller noko sånt. Det var grått, med ganske kraftig vind. Eg gjekk på det eg orka. Såg vel skuggen min ein gong, men toppen låg i skyer, og det var ikkje noko særleg sikt på noko tidspunkt. Skiltet ved toppvarden gjorde eit nummer av at ein herifra "ser alt", men det galdt ikkje for meg i kveld. Veldig godt merkt stig etter at ein hadde gjort unna den >>>

Kart    

Osplikammen i gjørme

Dato:
12.07.2017
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Ausregn heile den lange vegen frå Vikna til Austrått i dag. Men då eg svingte inn på parkeringsplassen ved Vindset, var det opphaldsver, nesten sol! Men fordi himmelen elles var mørk, tok eg på meg fullt regnhyr. Det var bra, for eg fekk i alle fall tre regnbyger på turen. Dessverre litt dårleg sikt på toppen. Men hovudinntrykket var utruleg gjørmute stig! Etter to dagar med regn, var det verkeleg eit strev å halde meg ute av søyla! Brukte 1 time og 13 minutt på 4,2 km. 278 hm. Gjekk aleine. Fortsatte til Austrått der eg ikkje rakk opningstidene, det stengte kl 1600. Men vandra då rundt borga. Inn i fergekøen ved Brekstad etterpå.

Kart