Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (417)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Kveldstur til Høgafjellet
- Dato:
- 22.07.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:02t
- Distanse:
- 11,5km
Køyrde frå regn i Langlim til sol på Vestlandet. Brukte vel dryge 6 timar til Osterøy. Parkerte ved Blomvågsleitet. Flytta saker over i ryggsekk og gjekk den knappe kilometeren inn til Træet, der eg fann ei seng i andre høgda og plasserte sekk og sovepose der. Så åt eg ei niste før eg bestemte meg for å bruke den lyse kvelden og gå til toppen med èin gong. Gjekk den historiske stabbesteinvegen opp til Hesjedal. Følgde der svak og svært våt stig opp dalen. Då eg kom opp til dalbotnen/kvæven, kryssa eg bekken og ei myr før eg klorte meg opp langs èin liten foss til bratt lyngbakke som eg forserte. Over brinken så eg èin varde opp til venstre, men skjønte raskt at eg hadde eit godt stykke att til toppen. Måtte opp over fleire luretoppar før eg kom til topps etter 2 timar >>>
Hovdås
- Dato:
- 21.07.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:58t
- Distanse:
- 1,8km
Liten ekstratur. Busha rett opp. Tulla med retningen ned igjen - igjen! Men heldig likevel, for traff på to dvergfalk som kommuniserte lenge. Såg begge tydeleg, både sitjande og i flukt. Merlin hjalp meg å identifisere på lyden. 1,8 km, 143 hm, 58 minutt. Gjekk aleine.
Sosåshovet
- Dato:
- 21.07.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:23t
- Distanse:
- 4,1km
Gjekk frå Trovatn, vegen først og så opp èin hogstveg. Så busha eg resten. Litt utsyn. Sidan eg med dette registrerer ei førstebestigning på Pb, la eg èin stein på det GPS-en meiner er høgaste punktet. Mista retninga då eg busha nedatt, så nedturen blei litt lengre. Men dermed traff eg på ei lavskrike og fekk sett Sosåstjønni, så er godt nøgd.
4,05 km, 1 t 22 min og 149 hm. Gjekk aleine.
Ringdalsnuten frå sør
- Dato:
- 20.07.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:07t
- Distanse:
- 13,2km
Køyrde så langt eg kom i retning Verkhus og Smørli. Gjekk vegen inn til Smørli der eg fekk følge av heile geiteflokken frå Lega. Så følgde eg gamal, delvis gjengrodd stig til Nedre Lega, Midtre Lega og litt vest for Øvre Lega. Derifrå gjekk eg bratt opp til venstre på massivet til Ringdalsnuten. Tidvis så bratt i lyngen at eg måtte krabbe på hender og knær. Nedover trefte eg ein betre stig - i alle fall første stykket frå toppen. Så gjekk eg fjellet innover, ein luretopp med varde dekte for den eigenlege toppen. Gjekk aust for luretoppen inn, men gjekk vestafor tilbake. Det var betre. Same veg tilbake. Nydeleg terreng, geiter, sau og folk på Midt- Lega, elles lite liv. Såg èin steinskvett og heipipelerke. Elles har vinden (Hans?) herja fælt, usedvanleg mange store rotvelter.
Gjekk >>>
Første Rusttur i sommar
- Dato:
- 18.07.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:52t
- Distanse:
- 7,1km
Køyrde til Valedammen og gjekk opp KåbKkan og Vierdalen til toppen. Gjekk nutane bortover og nedatt om Svartetjønn og Olsokfonni. Sjekka moltestøene undervegs; ser dårleg ut i år.
Siste 100 mpf i Bamble
- Dato:
- 01.07.2024
- Turlengde:
- 2:45t
- Distanse:
- 7,4km
Parkerte ved utfartsparkeringa ved Bamblevann. Gjekk så T-merkt stig til Svartetjern, og så til høgre for vatnet og opp skaret aust for Bambleåsen eller Bamblefjell som det stod på skilt undervegs - og som vi brukte då vi var unge. Toppunktet var berre markert med nokre steinar, ein gapahuk av stein står litt lenger fram, og der er det også noko utsyn vestover. Rett sør for toppunktet står det ei flott trollfuru som eg var bortom og sjekka ut. Tilbake same vegen. Flott vær å gå i, greitt med T-skjorte, men ikkje for varmt. Mykje småfugl, kunne krysse av to nye for året. 7,4 km, 316 hm, 2 t og 40 min. Gjekk aleine.
Strdsklev vanntårn
- Dato:
- 15.06.2024
- Turlengde:
- 0:00t
- Distanse:
- 0,2km
Hadde vore på gjenvinningsstasjonen i Pasadalen og køyrde oppom. 150 meter å gå! Brukte 4 minutt, det meste til fotografering.